Ingrid skreiv sin eigen dødsannonse: – Takk for meg

LIER (NRK): Da Ingrid Gausen døydde av kreft hadde ho på førehand sendt inn sin eigen dødsannonse. Dødsannonsar blir meir og meir personlege, fortel gravferdsbyrå.

Dødsannonse

Slik valgte Ingrid Gausen å takke for sin tid på jorden.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

«Så var det tid for å sette kursen hjemover for denne gang. Livet her på jorden ble avsluttet så alt for tidlig på grunn av kreftsykdommen. Lier 8. mars 2019. Ingrid»

Det var slik Ingrid hadde bestemt at ho ville ta farvel med omverda. 51 år gamal måtte ho gje tapt for kreftsjukdomen.

Ville takke for seg i dødsannonsa

Nabo Sissel Brennecke fylgde Ingrid den siste tida som nærmaste pårørande.

Sissel Brennecke

Sissel Brennecke er tilbake i huset til nabo Ingrid Gausen som står som det gjorde da ho døydde. Det er berre katten hennar igjen.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Ingrid sa ganske tidleg etter at ho blei sjuk at ho hadde sett ein dødsannonse som gjorde inntrykk. Det var ein liknande annonse der ei dame tydeleg tok farvel sjølv. Plutseleg ein dag sa ho at nå visste ho korleis annonsen skulle sjå ut, fortel Brennecke og legg til.

– Ho ville seie takk for seg og at det skulle vere frå ho sjølv.

«Siste salve har gått»

Hos Buskerud begravelsesbyrå i Drammen begynner dei å bli vane med at fleire vil ta regi over si eiga gravferd, og etter kvart også annonsane i avisene.

– Det er ikkje veldig ofte avdøde skriv annonsen sjølv, men mange legg føringar på kva som skal stå der. Kanskje er det eit spesielt vers dei vil ha med eller ynskjer dei har for teksten, seier administrerande direktør Svein Thomas Kollen.

Dei har fleire eksempel på personlege dødsannonsar. Nokon vil gjerne ha ein humoristisk vri.

Kiste

Også på ein av bårebukettane ved kista til Ingrid takka ho for seg.

Foto: Privat

Kollen fortel om ein sprengingsekspert som ville at det skulle stå: «Siste salve har gått». Ein korpsleiar som hadde brukt store delar av fritida si i korpsmusikken ville ha: «Marsjerte ut av livet til tonen av gammal jegermarsj».

– Det seier litt om personen når det kjem fram slike ting i ein annonse, seier Kollen som trur endringa har med den teknologiske utviklinga å gjere.

Dødsannonse

Buskerud begravelsesbyrå har fleire eksempel på personar som sjølv vil skrive og takke for seg sjølv i sin eigen dødsannonse.

Foto: Faksimile / Stavanger Aftenblad

– I større grad enn før tek ein styring over sitt eige liv. Det kjem også til dette med gravferd, ein vil ha kontroll på den også.

– Ein annleis måte å gjere det på

Sissel Brennecke viser fram programmet frå gravferda, som Ingrid også hadde laga sjølv. Salmane og solosongane var nøya plukka ut. Ingrid Gausens nærmaste pårørande synest det var sterkt å høyre kva ho hadde bestemt seg for på dødsleie.

– Det trefte meg veldig. Me snakka jo litt om det og eg sa at eg ikkje var overraska. Likevel var det sterkt.

– Det er jo ein veldig annleis måte å gjere det på. Men Ingrid var einsleg og hadde ikkje sambuar eller barn. For henne var dette det rette valet.