Hopp til innhold

Vil gjere det enklare for politiet å gi kriminelle oppholdsforbud

Justisministeren vil senke terskelen for å gi unge kriminelle eit besøksforbod for kriminelt belasta strøk. Forsvarargruppa i Advokatforeininga meiner Per-Willy Amundsen kun ønsker å sanke valstemmer.

Per-Willy Amundsen

VIL UTVIDE OPPHALDSFORBOD: – Terskelen må senkjast for å kunne gi oppholdsforbud, og lova må bli meir tilpassa formålet. Det vil også seie at ein må kunne gi eit forbod som rommar ein heil bydel, og i lengre tidsperiodar, seier Per-Willy Amundsen, justisminister frå Frp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Politiet har nyleg slått til mot 90 personar dei knyter til vald, narkotika og anna kriminalitet i Søndre Nordstrand.

John Roger Lund, stasjonssjef Stovner

– Politiet vil ikkje bruke opphaldsforbod i tide og utide, men der det er nødvendig vil vi sjølvsagt vurdere det, seier John Roger Lund i Oslo politidistrikt.

Foto: Martin Zondag / NRK

Tre unge menn er varetektsfengsla, etter at politiet spana på eit depot med rundt 6 kg hasj nær ein barneskule på Mortensrud.

I same område har politiet gått til tingretten to gonger for å gi ein 18-åring besøksforbod i eit halvt år, for å hindre han i å gjere seg skuldig i nye lovbrot i området.

– Det er nødvendig når personar påverkar lokalmiljøet negativt, slik at det fører til utryggleik blant medborgarane våre, sa John Roger Lund, leiar for avdeling Øst i Oslo politidistrikt til NRK.

– Politiet vil ikkje bruke opphaldsforbod i tide og utide, men der det er nødvendig vil vi sjølvsagt vurdere det, seier Lund.

Politiet har gått til retten fleire gonger for å gi nokre få unge menn langvarige opphaldsforbod.

Mortensrud senter

Nyleg fekk ein 18-åring, som er dømd for mindre forhold, forbod mot å vere på Mortensrud senter og torg i eit halvt år.

Vil senke terskelen

– Det må bli enklare for politiet å ta i bruk dette som eit verktøy, for å overvinne gjengkriminelle, seier Per-Willy Amundsen, justisminister frå Frp.

Dagens straffeprosesslov gjer det for vanskeleg for politiet å kunne gi opphaldsforbod eller besøksforbod i saker om vald, narkotika og gjengkriminalitet, meiner justisministeren.

Ifølge Amundsen er arbeidet i gang for å tilpasse lova, slik at politiet lettare kan gi enkeltpersonar eit langvarig forbod mot å opphalde seg i eit geografisk område.

Etter planen vil lovforslaget leggjast fram på Stortinget etter hausten, sjølvsagt avhengig av utfallet av valet.

– Terskelen må senkjast for å kunne gi oppholdsforbud, og lova må bli meir tilpassa formålet. Det vil også seie at ein må kunne gi eit forbod som rommar ein heil bydel, og i lengre tidsperiodar, seier Amundsen.

Forsvararforeininga: – Fungerer allereie

Leder i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson

Ifølge leiar av Forsvararforeninga, Marius Dietrichson, finnast det allereie regler for kontakt- og opphaldsforbod som «fungerer utmerkt» for politiet og domstolen.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

– Ein person si rett til å bevege seg fritt i samfunnet inntil han eller ho gjer noko gale, er heilt grunnleggande. Det skal gode, sterke grunnar til for å endre det, seier Marius Dietrichson, leiar i Forsvarargruppa i Advokatforeininga.

Ifølge Dietrichson finnast det allereie regler for kontakt- og opphaldsforbod som «fungerer utmerkt» for politiet og domstolen.

– Eit forbod kan påleggjast raskt og presist, men at ein likevel meiner at det skal strammast inn ytterlegare, forstår eg ikkje. Eg er heilt samd i at politiet skal styrkast, men borgarvernet må ikkje svekkast.

Leiaren av forsvarargruppa seier at det einaste som har endra seg er at det i år er val:

– Ein brukar ikkje strafferetten til å sanke stemmer.

– No forfølgast personar på grunn av ei gjetting om at dei kjem til å gjera noko gale. Ein skal straffast for noko ein gjer, ikkje for noko ein kanskje skal gjera, seier Dietrichson.

Justisministeren: – Ikkje ein straffereaksjon

Justisministeren avviser at han berre freistar å sanke stemmer:

– Det er viktig å understreke at oppholdsforbud ikkje skal vere ein straffereaksjon. Det skal vere med på å førebyggje kriminalitet, og å sørge for tryggleiken til innbyggarane, seier Amundsen.

– Men det er eit stort inngriping overfor dei som då ikkje får opphalde seg i eit stort område?

– Så kan ein seie at det utgjer eit stort inngriping i folk sine liv, når dei fører til vald og kriminalitet i andre sine nærområde, seier Amundsen.

Han understrekar at personane sin rettstryggleik skal sikrast gjennom rettssystemet. Politiet skal framleis gå til retten for å halde oppe eit oppholdsforbud.

Forsvarar: – Heilt urimeleg

18-åringen som fekk besøksforbod, er dømd i ei straffesak og tiltalt for oppbevaring hasj i Mortensrud.

Samtidig har politiet hevda i tingretten at han er sentral i eit kriminelt nettverk, som skal ha hasjlagre i område tilknytt barnehage og barneskule, og som rekrutterer svært unge til narkotikaverksemd.

Retten støtta seg i stor grad til politiet si forklaring, då dei påla 18-åringen eit besøksforbod i juni som varar til januar 2017. Forbodet gjelder Mortensrud senter og nærområde.

– Det er heilt urimeleg, seier forsvarar Helene Elness.

Ho seier 18-åringen ikkje har dommar på seg som skulle forsvare ein slik reaksjon, og har anka til lagmannsretten basert på at forbodet er ein uforholdsmessig reaksjon mot hennar klient.

I anken seier ho at politiet ikkje har lagt fram dokumentasjon på sakene dei hevdar 18-åringen er involvert i.

– Politiet må gjerne bruke besøksforbod, men det må trass alt vere grunnlag for det, seier Elness.

Mortensrud senter

AKTUELT NÅ