Hopp til innhold

Nå er det tomt på «kjøtlageret» i Noreg

Medan vi for få år sidan hadde for mykje lam, sau og svin, er det nå ikkje meir frose kjøt på lager i Noreg. For å ha nok, må vi importere.

Paller med storfe på Skude fryseri

Lager av storfekjøt på Skude fryseri på Karmøy i 2018. Den gong hadde fryseriet særs mykje på lager på grunn av stor nedslakting av storfe. Slik er det ikkje nå.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Vi har handla annleis i Noreg medan korona har prega verda. Meir gjær, kaffi til heimekontoret, fleire varer til middag frå botn og større handlekorger. Og meir kjøt frå Noreg, skal det vise seg.

Nortura, som sel kjøt, men òg regulerer marknaden for kjøt og egg i Noreg, lagar med jamne mellomrom ein prognose for kjøt- og eggsalet. I den ferskaste prognosen trur dei på «framleis høgt innanlands sal av kjøt».

Selskapet trekk fram låg grensehandel og reiserestriksjonar på grunn av korona som årsak.

Tendensen har vore lik i fleire månader. Og Nortura trur det kan halde seg slik ei god stund.

For mykje gris og sau – før

Slik har det ikkje alltid vore. Storfekjøt har det ikkje vore det store overskotet av, men Noreg hatt mengder av både sau, lam og gris. I 2019 var det til dømes 3000 tonn frose gris på lager i Noreg. Eit par år før var det meir enn 3000 tonn sau og lam.

Lammekjøtt i kjøttdisk

For berre få år sidan var det hundrevis av tonn med sau og lam på lager i Noreg, men slik er ikkje situasjonen nå.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Nå er det derimot heilt tomt på det såkalla reguleringslageret – for alt anna enn egg. Det kan nesten ikkje prognosesjefen i Nortura, Leif Sørensen, hugse sist skjedde.

– Det er lenge sidan. Ikkje sidan 2007, seier han.

«Underdekninga» i marknaden trur Nortura blir over 8000 tonn storfe, 5000 tonn gris og 300 tonn lam.

Import motverkar slunkne kjøtdiskar

Sørensen fryktar likevel ikkje tomme kjøtdiskar. Import av kjøt skjer medan du les dette, og det vil halde fram.

– Korona vil medføre eit større importbehov for særleg storfe og gris, men vi kjem til å få fatt i kjøtet vi treng, seier han.

Nortura tar imot om lag 70 prosent av alle dyr som skal bli slakta i Noreg. Dei trur likevel tala vil sjå litt annleis ut når pandemien ikkje pregar verda så mykje som nå.

– Vi reknar med at når koronaen går over, blir dette meir normalisert, seier Sørensen.

Salmonella i importert kjøt

Sist veke kom det fram tysk, altså importert kjøt, var kjelda til salmonellautbrotet i Noreg. Ein klar grunn til å ikkje importere, meiner Senterpartiet.

Geir Pollestad

Geir Pollestad, stortingsrepresentant (Sp).

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ein av grunnane til at vi ønsker norsk kjøt, er mindre bruk av antibiotika og ikkje salmonella, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad.

Han peiker også på at norsk framfor importert kjøt betyr arbeidsplassar i Noreg.

– Og vi må sjå på matforsyninga i Noreg med eit beredskapsomsyn, seier han.

Regiondirektør Karina Kaupang, Mattilsynet

Karina Kaupang, direktør for avdeling mat i Mattilsynet.

Foto: Mattsilsynet

Mattilsynet stadfester at norsk kjøt er trygt, men at meir import kan auke risikoen for smitte frå mat.

– I Noreg har vi god dyrehelse og særs låg førekomst av salmonella. I dei fleste andre land utanfor Skandinavia har ein mykje meir. Når ein tar inn kjøt frå land med fleire produksjonssjukdommar, vil det og vere høgare risiko for at dei ber med seg sjukdomsframkallande mikroorganismar, skriv Karina Kaupang, direktør for avdeling mat i Mattilsynet, til NRK.

Tilsynet peiker likevel på at ved å ha god hygiene og steike eller koke kjøt skikkeleg, er det lite sannsynleg å bli smitta av noko.