– Det skal jo ikkje ha noko å seie om kista er snikra av ein hobbysnikkar eller er ei gullforgylt kiste.
Bra for sorgarbeidet om familiane bidreg meir
Kjell Bjørka sit på fremste benk i ei av kyrkjene han har hatt mange gravferder.
Dei siste åra har presten, som gjekk av med pensjon i vår, sett ei utvikling at gravferder har blitt dyrare og at byråa tek over fleire og fleire av oppgåvene. Rekninga kjem ofte på over 40.000 kroner.
– Eg trur det kan bety så mykje at dei sørgande tek tilbake arbeidet og leiinga av ei gravferd. Det er kanskje ikkje fyrst og fremst pengane eg reagerer på, men ofte vil det vere verdifullt for familiar å vere meir aktivt med på det praktiske rundt ei gravferd, meiner Bjørka.
Gunnar Hammersmark er bransjedirektør i Virke gravferd
Foto: VirkeBransjeorganisasjonen Virke gravferd bekreftar at det har blitt dyrare, men meiner det er i tråd med den generelle prisstiginga.
– Litt avhengig av kor langt du går tilbake så har prisane for gravferd auka, som andre bransjar. I tillegg har det kome nokre fleire tenester byråa tilbyr, mellom anna pynting, seier bransjedirektør, Gunnar Hammersmark.
Bjørka har sett ei stor utvikling rundt gravferd berre i dei 20 åra han har vore prest. Han oppmodar familiane som ynskjer det til å gjere oppgåvene rundt ei gravferd til ein dugnad.
Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRKHar arrangert folkemøte om gravferd
Presten har i haust tatt initiativ til folkemøte i Krødsherad og Flå, der han saman med representantar frå kommunen informerer dei frammøtte om korleis ein kan gjere ein del av oppgåvene i ei gravferd sjølv, i tillegg til å oppmode folk til å snakke meir om døden.
Dei fleste av oppgåvene rundt ei gravferd kan bli gjort som ein dugnad om familien ynskjer det, meiner han.
- Kiste meiner han ein kan lage sjølv eller få eit lokalt verkstad til å lage.
- Pynt og blomar til kyrkja kan ein kjøpe eller plukke sjølv.
- Gravferdsprogram kan ein få nokon med dataferdigheiter til å lage.
- Sjukeheim/sjukehus kan hjelpe til med stell og nedlegging av den døde i kiste.
- Planlegging og gjennomføring av minnesamvær kan ein gjere sjølv.
- Transport av den døde kan ein ordne i privat bil.
– Akkurat den korte køyringa frå kjøla på sjukeheimen til kyrkja, kan det vere ein del familiar som kan synest det positivt å gjere det i ein kassebil ein kunne lånt. Det kan ein spare ein del pengar på, meiner Bjørka.
Mange pårørande tek stor del
Administrerande direktør i Jølstad gravferdsbyrå, Jan Willy Løken.
Foto: Une Marvik Hagen / NRKJan Willy Løken er administrerande direktør i Jølstad gravferdsbyrå og bekreftar at det er mogleg å gjere mykje sjølv om ein fylgjer retningslinjene.
Han synest det er flott om dei pårørande kan ta større del i gravferda.
– Det er gode initiativ og me tenkjer som byrå at jo meir involvert dei etterlate er i ein sånn situasjon er bra. Den type praktiske arbeid er ofte tett linka med godt sorgarbeid, seier Løken.
Han synest derimot at pårørande har tatt meir del i gravferder dei siste åra.
– Dei etterlate blir så langt dei ynskjer invitert inn i det praktiske i større grad enn det dei gjorde for 10–20 år sidan.
Ikkje meir verdig med dyr gravferd
Kjell Bjørka trur det hadde vore godt for dei rundt å ha snakka meir om korleis ein vil at gravferda skal bli. For nokon er det best å gjere det meste gjennom eit byrå, for andre kan ein gjere det meste sjølv saman med kyrkja.
– Ein vil gjere det så verdig og flott som mogleg, da er det fort gjort å tenkje at berre det dyraste er godt nok. Men det blir ikkje meir verdig av å bruke dyre alternativ, meiner Bjørka.