Ifølge VG vart dei tilsette i publikumsavdelinga på apoteket på Rikshospitalet ved Oslo universitetssjukehus (OUS) tysdag sette i karantene. Dei to apotektilsette har handtert pasientar som har kjøpt reseptlegemiddel.
– Die to tilsette har det bra og er heime i isolasjon, seier Tore Prestegard, administrerande direktør i Sykehusapotekene HF.
Han opplyser at pasientane er spora opp og kontakta. Det er likevel ikkje noko krav om at pasientane skal teste seg, sidan kjøp over disk ikkje vert rekna som nærkontakt. Kundane har fått beskjed om å kontakte helsevesenet eller koronatelefonen ved behov.
– Det er ikkje stadfesta andre smitta enn så lenge, seier Prestegard.
Les og: