Hopp til innhold

Han var den første som møtte opp på nytt Syria-senter

Stavanger kommune har nå opna sitt nye Syria-senter. Her registrerer dei alle som vil hjelpa kommunen med å ta imot 250 syriske flyktningar.

Stavanger kommune åpnet eget senter for alle som ønsker å hjelpe flyktningene fra Syria.

I dag opna syriasenteret i Stavanger sentrum. Ove Storland (i midten) var den første som melde at dei ville hjelpa til. Til venstre er ordførar Christine Sagen Helgø (H) og til høgre er varaordførar Bjørg Tysdal Moe (KrF).

– Før opninga har me fått inn digitale førespurnader frå 40 personar som gjerne vil bidra. To av desse har sagt at dei kan leiga ut bustad til flyktningane, seier ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, til NRK like før det nye Syria-senteret i sentrum av byen opna klokka ni i dag.

Det var i ein pressekonferanse i går at fleirtalspartia presenterte at Stavanger kommune set i gang arbeidet med å ta imot flyktningar, sjølv om finansieringsspørsmålet framleis ikkje er avklart med staten.

Politikarane opnar opp for at private kan bidra med den hjelpa dei ønsker, desse kan melda seg på kommunen sine nettsider, eller møta opp på senteret på Domkirkeplassen. Dei aller fleste som så langt har registrert seg ønsker å hjelpa til med klede, utstyr og som fadderfamilie.

Stiller seg sjølv til disposisjon

To personar stod allereie klar utanfor Norges Bank-bygget då senteret opna i dag. Ein av desse var Arild Jacobsen.

Han er nå pensjonist, men har tidlegare jobba med folk i naud i Kirkens naudhjelp.

– Eg kom tidleg for eg trudde det skulle vera lang kø, men det var det jo ikkje, seier han.

Nå har han stilt seg til disposisjon for kommunen.

– Dei kan bruka meg til kva dei vil, eg ønsker berre å hjelpa dei syriske flyktningane så godt eg kan. Det kan vera at dei vil bruka meg innan administrasjon eller som fadder, me får sjå, seier han.

Arild Jacobsen

Arild Jacobsen var ein av dei første som møtte opp då det nye syriasenteret opna i Stavanger.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Vil ha senteret i minst to veker

– Det er eit engasjement, det har me allereie sett på nett, og her på senteret blir det nok eit jamt tilsig av folk, men det kan ta litt tid før senteret blir kjent for folk flest, seier Sagen Helgø.

Derfor vil senteret i alle fall vil ha ei levetid på to veker. Etter dette vil ein vurdera om ein like gjerne kan la folk registrera seg på rådhuset.

– Eg vil rosa administrasjonen i kommunen og Røde Kors som har snudd seg rundt og oppretta dette senteret på så kort varsel, seier ho.