Hopp til innhold

Fleire kvinnelege ordførarar – men ikkje i Vestland

Ein av tre kommunar har utelukkande hatt mannlege ordførarar sidan 2003. No har trenden snudd, men ikkje i Vestland.

Loen Skylift, cruisekip ved Loen og Olden i bakgrunnen, fjell og fjorder

LOEN: Det vert fleire kvinnelege ordførarar, men ikkje på vestlandet, her ved bygda Loen i Stryn, der Per Atle Kjøllesdal (Sp) er ordførar.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

I 2018 lanserte kommunalminister Monica Mæland eit eige kommunebarometer, som mål på kvinnedelen i norsk lokalpolitikk.

Bakgrunnen var at berre ein av fire norske ordførarar er kvinner, noko Mæland omtala som «altfor dårleg i eit likestillingsland som Noreg».

Sidan har det vorte fleire kvinner med ordførarkjede.

Etter sist kommuneval viste statistikken at 35 prosent av ordførarane i landet var kvinner, som var ny norsk rekord.

Men i Vestland viser tala eit anna bilete.

Her er berre 9 av 43 ordførarar kvinner. Eller i ein enklare brøk: éin av fem.

– Verker underleg

Etter stortingsvalet blei tre vestlandsordførarar vald inn på Stortinget, deriblant Marte Mjøs Persen (Ap) i Bergen. Tidlegare varaordførar og mann, Rune Bakervik (Ap), tok over etter ho.

Frå Stad blei ordførar Alfred Bjørlo (V) vald inn, og mange trudde at andrekandidat frå same parti, Helle Frogner (47), skulle overta ordførarkjeda.

Men slik gjekk det ikkje. I staden gjekk ordførarvervet til Gunnar Silden (69).

– Det er makta som rår og det har nok vore ein tett dialog i kulissane, seier ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

Han legg til:

– For eit parti som Venstre, som er oppteke av kjønnsbalanse, verker det underleg at dei ikkje valde Helle Frogner.

NRK har vore i kontakt med Helle Frogner, som ikkje vil kommentere saka.

Ingebjørg Nilsen Stokkenes er sjefredaktør i Fjordabladet.

– Om du meiner noko med å få fleire kvinner med i politikken, så hadde Stad ein gyllen moglegheit her, seier ho.

32 prosent av norske kommunar har utelukkande hatt mannlege ordførarar sidan 2003.

Vender vi blikket frå ordførarstolane til leiarar i kommunal sektor, er kjønnsbalansen den motsette. Her er 75 prosent kvinner.

Dette omfattar barnehageleiarar, rektorar, leiarar av institusjonar, brannstasjonar, bibliotek og andre offentlege verksemder. Det viser ein oversikt hos kunnskapsbanken kbnn.no

Onsdag gjekk kvinnedelen i Vestland litt opp då Jenny Følling (Sp) vart ny ordførar i Sunnfjord, og erstatta påtroppande stortingsrepresentant Olve Grotle (H).

Alfred Bjørlo og Helle Frogner

VRAKA: Kommunestyrerepresentant Helle Frogner stod nest øvst bak avtroppande ordførar Alfred Bjørlo på partilista til Stad Venstre. Likevel fall ikkje ordførarvervet til ho.

Foto: Venstre

– Dei let sjansen gå ifrå seg

Hege Lothe var stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane.

– Kvinnerepresentasjon gjer ikkje seg sjølv. Skal ein sikre kvinnerepresentasjon, lyt ein nytte ein kvar sjanse, og nett her let Stad Venstre sjansen gå ifrå seg, seier ho til NRK.

I 2018 samla fellesnemnda for Stad kommune seg i Operahuset i Nordfjord. Blant dei inviterte var nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik.

Monica Mæland. Bak: Christian Frølich og Per Erik Gåskjenn.

BAROMETER: Dåverande kommunalminister Monica Mæland lanserte i 2018 eit kommunebarometer som viser kvinneandelen i kommunestyre og formannskap.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Målet med samlinga å få fleire kvinner inn i politikken. Blant initiativtakarane til møtet var Siri Sandvik, varaordførar i Stad og kvinnepolitisk ansvarleg for Vestland Arbeidarparti.

Etter kommune- og fylkestingsvalet i 2015 omtala ho kvinnerepresentasjonen i fylket som «ille».

Til ordførarvalet i Stad er ho meir ordknapp.

– Korleis prosessen internt i Venstre har vore kjenner eg ikkje til, og det har eg heller ikkje noko med, skriv ho i ein SMS til NRK.

Gunn Åmdal Monstad (Sp) er ordførar i Solund, «Noregs vestlegaste kommune».

– Det burde vore fleire kvinnelege ordførarar i Vestland og eg håpar dette rettar seg ved komande val, seier ho.

Erling Wåge

UNDERLEG: Ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge, meiner det verker underleg at partiet Venstre valde å ikkje velje Helle Frogner som ordførarkandidat.

Foto: Silje Guddal / NRK

Alle er menn

I førre veke vart gruppeleiar for Høgre i Kinn, Arlene Vågene, introdusert for eit større publikum etter ein mykje omtala «hending» på eit bursdagsselskap.

Ei hending som involverte ordføraren og som gjorde at det politiske samarbeidet mellom Arbeidarpartiet og Høgre kollapsa.

– Det er mange kvinner i lokalpolitikken, men få på topp, seier ho til NRK.

Ho legg til at ordførarvervet har stor signaleffekt og symbolkraft, og minner om at alle stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane er menn.

Avtroppande ordførar Alfred Bjørlo seier etterfølgjaren Silden «vil vere ein god og samlande ordførar».

– Det er ikkje mange kvinnelege ordførarar i Vestland. Kunne det ikkje vore gunstig med ei kvinne som ordførar?

– Vi har mange dyktige kvinner i Stad Venstre og vi er ein kjønnsbalansert kommune. Med valet av Gunnar Silden blir det ikkje til ein mannsdominert kommune.