2. VERDSKRIG:
|
Minnestein på Sande. Sjå også bilete øvst på sida. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Krigsutbrotet 1940
Ved krigsutbrotet 1940 vart 116 menn frå Gaular mobiliserte og sette inn i kampane i Valdres og Hallingdal. I Valdres fall Johannes K. Årseth, og Ingvald Jakob Oppedal fall i Hallingdal.
Riksvegen underminert
Ved Langelandsvatnet, like ved grensa mot Førde kommune, bygde tyskarane sprengkammer i fjellet for å kunne stengje riksvegen ved eit eventuelt åtak.
Desse sprengkammera skapte problem då vegen langs Langelandsvatnet vart utbetra på 1990-talet fordi ein ikkje var sikre på om det låg sprengstoff att. Kammera låg i fjellhammaren der E39 no går gjennom ei stor skjæring. Etter nærmare undersøkingar, viste det seg at dynamitten var fjerna.
I Årbergsdalen bygde tyskarane eit stort amunnisjonslager i 1943. Dette var sentrallageret for tyskarane i Sogn og Fjordane.
9. februar 1945 er skriven inn i krigssoga for Sunnfjord som "Den svarte fredagen". Då utkjempa allierte og tyskle krigsfly eit stort luftslag over Sunnfjord. Eit av dei britiske flya vart skote ned ved Bygstad. Eit tysk fly havarerte ved Fauskestølen like nord for Hjelmeland.
I 1984 vart det reist ein minnestein over luftslaget på Førde Lufthamn, Bringeland.
Ved freden i mai 1945 freista leiarane for det frykta Gestapo-reiret i Høyanger å kome seg unna, men vart fanga i Gaular.
|
Minnestein på Sande for dei to som omkom i kampane i Valdres og Hallingdal under krigsutbrotet i 1940. (Foto: Arild Nybø, NRK) |