Hopp til innhold

Kjell Inge Røkke melder flytting til Sveits

Forretningsmannen og Aker-eigaren Kjell Inge Røkke flytter frå Asker til Lugano i Sveits. Det melder Røkke sjølv i dag.

Kjell Inge Røkke

Forretningsmannen Kjell Inge Røkke har bestemt seg for å flytte til Sveits.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

I eit brev til aksjonærar og medarbeidarar skriv Røkke at det har vore eit vanskeleg val, men at han no har bestemt seg for å flytte frå Noreg til Sveits.

Samtidig skriv han at verksemdene skal halde fram med å vere norske.

– Min kapital skal framleis arbeide i Noreg. Familieselskapet TRG og børsnoterte Aker held fram som før med norsk forankring og kunnskapsdriven industriutvikling med verda som marknad, står det i brevet.

Det var Dagens Næringsliv som omtalte saka først.

Flyttar til Lugano

Røkke understrekar i brevet at han framleis skal vere ein langsiktig hovudeigar og styreleiar i Aker.

– Samtidig er det naturleg at eg etter kvart vurderer å tre ut av styret i fleire av porteføljeselskapa. Eg vil bruke meir av tida og ressursane mine på filantropiske aktivitetar, skriv han.

Les også Røkke sikrer seg større bit av indrefilet på norsk sokkel 

Røkke skriv at byen Lugano i det sørlege Sveits blir den nye adressa hans. Byen blei ikkje vald av økonomiske omsyn, ifølge Røkke.

– Eg valde Lugano som nye bustad – det er verken billegast eller har dei lågaste skattane, men det er til gjengjeld ein flott stad som ligg sentralt i Europa.

Han skriv også at han har gitt bustaden i Asker i gåve til ekskona Anne Grete som skal bu der saman med barna dei har saman.

Du kan lese heile brevet frå Røkke her.

Ordføraren takkar Røkke

Asker-ordførar Lene Conradi (H) skulle gjerne sett at Røkke blei buande i kommunen, men seier at det er lite dei kan gjere med at han no har valt å flytte på seg. Ho fryktar ikkje at dette skal påverke dei kommunale tenestene.

– Skatteinntektene frå innbyggarane er ein viktig del av inntektsgrunnlaget til kommunen, og er med å sikre tenester til innbyggarane. Difor er skatteinntektene frå alle innbyggarane viktig, sjølv om Røkke har bidrege mykje.

Les også Røkke sikrer seg større bit av indrefilet på norsk sokkel 

Ho er takksam for den tida forretningsmannen valde å bu i kommunen, og for det han har bidrege med som innbyggar.

– Han har vore oppteken av og ønska å gi noko tilbake til lokalsamfunnet han og familien er ein del av. Eg ønsker Kjell Inge alt godt, og er sikker på at han framleis vil bidra med verdiskaping og arbeidsplassar i Noreg.

Trur fleire vil flytte

Skatteprofessor Guttorm Schjelderup ved NHH meiner det er nærliggande å tru at Røkke melder flytting no for å unngå å betale skatt på dei verdiane han har opparbeidd seg.

– Dersom han bur ute i fem år, blir han i praksis skattefri. Så veit nok Røkke at det blir jobba med å tette dette skatteholet, slik at ein må vere utflytta i langt meir enn fem år. Difor er det gunstig å flytte ut no.

Grunnen til at det kan vere gunstig, er at det blir jobba med å gjere endringar som skal gjere det mindre lønsamt å flytte formuar utanlands.

Blant anna skal Skatteutvalet, som blei sett ned i desember i fjor, sjå på tiltak for å unngå at folk flyttar til utlandet for å spare skatt. Dei har frist til 1. november med å legge fram sine forslag.

Guttorm Schjelderup

Professor Guttorm Schjelderup ved NHH.

Foto: NRK

Schjelderup trur fleire rikingar kan kome til å gjere som Røkke i tida som kjem.

– Mange som har stor formue er klar over at det blir jobba med å tette femårsregelen, slik at det blir vanskelegare å flytte ut. For dei som vurderer dette, er det no eller aldri.

Også professor emeritus i skatterett ved Handelshøyskolen BI, Ole Gjems-Onstad, meiner flyttinga heng saman med skatten Røkke må betale. Han trur Røkke kan ha betalt rundt 660.000 kroner om dagen i formuesskatt.

– Alle som driv med økonomi og finans og skatt tenker at Røkke flyttar på grunn av formuesskatten, uansett om han seier at det er fint klima og at det ligg sentralt.

Han kallar flyttinga eit frontalangrep på formuesskatten, som ifølge Gjems-Onstad er ein bagatell i Sveits samanlikna med Noreg.

Les også Bjørn Dæhlie flytter til utlandet

Bjørn Dæhlie

Skatteadvokat og medlem i Skatteutvalet Bettina Banoun i Wiersholm seier ho ikkje vil uttale seg Røkkes skattesituasjon, men at ho har merka seg at norsk skattlegging av aksjar er blitt skjerpa.

Ho merkar at det er mange som no søker hjelp.

– Som skatteadvokat har eg i 2022 opplevd ein markant sterkare pågang enn tidlegare av formuande personar som vurderer å flytte ut.

SV ikkje overraska

Nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, seier det dessverre har blitt ganske vanleg for dei rikaste å flytte til Sveits for å unngå skatt.

SV har tidlegare blant anna foreslått å utvide femårsregelen til ti år. Fylkesnes meiner det hastar med å få på plass ordningar som kan hindre slik flytting.

– Du kan ikkje få eit klarare eksempel på kvifor SVs forslag om ein fråflyttingsskatt er ein god ide. Eg fryktar at fleire av landets superrike vil forlate landet fram til ein slik skatt blir innført. No må regjeringa ta grep,

Torgeir Knag Fylkesnes

SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.

Foto: Torstein Bøe

Hadia Tajik i Arbeidarpartiet seier ho er overraska og skuffa over at Røkke no tek flyttelasset sitt til Lugano.

– Kjell Inge Røkke er Noregs rikaste mann, og annonserer at han no er ferdig som bidragsytar til det norske fellesskapet. Eit fellesskap og eit samfunns om har bidrege med sitt til Røkkes karriere og formue.

Hadia Tajik

Hadia Tajik (Ap).

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Vil ikkje redusere skatten

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er også skuffa over Røkkes val, og at han ikkje lenger vil betale skatt til Noreg. Han meiner det ikkje er eit alternativ å kome dei rike i møte med lågare skattar.

– Raudt meiner dei rikaste bør bidra meir til fellesskapet, og det er viktig at Noreg ikkje lar seg halde som gislar av milliardærar som trugar med kapitalflukt. Dersom vi set ned skattane for å hindre at folk som Røkke flyttar, bidreg vi til eit kappløp mot botnen i skattepolitikken.

Une Bastholm i MDG synest det er vanskeleg å overprøve Røkkes forklaringar på kvifor han flytter. Men ho registrerer at det er mange rike som no vel seg adresser i Sveits.

– Det er eit trist mønster her, der ei rekke superrike nordmenn har meldt flytting til Sveits, eller vel å plassere forretningar og pengar i skatteparadiset.

Rosar Røkke

Næringspolitisk talsperson i Venstre, Alfred Bjørlo, synest det er synd at Røkke gjer sveitsar av seg.

– Han er ein av dei store industribyggarane i vår tid, og har skapt tusenvis av arbeidsplassar for Noreg. På ein dag som denne er det på sin plass å rose han for innsatsen.

Alfred Bjørlo

Næringspolitisk talsperson i Venstre, Alfred Bjørlo.

Foto: Geir Olsen / NTB

Han fryktar at fleire rike skal flytte på grunn av den varsla politikken regjeringa vil føre.

– Med ei regjering som aukar formuesskatten og snakkar ned det å bygge næring i Noreg, er det ikkje sjølvsagt at folk, sjølv ikkje norske kapitalistar, vel å etablere næring her, seier han.

Han får støtte frå næringspolitisk talsperson i Frp, Sivert Bjørnstad.

– Dersom vi har eit skattetrykk som er for høgt, bidreg det til at ressurspersonar som vi er heilt avhengige av forsvinn ut av landet.

Vil ikkje spekulere

Leiaren av næringskomiteen på Stortinget, Willfred Nordlund (Sp), seier han ikkje vil spekulere på kvifor Røkke no har sendt flyttemelding.

– Senterpartiet er opptekne av nasjonalt eigarskap, og at alle nordmenn betaler skatt etter evne til fellesskapet. Røkke har ikkje gått inn på årsakene til flyttinga si, difor spekulerer ikkje eg i kva dei kan vere, seier han.

Willfred Nordlund i Senterpartiet

Willfred Nordlund i Senterpartiet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

KrF-leiar Olaug Bollestad ønsker Røkke lykke til når han no flyttar til Lugano.

– Naturen i Sveits er jo ikkje så ulik den på Nord-Vestlandet der Røkke har vakse opp. Så eg håper han kjenner seg heime der. Dessutan er det synd for Arbeidarpartiet og Støre-regjeringa at dei mister ein viktig støttespelar og skattebidragsytar, seier ho.

AKTUELT NÅ