Hopp til innhold

Vinteren har tatt knekken på gravsteinane

Ansvaret for kvelva gravsteinar ligg hos dei pårørande. Det kan koste tusenlappar.

Tele i jorda og leirejord gjer at gravane her på Gamle Gimmestad Kyrkje står i alle retningar

KVELVAR; Når telen i jorda smeltar, sig gravsteinane. Slik ser det ut på ved Gimmestad Kyrkje i Gloppen.

Ein uvanleg hard vinter viser ikkje berre att som humpete telehiv på vegane. Også på mange gravplassar har frosten skapt problem. Når telen har sleppt taket, har nokre gravsteinar kvelva, andre står faretrugande på halv åtte.

Ved gamle Gimmestad Kyrkje i Gloppen ser gravplassen nesten ut som ei slagmark.

– Når vi oppdagar det, prøver vi å melde frå så fort som mogleg. Men som ein kan sjå her, så er det ganske mange, seier kyrkjeverje Audun Mundal i Gloppen.

Det er dei nærmaste pårørande, det kyrkja kallar «festar», som får melding frå det lokale kyrkjekontoret. Dei står ansvarleg for leige av grava.

I Noreg er det ikkje noko krav om at ein må setja opp gravminne, det er opp til den enkelte å velja. Ansvaret ligg derfor hos den som har valt å setja dette opp.

Audun Mundal, Krkjeverje i Gloppen Sokn.

Audun Mundal er Kyrkjeverje i Gloppen. Denne våren må han sende ut meldingar til mange gravfestarar om at gravsteinane til deira kjære treng reparasjon.

Foto: Jonas K. Sævereide / NRK

Les også Stadig flere vil gjenbruke gravsteiner

Gravstein pyntet med blomster og lykter på begge sider, foran og bak. Den er gjenbrukt.

Har skjedd ulykker

Kyrkjeverja i Gloppen strekar under at gravsteinar som ser faretrugande skeive ut, blir lagt flate av kyrkja sine folk av omsyn til tryggleiken. Det pliktar gravferdsmyndigheitene å gjere.

Med ei vekt på opptil fleire hundre kilo kan ustø gravsteinar utgjere ein reell fare. I 2002 omkom ei fire år gamal jente frå Sunnmøre då ho fekk ein gravstein over seg i Trøndelag. I 2022 vart ein hund klemt i hel då ei gravstøtte velta på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Les også Krav om liggjande gravstøtter skaper trøbbel

Riksantikvaren krever liggjande og «naturlege» gravstøtter ved to kyrkjer i Sogn. Etterlatne klagar over at støttene blir borte under snøen.

Dersom gravminne har potensiale til å skada, må gravplassmyndigheita leggja dei ned. Som her ved Gamle Gimmestad kyrkje.

Grasteinar som er i fare for å velte og gjer skade blir lagt flate. Men familien til avdøde i grava må sjølve ordne med reparasjon.

Travelt for gravstein-reparatøren

Skrifthoggar Per Arne Tøsse har jobba med å setje opp gravsteinar i over 30 år. Han blir også tilkalla når gravsteinar kvelvar eller står på halv åtte. Han seier pågangen i vår har vore stor.

– Nokre vintrar er verre enn andre, med regn og tele. Då sig steinane, konstaterer Tøsse som har hatt reparasjonsoppdrag både i Nordfjord, Sunnfjord og på Sunnmøre.

Tøsse legg fundament av stein og set boltar i steinane, noko som ikkje alltid har vore brukt på eldre steinar.

– Det ser kanskje enkelt ut, men er tungt arbeid når ein åleine, seier Tøsse som ofte har kona med som hjelpar.

Å få gjenreist ein stein kostar fort eit par-tre tusenlappar.

Per Arne Tøssen gjer jobben skikkelig. Her vatrar han etter å ha lege ny sand under gravminne.

Per Arne Tøssen er blant dei som blir tilkalla når gravsteinar sig. Her sjekkar han at det nye fundemantet er ii vater, før sokkelen blir sett på plass att.

Foto: Skjermbilde frå video av Steinar Lote / NRK

Les også Stadig flere vil gjenbruke gravsteiner

Gravstein pyntet med blomster og lykter på begge sider, foran og bak. Den er gjenbrukt.

Kan skuldast dårleg utført jobb

Karsten Furuseth er spesialrådgivar med gravplass som felt i hovudorganisasjonen KA, som nesten alle gravplassmyndigheitene er medlem av. Han har merka seg at det ikkje berre er ytre krefter som har skulda for at gravsteinar kneler.

– Det kan henda at det vert juksa litt, at ein ikkje grev djupt nok og at det ikkje vert brukt tilstrekkeleg med pukk under sjølve sokkelen, seier Furuseth.

Dei fleste som set opp gravminne gjer det gjennom profesjonelle. Dersom ein har sett opp eit gravminne ganske nyleg, og dette er blitt skeivt, anbefaler Furuseth å ta kontakt med dei som utførte arbeidet for å få skaden utbetra.

Les også Dyrt med gravstein – fikk laget eget monument

En grimstadkvinne fikk en billedkunstner til å lage gravstein. Det ble langt billigere og bedre, mener kvinnen.