Sorenskrivar Heiberg hadde budd på garden Talle i Høyheimsvik, Luster, før han flytta til Amla og bygde stort herskapshus - truleg samansett av to eldre hus. Dette huset er framleis hovudbygning i Heiberg-tunet på Øvre Amla. Både dette og andre hus i tunet vart i 1860 bygt om til sveitsarstil etter teikningar til
Franz Wilhelm Schiertz. Huset vart også ombygd i 1954.
|
Hovudhuset på Øvre Amla. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
|
Driftsbygning på Øvre Amla. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Øvre Amla vert gods
Men garden Lillejorden var ikkje noko stort bruk. Det var først når ein av svigersønene til sorenskrivar Heiberg tok over, Michael Falch (1682-1768), at eigedomane vart eit større gods med svære skogvidder innover mot Lustrafjorden.
Falch var fødd på Sunnmøre og kom først til Kaupanger som forvaltar av Stedje og Kaupanger-godset for eigaren der, Bergenskjøpmannen
Niels Tygesen Knag. Falch gifta seg med ei av døtrene til sorenskrivar Gert Heiberg, Mette Marie Heiberg.
I 1722 slutta Michael Falch som godsforvaltar for Knag og kjøpte gardane Øvrejorden og Midtjorden i Amla av Peder Jenssøn Klingenberg. Og då sorenskrivar Heiberg døydde eit par år seinare, fekk ekteparet Michael Falch og Mette Marie Heiberg også kjøpe Lillejorden.
Dermed sat dei med ein samla og svært stor eigedom som seinare også er omtala som Amblegård på Øvre Amla.
|
Fire menn på tømmerhogst i Heibergskogen. (Foto © Fylkesarkivet) |
Nedre Amla vart skilt ut
Men før Heiberg-godset tok den form og storleik som det har i dag, var det altså Klingenberg-slekta som rådde over det meste av jordvegen i Amla.
Dette var ei slekt som stamma frå ein presteson frå Askvoll, Peder Jenssøn (1612-1684). Han var ein yngre bror av "ordbokpresten"
Heibergane kjem til Amla. På Amla kalla han seg Peder Jenssen Amble, men etterkomarane hans tok etternamnet Klingenberg. Då sonen Erik Pederssøn Klingenberg arva mykje av jorda på øvre og midtre Amla i 1689, flytta han tunet nærmare sjøen til ein stad som heiter Hagen. Arveluten til Erik Pederssøn Klingenberg vart i 1710 skilt ut som eige bruk, og har sidan vore kjent som Nedre Amla-garden. Resten av den store eigedomen - det som låg lengre oppe i bygda - vart selt til Michael Falch og kona Mette Marie Heiberg i 1722 slik det er nemnt ovanfor.
Gjestgiveri på Nedre Amla
Klingenberg-slekta eigde Nedre Amla til midt på 1700-talet. I tida mellom 1753 og 1880 var det fleire eigarar på Nedre Amla, og her vart det også drive gjestgiveri. I 1880 var det den kjende forretningsmannen
Endre Offerdal frå Ofredal i Årdal som kjøpte garden, men den gjekk raskt over til Ivar Halvorsen Husum frå Lærdal, og har vore i denne slekta sidan fram til dei siste eigarane, som kallar seg Falck Husum.
|
Lensmann Johan Christian Jersin. |
Hovudhus i empirestil
Det store hovudhuset på Nedre Amla vart bygt i empirestil i 1844 av lensmann Johan Christian Jersin (1802-1878).
Byggmeister av Jan Lund, som også bygde dei kjende husa "Telegrafen" og "Hansegarden" på Lærdalsøyri - sjå:
Huset Telegrafen og:
Gamle bygningar i Lærdal. Huset i Nedre Amla er freda.
|
Hovudhuset på Nedre Amla. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Skysstasjon og gardsturisme
På Nedre Amla var det skysstasjon. Denne vart lagt ned frå bilvegen til Sogndal opna i 1938.
Frå 2. verdskrig har Ivar Falch Husum og seinare sonen Hallvard David Falck Husum nytta huset som gjesteheim og selskapslokale i samband med gardsturisme. På garden har det elles vore drive både med utleigehytter og campingplass, og oppdrett av kjøtfe.
|
Nedre Amla. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |