Sjølv om
, står det dårlegare til i kommunestyra.I norske kommunar er det framleis berre fire av ti representantar som er kvinner.
– Auken dei siste 20 åra er veldig liten. Det har gått oppover, men veldig sakte, seier forskar og statsvitar Jo Saglie.
Jo Saglie.
Foto: Kyrre Lien/Institutt for samfunnsforskningHan jobbar på Senter for likestillingsforsking ved Institutt for samfunnsforsking
I 2003 var det om lag 35 prosent kvinner i norske kommunestyre. I 2019, sist gong det var lokalval, hadde talet stige til ørlite over 40 prosent.
To prosentpoeng på elleve år
Sidan 2011, då
, har det gått opp to prosentpoeng frå 38 prosent.Det vil Senterkvinnene i Rogaland gjere noko med. Saman med fleire andre parti har dei starta ein kampanje på sosiale medium der kvinner som allereie er i politikken oppfordrar andre kvinner til å seie ja til å stå på politiske lister.
Så langt har landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp), partileiar Une Bastholm (MDG) og tidlegare
komme med oppfordringa.Marte W. Nesheim, leiar i Senterkvinnene i Rogaland.
Foto: Privat– Vi veit jo ikkje om dette har noko å seie, men vi trur i alle fall ikkje at det blir verre, seier Marte W. Nesheim, leiar i Senterkvinnene i Rogaland.
Det er ikkje tilfeldig at initiativet dukka opp akkurat i det fylket. Rogaland er eit av fylka kor kvinneprosenten i kommunestyre samanlagd er lågast.
Personstemmene senkar kvinneprosenten
– Viss det berre hadde vore partia sine lister som avgjorde, hadde det vore 44,6 prosent kvinner i kommunestyra, seier Saglie.
Veljarane kan nemleg gi personstemmer når dei stemmer. Anten ved å setje eit kryss ved ein kandidat, eller ved å skrive namnet på ein kandidat frå eit anna parti på lista ein puttar i valurna.
– Vi har ikkje nokon grunn til å tru at veljarane har eit bevisst ønske om menn framfor kvinner. Men det kan vere at mange stemmer på folk som har ein synleg posisjon i kommunen eller lokalsamfunnet. Det er oftare menn enn kvinner, seier Saglie.
Forskjellane mellom fylke og kommunar kan ha med fleire ting å gjere, ifølgje han. I små kommunar med få kommunestyrerepresentantar kan det vere vanskelegare å få til ei lik fordeling. Det kan også vere regionale forskjellar.
– Det kan vere område som har ein mindre likestilt kultur, seier han.
Fleire ordførarar og kvinner i formannskap
Men noko som har skjedd, er at vi har fått fleire kvinnelege ordførarar. I 1995 var fordelinga til dømes 16 prosent kvinner og 84 prosent menn, men etter 2019-valet hadde kvinneprosenten auka til 35 prosent.
Også i formannskapa er kvinneprosenten høgare enn i kommunestyra.
– Her seier lova at partia skal sørge for minst 40 prosent kvinner så langt det er mogleg, seier Saglie.
Og kva kvinneprosenten i formannskapa er? 44 prosent, ifølgje forskaren.
Så langt har mottakinga av kampanjen i Rogaland vore positiv, ifølgje Nesheim i Senterkvinnene. Og neste steg er å vende seg mot veljarane.
– I fasen vi er i nå, er det viktig å få kvinner til å stille på listene. Når vi nærmar oss valkamp, må oppfordringa til veljarane vere at ein må krysse av kvinner, seier ho.
Sitt neste møte har dei i september.