SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Gaular


Publisert 22.04.2002 12:19. Oppdatert 09.03.2007 08:32.

MENYAR:
· Fabrikkar og verkstader i Gaular
· Landhandlar i Gaular
· Meieria i Gaular
· Sagbruka i Gaular
· Transportverksemder i Gaular



ENKELTOMTALER:

Handelsplass og jektehamn i Osen

Gaula vart i gamle dagar sigla av jekter og andre større båtar heilt opp under Osfossen. Her bygde folk lenger oppe i dalen bryggjer og sjøbuer, m.a. ei kommunal kai.

Skysstasjonen og handelssetet Sveen

Då det enorme Svanøy-godset vart lagt ut for auksjon i 1727, vart mange gardar i Gaular kjøpte opp av reine jordspekulantar. Slik sikra eigaren i Osen, Rasmus Boe seg Sveen, der det frå gamalt av hadde vore gjestgiveri.

Viksdalsmålinga som næringsveg

På 1800-talet vart dette ei av dei viktigaste inntektskjeldene for folk i Viksdalen.

Sivertsens Hotell på Sande

Sivertsens Hotell på Sande vart bygd i 1838 av Berent Sivertsen, som også dreiv landhandel og skysstasjon.

Lundes hotell. (©Fylkesarkivet)

Gründeren O. A. Lunde

Ole A. Lunde er ein av dei fremste forretningsgründerane i Gaular. Han starta i 1872 landhandel heime på Lunde.

Lundes Hotell

i Bygstad 1885 - sjå "Gründeren O. A. Lunde".

Gaular Sparebank

Bankbygget på Sande vart bygt i 1969.
vart skipa 1895 med namnet Indre Holmedal Sparebank. Frå 1909 heldt sparebanken til i kommunehuset på Sande, fram til banken bygde eige bygg i 1969. Banken vart slegen saman med Sunnfjord Sparebank i 1980, og gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane i 1988.

Nitter Leirvik og Jens Søgnen

pakta på 1890-talet Leirvik-garden i Osen og dreiv handel, sagbruk og mølle. Ludvig Nistad tok over butikken i 1916, og dreiv til 1930-talet.

Forretningsfamilien Berge

I 1897 kjøpte brørne Ivar og Knut Berge eigedomen Kviteneset frå garden Leirvik i Osen, og starta tønnefabrikasjon. Like etter 1900 starta sonen til Ivar Berge, Johannes Berge, Bygstad Hotell på Kviteneset. Familien dreiv også landhandel på Kviteneset. Sønene til
Huset som seinare vart Bygstad hotell. (©Fylkesarkivet)
Johannes Berge slo seg opp som forretningsfolk i Førde.

Forretningsfamilien Hjelmeland

- entreprenørbrørne som bygde "halve" Førde.

Bygstad Hotell

- sjå "Forretningsfamilien Berge".

Skjelsanking

Kring 1900 vart skjelsanking ei viktig inntektskjelde, særleg for folk på Bjørvikstranda. Strendene langs Dalsfjorden vart renska for skjel som vart fylt i småtønner og seld til Nord-Noreg som agn. På Sande var det ein mann som dreiv dette så stort at han fekk tilnamnet "Skjelkongen". (Sjå elles om tilsvarande verksemd i Solund - "Skjelsanking i Solund".)

Gaular branntrygdelag

vart skipa i 1903.

Bygstad landboforening

vart skipa i 1904 og fekk 100 medlemer. Gjennom slike foreiningar kunne bøndene oppnå betre rabattar på innkjøp av m.a. maskiner, gjødsel og såfrø. I 1910 vart det skipa ei liknande foreining på Lunde. Dei fleste lokale innkjøpsforeiningar gjekk inn i Vestlandske Kjøpelag då dette vart skipa i 1910.

Lyder N. Bell

bygde bygdemølle i Bellfossen i Eldalen i 1925. Han organiserte også bygging av eit kraftverk i fossen i 1938. Dette leverte kraft til store deler av dalføret i Eldalen. Mølla brann ned i 1942.

Pensjonat på Sande

Søstrene Torborg, Hjørdis og Astrid Sande dreiv i 1928-1930 pensjonat i den gamle lensmanngarden på Sande. Pensjonatet hadde plass til 16 gjestar, og tok for det meste imot såkalla "kondisjonerte" frå Bergen i sommarstida. I det staselege huset hadde lensmanndottera Thea drive jenteskule på 1890-talet (sjå "Skular i Gaular"). Huset vart i 1937 gamleheim.

Elvarheim kafe

- sjå Skagens Safteri.

Murmeister Olav Lien

Olav Lien starta i mellomkrigsåra som murmeister, og førde opp mange store bygg i både Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Han hadde 6-7 mann i arbeid. Firmaet vart seinare heitande Brørne Lien, og vart avvikla nokre år etter 2. verdskrig.

Viken Pensjonat

Viken pensjonat. (Foto: Arild Nybø, NRK)
i Viksdalen vart bygd i 1932 av Edvard Viken. Han bygde pensjonat som kunne ta imot 15 overnattingsgjestar. Det var kona Martina som dreiv pensjonatet medan Edvard var sjåfør i Firda Billag. Pensjonatet var i drift til slutten av 1990-talet.

Bruse M. Øvrebø

dreiv frå 1936 til tidleg på 1950-talet kafe og pensjonat i Bygstad.

Gaular Kraftlag

vart skipa i 1939 - sjå "Gaulasamskipnaden".

Hoff pensjonat

i Eldalsdalen vart starta i 1949 av Selma og Jens Vallestad. Dei dreiv også kafé og bensinstasjon. Interiøret i i det gamle pensjonatet er restaurert og teke vare på av barnebarnet Heidi Vallestad og ektemaken Sigurd Årskaug.

Harald Kapstad

i Bygstad starta entreprenørforretning i 1969 - frå 1978 som aksjeselskap. Verksemda sysselset i snitt kring kring 10 personar.

Hov Hyttegrend

i Viksdalen vart starta i 1971 av Ottar Hov, og har i 2002 23 campinghytter og eit servicebygg.
Sande Kro og Hotell.

Sande Kro og Hotell

på Sande vart bygd i 1977 av Sølvi og Per Kapstad. Hotellet har 30 senger og konferanseplass til 150 personar.

L & M Maskinservice AS

Verksemda har sal og driv service på traktorar og landbruksmaskiner, og importerer frontlastarar og beitepussemaskiner.

Sparebanken Sogn og Fjordane sin filial i Bygstad. (Foto: A. Nybø, NRK)

Sparebanken Sogn og Fjordane

frå 1988.

Åmot Gard

Steinar Sørli overtok Åmot gard ved Bygstad i 1997, og har restaurert og gjort garden om til eit kombinert gjestehus og kultursenter der det m.a. har vorte spela opera og stelt i stand gourmetmåltid av meisterkokkar.

Eikeland Bygg AS

på Sande vart starta i 1998 av Egil Eikeland og Frode Loftheim. Verksemda har bygd fleire kommunale bygg i Gaular, har 8 tilsette og i 2001 ei omsetning på 10 millionar kroner.

Desiree Øvretveit

starta i 2000 Desirees Lappeteknikk på Sande. Ho har spesialisert seg på import og internettsal av stoff til lappeteknikk. Broren Per Anders Øvretveit er partnar i verksemda som omset varer for fleire millionar kroner årleg.

MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no