Hopp til innhold

Støre styrkar stillinga - dreg frå Høgre og Senterpartiet

Arbeidarpartiet dreg frå både hovudkonkurrent Høgre og Senterpartiet i NRKs supermåling for august. Støre kan bli statsminister, men må truleg ta omsyn til ei høglydt fløy til venstre for seg.

støre-valgkamp-120821

RAUD OG KLAR: Ap-leiar Jonas Gahr Støre klar for kajakk-padling på Senja-turné i dag. Ap er styrka, men mange raudgrøne parti vil ha eit ord med i laget.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Skyene ligg lågt nedover fjellsida ved Ersfjordstranda på Senja når Ap-leiar Jonas Gahr Støre får dei siste målingstala frå NRK.

Med 25,5 prosent er Ap klart største parti. Men det er langt unna gamle nivå. Eit slik resultat i stortingsvalet vil vere det dårlegaste sidan krisevalet i 2001.

Likevel: Målinga gir dei fem raudgrøne partia heile 108 mandat, mens partia på høgresida får berre 61.

– For Arbeidarpartiet er dette ein hyggeleg opptur, eg håpar den vil fortsette, seier Støre.

Meningsmåling august 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med juni 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.9% (endring: +0.7
SV: 6.9% (endring: -0.9
AP: 25.5% (endring: +1.4
SP: 16.2% (endring: -1.5
MDG: 4.3% (endring: +0.6
KRF: 3.1% (endring: -0.5
V: 3.3% (endring: +0.6
H: 21.1% (endring: -1.9
FRP: 10.9% (endring: +0.7
Andre partier: 3.9%
Utført av Norstat 28 juli.–11. august11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

NRKs supermålingar er spesielle fordi heile 11.400 veljarar i alle valdistrikt blir spurt. Då NRK målte alle valdistrikta første gongen i år, i april, var Høgre største parti.

I juni hadde Ap gått forbi Høgre.

No er det ingen tvil om at Ap er største parti, 4,4 prosentpoeng framfor Høgre.

Og Støres ønska regjeringsalternativ ligg godt an.

– Ei arbeidarpartileia regjering med Senterpartiet og SV har fleirtal på denne målinga, slår Støre fast.

91 mandat for å vere presis. Dei må ha 85 i Stortinget for å ha fleirtal.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan styre skuta som statsminister etter valet. På Senja måtte han nøye seg med ein kajakk på Ersfjordsstranda. Foto: Andreas Lekang

STYR: Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan styre skuta som statsminister etter valet. På Senja måtte han nøye seg med ein kajakk på Ersfjordsstranda.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Nedgang for Vedum

For alliansepartnar Senterpartiet peikar pilane motsett veg. Ein oppslutnad på 16,2 prosent er årsverste i Norstats målingar. Ikkje sidan oktober i fjor har oppslutnaden vore lågare. Likevel hevdar Sp-leier Trygve Slagsvold Vedum at målinga er god for partiet.

Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum.

NEDGANG: Sp-leiar Trygve S. Vedum.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Dette er seks prosentpoeng opp frå førre stortingsval og på nivå med det beste stortingsvalet i Senterpartiets historie. Vi har eit veldig godt utgangspunkt for valkampen som vi no er inne i.

Var det eit feilgrep å stå fram som statsministerkandidat i juni?

– Vi har lege høgt på målingane og så varierer det litt frå måling til måling, seier Vedum.

Hans draumeregjering, utgått av Sp og Ap, samlar 79 mandat og er seks mandat unna fleirtal. Men framleis vil ikkje Sp-leiaren svare på om han har ein Plan B som omfattar eit regjeringssamarbeid med SV.

– Vi går til val på ei Sp/Ap-basert regjering. No har vi sett dei siste dagane at det er fem-seks mandat som skal til for at Ap og Senterpartiet har fleirtal. Så skal veljarane avgjere samansetjinga av Stortinget den 13. september, seier Vedum.

Sterk venstreside

NRKs supermålingar har vist at ingen av dei fire partia som kjempar mot sperregrensa kan vere sikre på å klare målet.

Også i denne målinga er marginane små, men både Raudt (4,9) og MDG (4,3) kjem over grensa på 4 prosent for utjamningsmandat. KrF og Venstre er under.

Mandatfordeling august 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 47 mandater, endring -2
H: 38 mandater, endring -7
SP: 32 mandater, endring +13
FRP: 19 mandater, endring -8
SV: 12 mandater, endring +1
R: 9 mandater, endring +8
MDG: 8 mandater, endring +7
KRF: 2 mandater, endring -6
V: 2 mandater, endring -6
Utført av Norstat 28 juli.–11. august11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Sjølv om Senterpartiet aldri så mykje ønskjer ei toparti-regjering, så vil eit slikt resultat bety at 29 representantar frå SV, R og MDG vil gjere sitt for å få innverknad på raudgrøn politikk.

Blant valbodene på Karl Johan har Oslo-veljar Ragnar Bang Huseby ei klar oppfatning av kva som ligg bak bodskapen frå Senterpartiet.

– Eg tenker det kan vere spel. Dei vil kanskje ha stemmer frå misnøgde borgarlege veljarar som ikkje er interesserte i at SV kjem til makta, påpeikar han.

Ragnar Bang Huseby trur Senterpartiets svar på spørsmåla om samarbeid er prega av politisk spel.

SPEL: Ragnar Bang Huseby trur det Sp seier om samarbeid, er politisk spel. Foto: Cicilie S. Andersen

– Det kan vere at ting endrar seg når valet er over. Dei må jo ha fleirtal for eit statsbudsjett til dømes, seier Bang Huseby.

Same plass treff NRK tidlegare SV-veljar Ane Sangnes som har meldt seg inn i MDG etter at FN denne veka la fram sin nye klimarapport. Ho vil helst ha ei ny regjering med Ap, SV og MDG.

– Eg ønskjer meg ei sterk venstreside utan Senterpartiet. For der er det såpass mykje som eg er usamd i. Og jo fleire stemmer Raudt, SV og MDG får, jo sterkare blir dei i fellesskap, seier ho.

Ane Sangnes har nettopp meldt seg inn i MDG. Ho drøymar om ei regjering med Ap, SV og MDG - utan Senterpartiet. Foto: Cicilie S. Andersen

NY: Ane Sangnes har nettopp meldt seg inn i MDG. Ho drøymer om ei regjering med Ap, SV og MDG - utan Sp. Foto: Cicilie S. Andersen

Dei fleste som er blitt spurde i målinga er blitt oppringt før FN-rapporten vart lagt fram.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes seier at dersom det faktisk blir ei Raudt-gruppe med ni stortingsrepresentantar, så har partiet tenkt å stille politiske krav.

– For oss er det viktig at vi får ei ny retning for landet vårt. Eit sterkt Raudt og ei sterk kraft til venstre for ei ny regjering, enten den er leia av Støre eller Vedum, er avgjerande for å snu åtte år med skattekutt, velferdskutt og sentralisering.

Regjeringsskifte

Høgre går tilbake nesten to prosentpoeng frå førre måling.

Men Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner avviser blankt at slaget er tapt.

– Nei, eg har god tru på valseier. Denne målinga er eit greitt utgangspunkt for innspurten. Det er ein månad att av valkampen.

– Kvifor går oppslutnaden om Høgre tilbake?

– Det er store svingingar i ein valkamp. Eg har tru på at Høgre vil vekse fram mot valdagen. Det står mykje på spel i denne valkampen, og det trur eg at veljarane vil sjå.

– Høgre var størst på enkelte målingar for nokre månader sidan. No er Arbeiderpartiet klårt størst. Er det bittert?

– Dette er inga god måling for Arbeiderpartiet. Det vi no ser er eit svekka Arbeiderparti, seier Sanner og viser til kva slags nivå partiet historisk har lege på.

Høgre og Erna Solberg tapar terreng i NRKs nye supermåling. Her driv statsministeren valkamp i Trondheim. Foto: Morten Andersen/NRK

TILBAKEGANG: Høgre og Erna Solberg taper terreng i NRKs nye supermåling. Her driv statsministeren valkamp i Trondheim. Foto: Morten Andersen/NRK

Ingen nye parti

«Andre parti» som i dag ikkje er representerte på Stortinget får samla sett 3,9 prosent oppslutnad på målinga, men ingen er store nok til at meiningsmålingsbyrået Norstat har berekna eit konkret oppslutningstal for nokon av desse partia. Ingen av dei er i nærleiken av å kome inn på Stortinget.

Demokratane er det av dei «andre» partia som blir nemnd av flest og er også det einaste av dei mindre partia som blir nemnd av veljarar i alle valdistrikt.

I valkampen gjennomfører NRK fire supermålingar. Desse målingane skil seg frå andre ved at det er langt fleire spurte. I praksis er kvar supermåling 19 målingar frå kvart valdistrikt (dei tidlegare fylka) som blir slått saman til ei stor.

Enkeltmålingane frå kvart enkelt distrikt blir publisert fredag 13. august.

Les meir om NRKs meiningsmålingar i valkampen.

AKTUELT NÅ