Støre styrer mot regjeringskontora

NRKs første supermåling i stortingsval-året viser at Jonas Gahr Støre er på veg mot Statsministerens kontor. Erna Solbergs prosjekt ser ut til å ha kome til vegs ende.

Årskonferanse NHO 2021

STATSMINISTER? Mykje peikar hans veg, men valkamp er usikre greier, understrekar Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ofte når meiningsmålingar utroper valvinnarar, er det ein solid dose tvil innblanda.

Og sjølvsagt er det valet 13. september som er fasit.

Men denne gongen har NRK spurt heile 11.413 norske veljarar, 600 i kvart valdistrikt. Funna er solide, feilmarginane små. Det nye stortinget ser ut til å få solid tyngde på venstresida av politikken.

Meningsmåling april 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med mars 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 3,7 % (endring: −0,1
SV: 7 % (endring: +0,1
AP: 23,3 % (endring: 0,0
SP: 17,1 % (endring: +0,5
MDG: 3,9 % (endring: −1,0
KRF: 3,4 % (endring: +0,2
V: 2,9 % (endring: −1,1
H: 24,7 % (endring: −0,5
FRP: 11,1 % (endring: +0,9
Andre partier: 3 %
Utført 7.–20. april11 413 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger
NRKs politiske kommentator Lars Nehru Sand forklarer resultatet av den første supermålingen før valget 2021.

Forklart av NRKs politiske kommentator Lars Nehru Sand.

Dårleg nytt for dei blå

Med under fem månader igjen til valet kan Høgre-leiar Erna Solberg glede seg over at partiet hennar er største parti. Men elles ser det ganske mørkt ut for statsministeren gjennom snart åtte år.

  • Den blå sida med H, V, KrF og Frp er langt unna å få tillit igjen.
  • Ap, Sp og SV har fleirtal med god margin, 90 mandat.
    Statsminister Erna Solberg (H)

    ERNXIT? – Nei, valkampen har ikkje byrja, seier Solberg.

    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Sp gjer det sterkt over heile landet, mens Ap likevel er klart størst på raudgrøn side.

  • Fire parti slåst beinhardt om å kome over 4 prosent. MDG og R ligg betre an enn KrF og V.

Erna Solberg ser ikkje nederlag, ho ser moglegheiter. Partiet hennar får to mandat meir enn ved valet 2017.

– Valkampen er knapt byrja. No skal dei borgarlege partia ha landsmøte og vise fram vår politikk.

Kjenner seg ikkje trygg

Den som kunne kjent seg tryggare, er Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Men sjølv om alt peikar rett veg, kjenner Støre seg slett ikkje sikker, seier han i intervju med NRK.

– Kor trygg føler du deg så lenge før valet på at dette held heilt inn?

– Eg legg ikkje noko tryggleik til grunn for dette. Eg kjenner meg trygg på at det er fleirtal for ei ny retning i Noreg. Etter åtte år ser vi ei regjering som ikkje får sakene sine gjennom i Stortinget og som fell frå kvarandre på mange område.

– Men valkampar i Noreg er tøffe og jamne, og val er jamne. Eg er trygg på at det er mogleg, men eg veit at det kjem til å krevje ein innsats heilt inn, seier Støre.

Mandatfordeling april 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med nåværende storting
Mandatfordeling per parti
H: 47 mandater, endring +2
AP: 44 mandater, endring −5
SP: 33 mandater, endring +14
FRP: 21 mandater, endring −6
SV: 13 mandater, endring +2
R: 3 mandater, endring +2
MDG: 3 mandater, endring +2
KRF: 3 mandater, endring −5
V: 2 mandater, endring −6
Utført 7.–20. april11 413 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Støre veit godt at det kan rakne. Før valet i 2017 låg Arbeidarpartiet godt an. Men då valkampen for alvor starta i Arendalsuka det året, fekk Støre ei katastrofemåling i fleisen. Deretter var det motbakke, og den blå sida vann makta igjen.

Og i historisk lys er dagens supermåling langt frå ei god Ap-måling. Partiet ligg fire prosentpoeng bak nivået som i august 2017 var eit krisenivå.

Den store forskjellen er vennane på raudgrøn side.

Trygve Slagsvold Vedum kommenterer NRKs supermåling som gir Sp 17,1 prosent oppslutnad 22. april 2021.

SMILER: Litt ned frå i vinter, men framleis knalltal for Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– 17,1 prosent er 6,8 prosentpoeng høgare enn 2017-valet som var eit av dei beste vala i partiets historie, så vi ligg veldig godt an, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som ikkje vil svare på kva styrkeforholdet mellom Sp og Ap betyr for kven som er den mest sannsynlege statsministeren.

– Eit meir solid utgangspunkt for ein valkamp har vi aldri hatt, smiler Vedum, sjølv om partiet har gått tydeleg tilbake frå nivåa dei hadde på nyåret.

SV-leiar Audun Lysbykken meiner det er heilt usannsynleg at Ap og Sp får fleirtal utan dei.

– Og det vil gi oss ein sterk forhandlingsposisjon. Men det er klart at dess sterkare vil blir, dess større sjanse har vi for å sørgje for at vi får ei ny regjering som må halde seg til venstresida i norsk politikk, og ikkje berre ei sentrumsregjering med Sp og Ap.

– Under ti prosent sjanse

– Dette stadfestar biletet vi har sett ganske lenge. Dei borgarlege partia ligg dårleg an til å få fleirtal. Venstresida ligg godt an og Ap, Sp og SV kan klare det åleine. Og saman med MDG og Raudt er det jo veldig gode sjansar for fleirtal, seier førsteamanuensis Jørgen Bølstad ved Institutt for statsitenskap, Universitetet i Oslo.

Statsviter Jørgen Bølstad ved Universitetet i Oslo.

SKIFTE: Statsvitar Jørgen Bølstad ved Universitetet i Oslo meiner tala viser at Erna Solberg neppe får ein ny periode som statsminister.

Foto: Caroline Utti / NRK

Gjennom nettsida si estimite.com samlar Bølstad målingar og reknar blant anna ut kor sannsynleg det er med regjeringsskifte.

NRKs måling med mange spurde og låg feilmargin gir eit bilete som er svært likt resultatet han ser når han samanstiller fleire norske målingar. Difor meiner Bølstad at dagens partibarometer gir eit temmeleg sikkert bilete av den politiske stemninga i det norske folket akkurat no.

– Modellen min gir no dei borgarlege om lag 7 prosent sjanse for å få fleirtal. Frp og Høgre gjer det litt betre i NRKs måling enn i mine samla tal, men eg trur nok at det framleis er mindre enn 10 prosent sannsynleg at Erna Solbergs regjering vil fortsette.

Målinga viser at både KrF og Venstre skal jobbe hardt for å kome seg over 4 prosent oppslutnad nasjonalt – noko som gir utjamningsmandat og fleire representantar på Stortinget.

Denne målinga gir sikrare funn om småpartia sin kamp med sperregrensa, enn målingar med færre spurde.

Ifølgje målinga får Venstre 2,9 prosent og ville berre fått inn Guri Melby frå Oslo og Abid Raja frå Akershus. KrF ligg an til å redusere dagens stortingsgruppe frå åtte til tre. Partileiar Ropstad frå Agder vil berre få med seg ein representant frå Rogaland og ein frå Hordaland.

– Men vil det vere nok for Erna Solberg om KrF og Venstre kom seg over fire prosent?

– Nei, det vil jo ikkje det, seier Bølstad.

– Frp har gått klart tilbake sidan førre val, og det var ein marginal siger i 2017. Høgre og Frp må gå klart fram samla sett om dei skal klare det. Alle dei fire borgarlege partia bør ha framgang om det skal gå.

Solberg: – Hugs 2017

Men Høgre-leiaren meiner altså at slaget langt frå er tapt.

– No må alle journalistar hugse på kva dei sa våren 2017. Dette er ei måling som viser mindre avstand mellom mi blokk og den raudgrøne blokka enn mange andre målingar. Men det blir ein tøff fight fram til valet.

– Kvifor hevar ikkje ditt leiarskap samarbeidspartia dine?

– Det har vel alltid vore ei utfordring at det største partiet tener mest innimellom vala. Men eg trur dei kjem til å løfte seg til valet. Eg trur både KrF og Venstre har god evne til å mobilisere, og eg trur også Frp kjem til å løfte seg.

Det trur også Frp-leiar Sylvi Listhaug.

– Det går jo i riktig retning. Vi har jo sett både, 6-, 7- og 8-talet tidlegare. Det at vi no ligg på over 11 er veldig bra, for det går i riktig retning. Men vi har ein stor jobb å gjere fram mot valet.

NRK publiserer målingane frå kvart valdistrikt 23. april.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger