Hopp til innhold

Ein mellomstor norsk by – i sauer – har forsvunne på fem år

Det blir slakta færre lam denne hausten enn sist haust. Kanskje ikkje så rart, for dei siste fem åra har det blitt over 60.000 færre sauer i Noreg. Situasjonen er snudd på hovudet frå 2017.

Sauesanking i Sirdal

I 2017 hadde Noreg over 3000 tonn saue- og lammekjøt på lager. Slik blir neppe situasjonen i 2022, sjølv om mange sauer blei henta heim frå beite i Sirdal i september.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er ikkje den lettaste jobben. Det er lettare å legge ned og få seg ein åtte til fire-jobb, seier Anne Skartveit.

Ho er sauebonde og leiar Fjellam frå Ryfylke, eit samvirke for 27 bønder som skal få lammekjøt frå fjellbeite til folk sine matbord.

Og det blir slakta mindre lam denne hausten enn vi har hatt på bordet dei siste åra. Det viser tal frå Nortura, som har litt meir enn 60 prosent av norsk kjøtproduksjon.

Anne Skartveit

Anne Skarveit, her frå då ho henta sauene sine i Røldal i haust.

Foto: Privat

Tal NRK har fått frå Animalia, som har oversyn over all norsk kjøtproduksjon, viser at det mot slutten av september var slakta 56.000 færre lam i Noreg enn på same tid året før. Nationen har også skrive om saka.

For mykje for fem år sidan

Nortura ventar meir slakt i starten av oktober, men 2022 kjem truleg til å ende med mindre lammekjøt enn tidlegare år.

Fordi det er mindre sau.

– Det er fleire som har redusert og ein del som har slutta med sau, seier Finn Avdem, fagsjef for småfe i Nortura.

Situasjonen er heilt snutt på hovudet. I 2017 hadde Noreg over 3000 tonn saue- og lammekjøt på lager. Eitt år etter var lageret framleis stort.

Så kom koronapandemien, og ingen handla i Sverige. Då blei dei norske kjøtlagera tomme.

Les også Nå er det tomt på «kjøtlageret» i Noreg

Paller med storfe på Skude fryseri

Store overskot og koronapandemi har «lært» norske forbrukarar å bruke meir lam.

Om talet på sauer vil gjere at det er mindre lammekjøt i butikkane enn folk vil kjøpe, er tidleg å seie. Avdem i Nortura er ikkje bekymra for underskot på lammekjøt, og han seier pinnekjøtproduksjonen til jul vil vere sikra.

Han er nøgd med situasjonen akkurat nå.

– Det er god marknadsbalanse nå, og vi vil gjerne at kapasiteten skal halde fram, seier han.

– Høg terskel for å begynne igjen

Skarveit vil ikkje tilbake til det ho kallar overproduksjon for fem år sidan, men seier sauen er viktig for at Noreg skal sjå ut slik vi er vane med.

– Sauene gjer ein enorm jobb med å halde skogen nede, seier ho.

Sauesanking i Sirdal

Tal frå Animalia viser at det mot slutten av september var slakta 56.000 færre lam i Noreg enn året før.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ein tener ikkje mykje pengar på å ha sau, og sauebønder har som alle andre merka at det meste blir dyrare. Viss utviklinga held fram, trur ho det kan vere vanskeleg å snu den.

– Viss du første har slutta med sau, trur eg terskelen er høg for å begynne igjen, seier ho.

Nortura ventar på si side ein auke i lammeslaktinga i starten av oktober. Slaktinga er litt forsinka samanlikna med tidlegare år. Truleg har det med beitet å gjere, ifølgje Avdem i Nortura.

Mange bønder lar lamma ete litt meir og bli litt feitare før dei blir fårikål eller lammesteik.

– I mykje utmark har det ikkje vore optimale beiteforhold. Dermed vil mange bønder sluttfore lamma litt før de leverer dei til slakt, seier han, som trur pinnekjøtproduksjonen til jul blir redda av oktoberslaktinga.

Sauesanking i Sirdal

Nortura har meir enn 60 prosent av den norske slakte- og kjøtproduksjonsmarkaden. Dei andre norske husdyra blir gjort til mat i nokre andre, større selskap og fleire mindre.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK