SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Sogndal:

Milorg-basen i Sogndalsdalen

Då løytnant Ragnar Ulstein frå Kompani Linge hausten 1944 vart landsett saman med Harald Svindseth på øya Dumba i Florø, hadde han som oppgåve i organisere motstandsgrupper for Milorg i heile Sogn og Fjordane i løpet av nokre få månader.

Publisert 09.05.2003 12:58. Oppdatert 13.06.2003 16:23.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Nils J. Knagenhjelm [WM]  Eigar av Kaupanger Hovedgård, Nils. J. Knagenhjelm, fortel til Ottar Starheim om barndom, oppvekst, tida som Milorg-mann og som fylkespolitikar under sjukehusstriden.
Sjølv tok Ulstein ansvaret for Sogn, der han bygde opp organisasjonen under kodenamnet "Siskin". Harald Svindseth organiserte ei tilsvarande gruppe med kodenamnet "Snowflake". Denne siste hadde tilhald i Ålfotfjella.

I Sogn vart kjøpmann Olav Rise på kaia i Leikanger viktig kontaktmann. Huset hans vart møtepunkt for Ulstein med nøkkelpersonar som skulle byggje opp motstandsgrupper kringom i Sogne-bygdene.

I Kaupanger fann Ulstein nokre av sine næraste medarbeidarar - Nils Knagenhjelm og Hans H. H. Heiberg. Heiberg var alt på den tida ein kjend mann som hadde stor tillit i Sogn, og vart difor utnemnt til distriktssjef for Milorg.

Olav Foss.
Hytta til sogndalskjøpmannen Olav Foss i Fosskamben i Sogndalsdalen vart valt til hovudkvarter for Siskin i Sogn. Ei stove på garden Elvagjeng vart også nytta av "Siskin". Kjernen i gruppa var forutan leiaren Ragnar Ulstein dei andre Linge-karane Nils Fjeld og Nils Thorsvik. Dei hadde den militære kommandoen, og hadde fast radiokontakt med London.

Eit mislukka flyslepp

"Siskin" hadde kort tid på å organsiere seg. I tillegg til våpenlaster som med stor risiko vart henta av m.a. Ulstein og Knagenhjelm og sigla inn Sognefjorden, fekk gruppa i Sogndalsdalen også utstyr over frå England med flyslepp.

På Halsavatnet like ved leiren vart det markert dropp-plass med signallys. Men den 2. februar 1945 gjekk det gale. Ein dropp-container kom på avvege og hamna ved Hafslo, der ein bonde hadde funne den og pakka ut innhaldet - m.a. ein radio. Mannen skjøna ikkje korleis apparatet skulle setjast saman, og reiste til ein jøssing i Sogndal for å spørje om bruksanvisning.
Slikt radioutstyr vart nytta av heimestyrkane. (Foto: NRK)
Frå jøssingen lekka ryktet om radiofunnet på Hafslo, og folk frå "Siskin" måtte bruke dei hardast trugsmål om likvidasjon for å hindre at han sa noko meir. Milorg-folka sikra seg det mest av det fårlege radioutstyret og fekk det unna.

Opprullinga av Milorg

Men nokre få dagar seinare kom den store opprullinga av Milorg i Sogn og Fjordane, då det etter lausmunna prat i Høyanger vart arrestert fleire personar.
Under hard tortur røpa dei arresterte sambandslinene mot motstandsgruppa "Siskin" i Indre Sogn. På Leikanger vart m.a. Olav Rise arrestert og torturert til han døydde.

Flukt frå Sogndalsdalen

Nokre dagar etter var tyske tropper på veg opp mot "Siskin" sin hovudbase i Sogndalsdalen. I all hast fekk "Siskin" gøymt unna våpen og utstyr i snøbrøyta langs vegen før dei sjølve stakk av, og då tyskarane kom inn i stova, sat gardsfolket og røykte illeluktande, heimeavla tobakk. Det gjorde dei for å døyve lukta av finare virginiasigaretter som var sende over med flylastene!

På veg opp frå Sogndalsfjøra hadde tyskarane rekvirert Bjarne Skjeldestad som skysskar med lastebilen sin. Han syrgde for at bilen fekk mange "motorstopp" på vegen opp dalen, slik at tyskarane vart forsinka.
Men tyskarane synte også interesse for hytta på fjellet der mange motstandsfolk hadde samla seg. Bygdefolket skulle vise veg opp dit, men greidde også her å sende varsel i førevegen og forsinke tyskarane slik at dei norske Milorg-folka kom seg unna.
Tyskarane fann ikkje eit depot på fleire tonn med våpen som låg gøymde i ei snøskavl ved hytta.

Aksjon mot Kaupanger

Men tyskarane slo ikkje berre til mot "Siskin" i Sogndalsdalen: I Kaupanger vart Eivind Timberlid arrestert og hardt torturert av tyskarane.
Nils Knagenhjelm oppdaga tyskarane før dei kom på døra, hoppa ut eit vindauge på baksida og stakk til skogs. Men ektemaken Wibeke Knagenhjelm vart arrestert og halden som gissel i fleire månader m.a. i Høyanger og Bergen for å presse Nils Knagenhjelm til å melde seg. Det lukkast ikkje. Også distriktssjef Hans H. H. Heiberg på Øvre Amla fekk varsel og kom seg unna i tide. Saman med Knagenhjelm fekk han kontakt med Ragnar Ulstein i Sogndalsdalen, og etter ei strabasiøs ferd over høgfjellet, søkte dei dekning i Fjærland.

Milorg i Frønningen

Etter denne hendinga, torde ikkje "Siskin" å nytte Sogndalsdalen som base lenger, og flytta over til skogane i Frønningen på sørsida av Sognefjorden. Her heldt Milorg-gruppa til fram til freden den 8. mai 1945.

Hovudside:
· Milorg i Sogn og Fjordane


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no