Hopp til innhold

75 personar vil leige ut til flyktningar

Stavanger kommune har stor pågang frå innbyggjarar som vil leige ut bustader til flyktningar. Det kjem godt med, for kommunen skal busette nær 500 flyktningar på to år.

flyktningbåt ankommer lesvos

Mange flyktningar har kome frå Syria. No kjem det nær 500 flyktningar til Stavanger.

Foto: Andrea Sarris / YpsiTV

– Tilgangen på bustader er større, og det er også fleire som har meldt seg som ynskjer å stille bustadane sine til disposisjon, seier direktør for oppvekst og levekår i Stavanger kommune, Per Haarr.

Etter at Syria-kontoret i Stavanger opna i september har fleire hundre kontakta kommunen med eit ynskje om å hjelpe flyktningane som kjem.

Fleire har og meldt seg fordi dei ynskjer å leige ut ein bustad.

Per Haarr

Per Haarr er direktør for oppvekst og levekår i Stavanger kommune.

Foto: Erik Waage / NRK

– Så langt har 75 personar meldt seg. Dette er vanlege innbyggjarar i Stavanger kommune som har moglegheit for å kunne gjera dette, seier Haarr.

Aldri opplevd slik pågang før

Stavanger eigedom varetek huseigarrolla for Stavanger kommune. Dei arbeider no med å finne ut om bustadane innfrir dei naudsynte krava.

– Det må vera eigne bueiningar. Dei må vera godkjente og i orden. Førebels inngår me 3-årskontraktar, seier eigedomssjef Hans Erik Lundberg i Stavanger eigedom.

Han er ikkje i tvil om at eit tregt bustadmarknad i regionen, gjer at det drypper på kommunen.

– Tida har hjelpt oss på dette området. Me har faktisk pågang. Folk ringer oss og spør om me er interesserte. Og det er fyrste gong at eg har opplevd at folk kjem og tilbyr bustad, seier Lundberg.

Skal busette dobbelt så mange

At innbyggjarane sjølv ynskjer å hjelpe kommunen, kjem godt med. For i løpet av dei neste to åra skal kommunen busette dobbelt så mange flyktningar som dei elles ville ha gjort.

Dei første av dei 250 syriske kvoteflyktningane kjem rundt juletider, dei resterande kjem i løpet av 2016. I tillegg til kvoteflyktningane skal kommunen også busette 240 flyktningar frå norske mottak i løpet av to år.

– Det er krevjande å busette, og det er klart at det er utfordrande med eit slikt omfang, seier Haarr.

Han fortel at kommunen også er obs på kva andre utfordringar det store talet på flyktningar kan føre til.

– Når det kjem så mange så fort, så kan det oppstå auka sosiale spenningar i befolkninga og det må me òg vera merksame på. Men me har god erfaring og me har flinke folk, så me trur me kjem til å klare dette på ein god måte, seier Haarr.