SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kommunehistoria i Gaular

Gaular prestegard på Sande kring 1920. (Foto © Fylkesarkivet)
Gaular prestegard på Sande kring 1920. (Foto © Fylkesarkivet)
Gaular vart eige prestegjeld i 1755, då det vart skilt ut som "Indre Holmedal prestegjeld" frå det store prestegjeldet som låg under presten i Holmedal. Prestegarden vart bygd på Steien på Sande.

Publisert 22.04.2002 12:16. Oppdatert 27.10.2006 13:59.

Frå "Indre Holmedal" til "Gaular"

Då kommunen vart skipa ved innføringa av formannskapslovene i 1837, fylgde kommunegrensene dei same grensene som Indre Holmedal prestgjeld hadde.
Første ordførar i Gaular var Jens Ludvigsson Rennord frå 1837 til 1845.
Fram til 1909 leigde kommunen lokale hos Mads J. Sande på Sande. I 1909 vart det bygd kommunehus på Sande. Huset gav også plass til Gaular Sparebank fram til 1969.
Kommunen endra namn frå Indre Holmedal til Gaular i 1911, samstundes som Ytre Holmedal vart heitande Fjaler kommune.

Gaular kommune delt i tre?

I 1918 var det aktuelt å dele Gaular kommune i tre: Ein kommune for dei øvre bygdene i Viksdalen, ein i midtre bygdene kring Sande, og ein kommune for Bygstad og grendene kring Dalsfjorden. Initiativet til deling kom frå Bygstad. Grunnen var stadig krangel og kiv mellom bygdalaga om prioritering og fordeling. Både kommunestyret og fylkesmannen gjekk inn for deling, men regjeringa var imot deling.
I 1990 vart Hestad krins på Nordsida av Dalsfjorden overført frå Fjaler til Gaular kommune. Dette skjedde etter samrøystes motstand frå Fjaler kommunestyre.

Grensene i dag

I dag grensar Gaular kommune til Askvoll kommune nord for Dalsfjorden, mot Førde kommune frå Solheimsdalen i vest til Haukedalsvatnet i aust, mot Balestrand kommune på Gaularfjellet, mot Høyanger kommune frå Gaularfjellet til vest for Ytredalen ved Vadheim, derfrå mot Fjaler kommune til Bjørvikstranda ved Dalsfjorden, og nord for Dalsfjorden mot Askvoll kommune - vest for den kjende Laukelandsfossen.
Møte i kommunestyret i Gaular. (Foto: NRK)

Politisk leiing:
· Ordførarar i Gaular kommune


MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no