Hopp til innhold

Veljarane strøymer tilbake til Solberg under koronakrisa

Høgre og statsminister Erna Solberg hadde ein elendig vinter. Dei såg dei verste meiningsmålingstala på ti år. Så kom koronakrisa.

Videokonferanse med kommuner

TØFFE TIDER: Etter veker med krisekommunikasjon frå statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie kjem veljarane tilbake.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

No går Høgre fram heile fem prosentpoeng til 24,9 prosent, viser Norstats aprilmåling gjort for NRK og Aftenposten. Tilliten til statsministeren går også i vêret.

Sidan det politiske minnet vårt ikkje alltid går så langt tilbake, kan det vere grunn til å repetere kva bildet var for ein månad sidan. Før viruset.

Høgres mørke vinter

«De store slit» skreiv NRKs politiske kommentator Lars Nehru Sand i starten av mars. Han forklarte kva som hadde skjedd i norsk politikk etter at Frp-leiar Siv Jensen storma ut regjeringsdøra og smalt ho igjen med eit brak 20. januar.

Det var Høgre som fekk døra i trynet. Erna Solbergs prestisjeprosjekt og langvarige draum – borgarleg firepartiregjering – hadde rakna.

Marsmålinga var Høgres dårlegaste sidan november 2009. Høgre var under 20 prosent.

Ikkje nok med at firepartiregjeringa havarerte. Då det sakte gjekk opp for nordmenn at viruset kom til å prege også vår kvardag, måtte statsminister Erna Solberg bruke tid på å handtere den ferske fiskeriministerens etterløn. Og regjeringspartnar Venstres evige internstrid enda med at Trine Skei Grande vart den andre statsråden som trakk seg på halvanna veke.

Men så kom korona

I starten av koronakrisa fekk statsministeren kritikk for å vere usynleg og seint ute. Men dei tre siste vekene har ho iallfall ikkje vore vanskeleg å få auge på. Nesten dagleg har både statsminister Erna Solberg og Høgre-nestleiar, helseminister Bent Høie, brifa det norske folk. Den andre nestleiaren, finansminister Jan Tore Sanner, har stått i TV-ruta og strødd om seg med milliardar.

Og no gjer Høgre eit uvanleg stort sprang. Fem prosentpoeng opp frå ein månad til neste. Brått har partiet same oppslutnad som dei hadde i stortingsvalet 2017.

Partibarometer april 2020

Periode 23/3–29/3. 953 intervjuer. Feilmarginer fra 0,8–3,2 pp.
R
3,7 %
−0,9
SV
7,2 %
−1,2
AP
25,7 %
+2,0
SP
15,3 %
−1,1
MDG
3,7 %
−1,2
KRF
2,8 %
−1,3
V
3,6 %
+0,9
H
24,9 %
+5,0
FRP
12,0 %
−1,2
Andre
1,1 %
−1,0
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. 953 personer er oppringt, 713 har oppgitt partipreferanse.

Det andre av dei to store partia, Arbeidarpartiet, går også fram. Med 25,7 prosent er partiet så vidt større enn Høgre.

Men statsministermålinga som Norstat gjer for NRK stadfestar at veljarane no først og fremst vender seg til regjeringssjef Erna Solberg.

På spørsmålet «kven meiner du er best skikka til å vere statsminister i Noreg?» blir det lese opp to alternativ – Erna Solberg og Jonas Gahr Støre.

55 % svarer Erna Solberg, 28 % svarer Jonas Gahr Støre. 17 % seier dei ikkje veit.

Det er eit Solberg-byks på nesten 12 prosentpoeng og det tredje største forspranget ho har hatt på utfordrar Støre så lenge han har vore Ap-leiar.

Kriseeffekten

Veteranen i norsk valforsking, professor Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo og Institutt for samfunnsforsking, stadfestar at ein statsminister som handterer ei krise bra, kan få ein politisk gevinst.

Bernt Aardal

FORSKAR: Professor Bernt Aardal forskar på kva som styrer våre politiske val. Her med boka «Valg og veljarar» som tok for seg stortingsvalet i 2013.

Foto: Ingvild Baltzersen Sund / NRK

Han meiner finanskrisa i 2008 er mest naturleg å samanlikne med.

Den gongen var Jens Stoltenberg (Ap) statsminister. Ei krise som starta med at amerikanske bankar gjekk over ende på grunn av rotne bustadlån, skapte finansiell krise verda over. Også norske bankar og norsk økonomi vart råka hausten 2008. Regjeringa svarte med å gje norske bankar tilgang på «statens gullkort».

– I august det året hadde Ap eit snitt på meiningsmålingane som var på 26,5 prosent. Då vi kom til februar hadde dei klatra sakte, men sikkert opp til over 34 prosent.

Aardal fann forskingsmessig grunnlag for å seie at det eksisterte ein kriseeffekt for statsministeren og det største regjeringspartiet Ap den gongen.

– Vi undersøkte dette i veljarundersøkinga etter valet i 2009. Vi fann tverrpolitisk semje mellom veljarane om at den raudgrøne regjeringa hadde handtert finanskrisa bra.

Søkjer til styringspartia i krisetider

– Samanliknar vi oppslutninga rundt dagens regjering med andre regjeringar sin popularitet under kriser så ser vi ein trend, seier Johannes Bergh.

Bergh leiar til dagleg Stortingsvalgundersøkelsen ved UIO.

Han er ikkje overraska over at Høgre, Ap og Venstre går fram medan dei andre partia går tilbake i tysdagens meiningsmåling.

Bergh meiner lydige opposisjonsparti taper veljarar, medan dei tradisjonelle styringspartia Ap og Høgre tener på samarbeidslinja Stortinget har lagt seg på.

– Sjølv om alle partia samarbeider no så ser det frå veljarane sin ståstad ut som om at det er Høgre og dei andre regjeringspartia og kanskje styringsparti som Ap som no har styringa, seier han.

Solberg i front i unntakstilstand

– Det er statsministeren som står i front når vi møter er ei krise. Slik har det vore før og slik er det no, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NRK, som meiner den personlege oppslutnaden om Solberg dermed ikkje er unaturleg.

Han vel å legge meir vekt på partimålinga.

– Målingar i ei krisetid får vi ta som det er. Men at Arbeidarpartiet styrkar seg, trur eg er eit uttrykk for at folk ser at vi legg vekt på tiltak som treff i krisa og som er sosialt rettferdige.

Frp-leiar Siv Jensen meiner ikkje sjølve partimålinga har så stor verdi akkurat no.

– Eg trur det er vanskeleg å lese for mykje ut av partimålingar midt i denne unntakstilstanden. Det er vanskeleg for partia å drive partipolitikk. No samlar vi oss om kloke løysingar og alle prøvar å stille seg bak regjeringa som trass alt har det operative ansvaret, seier Jensen.

Men då forskar Bernt Aardal undersøkte 2009-valet fann han at krisehandtering kan vere høgst avgjerande.

– Vår tolking var at handteringa var med på å sikre ein ny periode for Stoltenberg-regjeringa, seier Aardal.

Ap, SV og Senterpartiet tok fatt på sin andre periode som regjeringsfellesskap etter valsigeren i september 2009.

Trur situasjonen er avgjerande

– Oppslutnaden om Høgre skuldast vel handteringa av situasjonen vi er oppe i, seier statsminister Erna Solberg sjølv til NRK.

Statsminister Erna Solberg (H) kommenterer aprilmålinga frå Norstat for NRK og Aftenposten samt statsministermålinga som gir henne solide tal.

Statsminister Erna Solberg (H) kommenterer aprilmålinga.

– Tenker du at dei gode tala for Høgre er utelukkande ein kriseeffekt?

– Det er vanskeleg å sjå at det er andre saker som er særleg dominerande i mediebildet no. Samtidig får vi vist fram eit godt og breitt mannskap som gjer ein god jobb. Det er utruleg mange menneske som jobbar ekstremt mykje for tida. Det gjeld heile regjeringsapparatet.

– Kva trur du framgangen for deg som statsminister skuldast?

– Det er vel kanskje ein styrke å vere statsminister i ein slik periode dersom ein handterer situasjonen på ein grei måte. Det er hyggeleg med gode tal, men det viktige er å klare å handtere denne oppgåva på ein god måte.

– Trur du krisehandteringa kan hjelpe deg i kampen for å vinne attval?

– Det er ikkje hovudfokuset mitt no, for det er mange tunge tak som må bli tekne i månadane framover. Men det er hyggeleg å få gode tal på vegen.

Målingane er gjort av Norstat frå måndag til søndag i førre veke. I tillegg til Høgre og Ap, går Venstre litt fram. Alle andre parti går tilbake. Høgres framgang er saman med tilbakegangen for KrF og «andre» parti signifikant. Det betyr at desse endringane er så store at dei er statistisk sikre. Endringane for dei andre partia er innanfor feilmarginen.

AKTUELT NÅ