|
Nye Bygstad skule på opningsdagen i mars 2000. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
Den første norske ordninga for ein ålmennskule kom i kjølvatnet av innføringa av den kyrkjelege konfirmasjonen i 1736. Holmedal prestegjeld, som omfatta bygdene kring Dalsfjorden, fekk gjennomført den såkalla "skulefundasen" (skuleordninga) i 1746.
Men undervisning kom ikkje i gang før prestegjeldet vart delt i eit indre og ytre 1755. I 1818 hadde kommunen ein skulehaldar i kvart sokn.
20 skulekrinsar
På slutten av 1800-talet vart det bygd ei mengd små skulehus i kommunen, som i 1895 hadde 20 skulekrinsar:
I Viksdalen: Øvrebotn, Råheim, Viken, Mjell, Eldal, Hestad og Vasstrand. I Viksdalen eksisterte dei små skulekrinsane heilt til sentralskulen i Viken vart bygd i 1962.
I Sande sokn: Skudal, Steien, Sygna, Senneset, Lunde.
I Bygstad: Strandnes, Sunde, Birkeland, Osen, Bygstad, Hjelmeland, Åse, Skilbrei.
Pigeinstituttet på Sande
På 1890-talet dreiv lensmannsdottera Dorthea Sande ein jenteskule på Sande. Den vart kalla "Pigeinstituttet", og var ein husstellskule som vart driven i privat regi av lensmannsfamilien, og med Dorthea som lærar. Skulen hadde 8-9 elevar, som kom frå heile landet.
Første skulekjøkenet
Bygstad skule var den første skulen i Sogn og Fjordane som tok i bruk skulekjøken i folkeskulen i 1957.
Flyskule
Fjordane Flyklubb har base på flyplassen på Bringeland, der klubben driv flyskule.
Dagens skular:
Viksdalen skule 1.-10. klasse 92 elevar
Sande skule 1.-10. klasse 207 elevar
Bygstad skule 1.-7. klasse 120 elevar
|
Viksdalen skule. (Foto: Arild Nybø, NRK) |