Årøyelva var frå gamalt ein kjend attraksjon for reisande mellom Sogndal og Hafslo, der dei kunne sjå loddrett ned i Helvetesfossen 80 meter under kjerrevegen som klorte seg fast i hamrane på austsida av elva ved Borgarholt.
Det er ved Helvetesfossen vi også finn namnet Futespranget - frå den gongen då arge bønder jaga den forhatte Sogne-futen på elva.
Seinare fekk Årøyelva ry på seg som ei av dei gjevaste lakseelevane på Vestlandet.
Men Årøy-namnet skulle bli langt meir kjent som eit stridens namn i samband med kraftutbygging.
Fossekrafta i Årøyelva var av dei mest attraktive då dei første fossekjøparane tok til å kjøpe fallrettar på Vestlandet på 1890-talet.
Sogndal kommune gjekk med i
Gaulasamskipnaden i 1920. Dette var eitt av i alt tre interkommunale selskap som skulle byggje ut kraftverk til ålmenn forsyning.
A/S Årøy vart skipa i 1941 for å stå som eigar og byggjar av ein ny kraftstasjon.
I 1973 vart Årøyvassdraget verna mot vidare utbygging i ti år - m.a. av omsynet til kulturvern kring vassdraget.
Då vassdraget vart frigjeve for utbygging stod Sognekraft for utbygginga.