I Dagsnytt 18 i kveld fekk statsministeren spørsmål om kva han tekte då han såg lappen på pulten sin om at Maria Amelie var arrestert.
- Ei tøff sak
Arrestasjonen av Maria Amelie har skapt intern uto i Arbeidarpartiet og regjeringa.
Foto: Helge Carlsen / NRK- Eg tenkte at dette var ei tøff sak, fordi det handlar om ei enkelskjebne, og at det ville bli krevjande, akkurat som sakene til dei 4600 som vart sende ut i fjor og dei fleire tusen i år. Alle har sine historier, svarte Jens Stoltenberg.
LES OGSÅ:
Han tok opp igjen at alle instansar, både i Noreg og Finland, har slått fast at Maria Amelie ikkje oppfyller krava til å få asyl, fordi ho ikkje treng eit spesielt vern.
Han gjorde det klart at det er viktig at dei som ikkje oppfyller asylkravet, må sendast ut. Dette for å sikre innhaldet i asylordninga.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Politifagleg
Stoltenberg ville ikkje meine noko om måten ho vart arrestert på og behandla etter arresetasjonen, fordi han som statsminister vil vere varsam med å meine noko om det politifaglege.
Han minte om Maria Amelie står fri til å søkje om arbeidsløyve, men at ho må følgje regelverket og gjere det frå landet ho kom frå.
Fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik.
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIXPå spørsmål om korleis har vurderer at så mange internt i regjeringa og i Arbeidarpartiet har vore kritiske til arrestasjonen, svarte statsministeren at det ikkje er så rart. Men han seier likevel at han opplever det er sterk støtte til det gjeldande regelverket.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Intern kritikk
Internt i Arbeidarpartiet har vedtaket om å sende ut Maria Amelie møtt motstand. Fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik, er ei av dei kritiske røystene i partiet. I eit intervju med NRK.no i ettermiddag seier han blant anna at han ikkje har møtt nokon som ser på utsendinga som ei rett avgjerd.
LES OGSÅ:
Han meiner saka utan tvil er skadeleg for Arbeidarpartiet, og at han aldri har fått så mange reaksjonar i ei enkeltsak som i denne. Han meiner Maria Amelie bør få bli verande i Noreg.
Fleire sentrale Ap-politikarar kallar avgjerda for ei vanskeleg sak, blant andre Eva Kristin Hansen, fylkesleiar i Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag og stortingsrepresentant.
Vil endre regelverket
Eva Kristin Hansen er fylkesleiar for Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIXFylkesleiar i Nord-Trøndelag Ap, stortingsrepresentant Gerd Janne Kristoffersen, seier at saka viser at regelverket bør endrast slik at personar som Maria Amelie får opphald i Noreg. Ho meiner det er naturleg at saka blir behandla i stortingsmeldinga om born og immigrasjon, som regjeringa arbeider med.
Fylkesleiar i Oppland Ap, Kjersti Stenseng, meiner det er naudsynt at sjå på oom regelverket burde vere meir fleksibelt, spesielt for born som er integrerte, har lært seg språket og har levd mesteparten av barndomen her i landet.
Tidlegare Ap-statsråd og noverande fylkesråd i Nordland, Odd Eriksen, åtvarar mot at politikarar fråskriv seg ansvar i innvandringssaker. Han meiner det er feil å lage reglar som er så firkanta at det ikkje er rom for menneskeleg skjønn. Han meiner at Maria Amelie ikkje kan straffast for feil foreldra hennar har gjort.
LES OGSÅ: