Partia som vil ha regjeringsskifte har styrka posisjonen endå litt til sidan førre gong NRK målte alle valdistrikta i landet for to månader sidan.
NRKs supermåling for juni måler alle valdistrikt i landet grundig. Den gir 65 representantar til partia som støttar Erna Solberg som statsminister, 104 til partia som ønskjer ei ny regjering.
Meningsmåling juni 2021 for Nasjonal
Målinga er samanlikna med supermålinga i april fordi målingar bør samanliknast med målingar med likast mogleg metodikk.
Ein del av bildet som gjer at det ser sannsynleg ut med regjeringsskifte, er at Raudt no har reelt håp om å slå skikkeleg gjennom i rikspolitikken.
Håp om nasjonalt gjennomslag
4,2 prosent ville vere eit resultat som sikra Raudt-leiar Bjørnar Moxnes sju nye partikollegaer på Stortinget. Det kan skje, viser NRKs supermåling.
– Eg trur mange er luta lei av den borgarlege regjeringa og ønskjer ny regjering, men også ny politikk, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes i sommarregnet i Oslo.
– Dei ser at Raudt trengst for å presse Ap og Sp til ny politikk, meiner Moxnes.
I NRKs supermålingar spør Norstat 600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta (dei tidlegare fylka). Det gir heile 11.400 spurde og eit solid grunnlag for å seie korleis det ligg an i kvart distrikt.
I den siste vanlege nasjonale målinga med 1.000 spurte var Raudt oppe på heile 5,9 prosent. Med fleire spurde blir feilmarginane mindre, og bildet ser ikkje fullt så rosenraudt ut. Når ein tek omsyn til feilmarginen, kan også Raudt vere like under 4 prosent. Men viss dei faktisk er på 4,2 eller betre, kan det bli den heilt avgjerande forskjellen.
Desimalane avgjer
Eit Raudt over 4 prosent vil nemleg bidra til å endre maktforholda.
Om denne målinga blir valresultatet, kjem Raudt til å ha fleire representantar på Stortinget enn Venstre, KrF og MDG til saman.
Mandatfordeling juni 2021 for Nasjonal
I førre stortingsval var det KrF og Venstre av småpartia som klarte sperregrensa på 4 prosent. Parti som kjem seg over den grensa på nasjonalt nivå, får tildelt det som blir kalt utjamningsmandat.
Med enkle ord: dei får fleire representantar.
Venstre og KrF har 8 representantar på Stortinget i dag fordi dei klarte sperregrensa sist, og er så viktige parti at dei sit i regjering og styrer landet.
MDG og Raudt klarte ikkje 4 prosent ved valet i 2017, og har difor berre kvar sin partileiar innvalt frå Oslo på Stortinget.
Venstre må klare det igjen
Skal det vere håp for Erna Solbergs prosjekt må truleg både KrF og Venstre over 4 prosent.
Og rett skal vere rett: Venstre har tradisjon for å løfte seg i valkamp.
2013: Venstre klarte det, og partileiar Grande jubla på valvaka.
– Vi klarte det! jubla Venstre-leiar Trine Skei Grande til partiet sitt på valvaka i 2013 då partiet gjekk frå ei tilvære med to stortingsrepresentantar til å få ei stortingsgruppe med mange representantar.
Så viktig er sperregrensa.
Viss vi tek snittet av meiningsmålingane i juni i stortingsvalår som utgangspunkt, så har Venstre løfta seg i tre av dei fire siste:
- I 2017 frå 3,3 til 4,4.
- I 2013 fra 4,2 til 5,2
- I 2005 frå 2,9 til 5,9
Med 2,7 prosent oppslutnad no, må Venstre få til tidenes nest beste Venstre-valkamp målt i auka oppslutnad i prosentpoeng om dei skal klare sperregrensa. Målinga etterlet ikkje tvil om at Venstre no ligg under sperregrensa.
–Vi skal klare det! seier Ola Elvestuen, tidlegare nestleiar i partiet.
Det er normalt ikkje eit teikn på at det går bra når sittande partileiing sender nokon andre for å kommentere ei måling.
– Vi har greid det tidlegare, og vi må greie det denne gongen også, seier Elvestuen og ramsar opp at dei må vise fram klimapolitikk, skulepolitikk og ein politikk for næringsliv og internasjonalt samarbeid.
Ingenting for gitt
– Eg tolkar dette slik at det er mogleg å få til eit nytt fleirtal, seier Jonas Gahr Støre i intervju med NRK.
Men statsministerkandidat Støre har erfaringar som gjer at han ikkje jublar for tidleg.
KAMP: Før valkampen i 2017 drog seg til i studio, hadde Jonas Gahr Støre gode tal. Då valkampen var over, sto Erna Solberg igjen som vinnar.
Foto: NRK– Eg er veldig innstilt på å ikkje ta noko for gitt. Men gode tal er ei oppmuntring, seier Støre til NRK.
Målt i mandat er styrkeforholdet åtte representantar betre i raudgrøn favør enn det var i april. Raudt er hovudgrunnen til dette.
Men Støre omfemnar ikkje Raudt-Moxnes av den grunn.
– Dei ønskjer ikkje å gå i regjering, vi finn det unaturleg å gå i regjering med dei.
– Heiter statsministeren etter det neste valet Jonas Gahr Støre?
– Vi går til val på ei arbeiderparti-leia regjering, så han er klar for det, men han veit at det vil krevje beinhard innsats heilt inn, seier Støre om seg sjølv.
NRK publiserer dei lokale målingane frå kvart valdistrikt tysdag 15. juni.