Hopp til innhold

– Vi ser på om nye tiltak vil komme etter dette uhellet

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) varslar ein gjennomgang av leier og beredskapen etter grunnstøtinga utanfor Hvaler i Østfold i går kveld.

Erik Solheim etter grunnstøtingen

Kyst og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen og miljøvernminister Erik Solheim var fredag på plass på Skipstadsand losstasjon etter å ha vært ute med losbåten for å se Godafoss.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / SCANPIX

Torsdag kveld gjekk lasteskipet Godafoss på grunn ved Asmaløy på Hvaler . Om bord var 800 tonn olje. Denne oljen starta å leke frå skipet , og skapte frykt for at Hvaler nasjonalpark skulle ble tilsølt .

Lekkasjen er stansa , og no vil myndigheitene sjå på korleis ein kan hindre at dette skjer igjen.

Solheim har i dag vore på staden og sett på skadane saman med fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap).

Vurderer nye tiltak

– Fiskeriministeren og eg vil no gå gjennom alle sider av dette, og vurdere om dette er den einaste moglege leia og om det er fleire sider ved beredskapen som bør bli styrkt, seier Solheim.

Han fortel at myndigheitene har gjennomført ein serie tiltak for å betre beredskapen og gjere leiene betre etter at lasteskipet Full City grunnstøytte utanfor Langesund, og at dei også har større planar.

– Vi prøvar også å få til eit internasjonalt forbod mot tungolje, sjølv om det ikkje er lett å få til, seier Solheim.

– Veldig flaks med veret

– Vi har gjort mykje etter Full City, men no må vi gå gjennom og sjå om det er nye tiltak som vil komme etter dette uhellet, seier han.

Både Solheim og Berg-Hansen er nøgde med arbeidet som er gjort for å stanse oljelekkasjen.

– Det ser ut til at det aller verste er unngått. Det er gjort ein stor og flott innsats frå hjelpemannskapa. Vi har også hatt veldig flaks med veret. Det er flott ver i området, så det ser ikkje ut til at det blir store oljemengder som vil drive på land. Det ville ha vore katastrofalt i denne fantastiske nasjonalparken som vi har her saman med svenskane, seier solheim.

Olje fra Godafoss har nådd land på Akerøya i øygruppa Hvaler

Godafoss starta å leke olje etter at skipet gjekk på grunn i går kveld.

Foto: Tore Meek / Scanpix

– Må lære av dette

Berg-Hansen meiner det er rart at ulykka i det heile tatt kunne skje, etter å ha vore om bord i losbåten rett ved sidan av det grunnstøtte skipet.

– Rett i bauen på skipet er det ei ganske stor lykt, som i dagslys er veldig godt synleg. Det såg veldig merkeleg ut, seier ho til NRK.

Generalsekretær i WWF, Rasmus Hansson.

Generalsekretær i WWF, Rasmus Hansson.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Generalsekretær i WWF, Rasmus Hansson, meiner det no er viktig å lære av hendinga.

– Vi lærer om og om igjen at oljesøl, i dei aller fleste situasjonar ved norskekysten, er eit spørsmål om flaks eller uflaks, ikkje eit spørsmål om beredskap.

– Det betyr at denne type ulykker må ein unngå at skjer, fordi vi greier ikkje å hindre dei i å gjere skade når dei først skjer, seier han.

Takkar for svenskehjelp

Solheim gir Hansson rett i at det er viktig å hindre at slike ulykker skjer, spesielt i sårbare område.

Men han viser til at det er sett i verk fleire tiltak etter Full City-ulykka. Og Berg-Hansen trekk fram at svenskane var til god hjelp i tillegg.

– All ære til dei. Vi har ein avtale med naboane våre at vi skal hjelpe kvarandre når slike ting oppstår. I tillegg vil eg trekkje fram dei interkommunale beredskapsfolka som også var tidleg ute med det utstyret som finst lokalt, seier ho.

Vil ha nattberedskap

WWF-Hansen gir regjeringa honnør for å ha nesten oppfylt deira ønske etter Full City-ulykka. No vil han ha minst eitt ønske til oppfylt.

– Ein av dei tinga som framleis står att, er å få på plass oljevernutstyr som kan brukast om natta og i kaldt ver. Det var det siste og ikkje-oppfylte ønsket på den lista.

– Der ser vi at det står att ei stor og vanskeleg oppgåve, fordi sjølv under dei beste tilhøva, så har vi avgrensa kapasitet til å gjere utsleppa så små som råd, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger