Hopp til innhold

Står klare til å hjelpa flyktningar i Stavanger

Det er endå uvisst når og eventuelt korleis flyktningane kjem til Stavanger. Men når det skjer står veldig mange klare til å hjelpa.

Flyktningemøte i Stavanger

FULL SAL: Bystyresalen i Stavanger var full tysdag kveld.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Tysdag kveld var bystyresalen i Stavanger full av frivillige lag og organisasjonar som vil hjelpa i det det kjem syriske flyktningar til Stavanger.

Bjørg Tysdal Moe

– BRA AT FOLK ER ENGASJERTE: Bjørg Tysdal Moe (KrF), varaordførar i Stavanger.

Foto: NRK

– Det er eit stort engasjement rundt dette, seier Bjørg Tysdal Moe (KrF), varaordførar i Stavanger.

250 ekstra

Hittil i år er det kome 18.000 flyktningar til Noreg. Stavanger står klare til å ta i mot 250 flyktningar frå Syria, i tillegg til 120 som er den ordinære kvoten, fortel Tysdal Moe. Stavanger idrettshall har blitt lansert som ei kriseløysing der dei kan busetja flyktningar, men Tysdal Moe trur ikkje det blir naudsynt.

– Førebels ser det ut til at me skal greia det med ordinære bustader, men det er bra at kreativiteten er der og at folk vil ta i mot, seier ho.

Ola Skuterud

– DEI MÅ FØLA SEG VELKOMNE: Ola Skuterud i Røde Kors.

Foto: Erik Waage / NRK

Ola Skuterud, hjelpearbeidar i Røde Kors, var også til stades i bystyresalen tysdag. Han er glad for at det truleg kan løysast utan bruk av idrettshallen.

– Dei treng først og fremst å føla at dei kjem til ein trygg stad. Dei må ikkje føla at me set opp ein usynleg mur mellom oss og dei. Me må vera opne og me må ta kontakt dei. Dei har reist frå alt og vore på flukt lenge, så dei må få føla at dei er kome til ein stad der dei er velkomne, seier han.

Verden står overfor den største flyktningkrisen siden andre verdenskrig. Og det er fortsatt uvisst når og hvordan flyktningene kommer til Stavanger. Når det skjer, ber beredskapssjefen folk om å være rause.

SJÅ VIDEO: Her kan flyktningane bli busette dersom kommunen ikkje klarer å finna nok ordinære bustader.

Idrettshallen ligg inne i planane

Torstein Nielsen

GÅR GOD FOR IDRETTSHALLEN: Torstein Nielsen, beredskapssjef i Stavanger.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Men dersom idrettshallen likevel blir aktuell, er det ei løysing som er god nok i ein ekstraordinær situasjon, meiner kommunen.

– Den kan delast opp i seksjonar og det er den idrettshallen som ligg inne som primærbruk i våre beredskapsplanar, seier Torstein Nielsen, beredskapssjef i Stavanger.

Odd Einar Olsen

– BRA AT ME IMPROVISERER: Forskar Odd Einar Olsen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg tykkjer det er bra at me no improviserer som berre juling, seier Odd Einar Olsen, professor i samfunnstryggleik.

Han har fleire gonger jobba i kriseområde rundt om i verda, og han veit kva utfordringar som kan oppstå.

– Mat, helse og den typen ting. Men skulegang til ungane, det må skje veldig fort og at dei vaksne kan få noko meiningsfullt å gjera i det norske samfunnet.