SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Sogndal:

Gjest Baardsen

Teikning av Gjest Baardsen i fangenskap. (Utlånt av Digitalarkivet ved Universitetet i Bergen)
Teikning av Gjest Baardsen i fangenskap. (Utlånt av Digitalarkivet ved Universitetet i Bergen)
Gjest Baardsen Sogndalsfjæren (1791-1849) frå Sogndalsfjøra. Meistertjuv og forfattar.

Publisert 20.08.2001 11:37. Oppdatert 10.06.2003 14:34.
Han livnærte seg i mange år av tjuveri kringom på bygdene - særleg på Vestlandet. Fleire gonger vart han arrestert og sett i fengsel, men var ein meister til å kome seg fri.

Spora etter Gjest Baardsen finn vi i bygdesegner frå mange kommunar i Sogn og Fjordane - sjå: Meir om Gjest Baardsen.

Dette huset skal vere Gjest Baardsen sin fødestad. Biletet er frå 1900, men då Baardsen vart fødd i 1791 var huset mindre. Kammerset til høgre var den opphavelege stova. (Foto © Fylkesarkivet)

Teikning av Gjest Baardsen i fangenskap. (Utlånt av Digitalarkivet ved Universitetet i Bergen)

Dømd til livsvarig slaveri

I 1827 vart Baardsen dømd til livsvarig slaveri og sat på Akerhus festning i Oslo til han slapp fri i 1845.

Stor litterær produksjon

Gjest Baardsen hadde lært seg skrivekunsten, og livnærte seg dei siste åra m.a. ved å reise rundt på bygdene og selje historiene om seg sjølv som såkalla "skillingstrykk" - dvs. småhefte som kosta ein skilling:

· Sjølvbiografien "Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb" - 1835.
· "Fengsel og Frihed i tvende Qvad" - 1845.
· "Brændevins-Ondet, en Folkevise med Fortale" - 1846.
· "Acrostichon - eller Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnet" - ei vise med 26 vers som skulle utgjere "hans fulde Navn" - utgjeven 1848.
· "Ole Høilands død" - ei vise - 1849.
· "Hun sveg mig dog" - ei vise - (utan årstal)
· "Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb efter Løsladelsen fra Aggershus Fæstning til hans død" - forfatta av han sjølv, utgjeven 1869.
Teikning i ein rettsprotokoll av Gjest si tatovering. (Utlånt av Digitalarkivet, UiB).
· "Vandrings- eller Skøiersprog", utgjeven av Helge Refsum 1948.

Ingen Robin Hood

I sjølvbiografiane freista Gjest Baardsen å rettferdiggjere brotsverka sine ved å hevde at han stal frå dei rike og gav til dei fatige. Dette vert sterkt imøtegått i ein biografi om meistertjuven, skriven i 2001 av forfattaren Erling Gjelsvik.

Film og teater

Frå Sogn og Fjordane teater si oppsetjing av "Gjest Baardsen døyr aleine ved Nilens breidd" i 2001. (Foto: NRK)
I 1939 kom filmen "Gjest Baardsen" med Alfred Maurstad i hovudrolla. Scener til filmen vart spela inn på gardstunet på Fuhr i Luster, ved Turtagrø på Sognefjellet og på Videseter på Strynefjellet. Filmen vart ein av dei største norske filmsuksessane nokon sinne. Også Sogn og Fjordane Teater og Den Nationale Scene i Bergen har sett opp skodespel om Gjest Baardsen.

Planar om museum

I Sogndalsfjøra skal ein gjenskape eit hus som museum på den tufta der ein meiner barndomsheimen til Gjest Baardsen låg (sjå nedanfor).

Huset i Sogndalsfjøra der barndomsheimen til Gjest Baardsen skal ha vore. (Foto: NRK)

Stig Eikaas si omstridde statue av Gjest Baardsen i Sogndalsfjøra. (Foto: NRK)

Sjå også:
Meir om Gjest Baardsen



MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
MEIR OM GJEST BAARDSEN 
Gjest Baardsen og budeia på Vikafjellet
Gjest Baardsen i Sunnfjord
Gjest Baardsen i Jølster
Gjest Baardsen
Gjest Baardsen berga liv på Byrknes
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no