Hopp til innhold

Tryg følgde ikkje Finansklagenemnda si avgjerd – Ronny måtte selje huset

Ronny vann kampen mot Tryg Forsikring til slutt, men måtte selje huset fordi selskapet først ikkje følgde avgjerda til klagenemnda. No krev Finanstilsynet forklaring frå Tryg.

Ronny Kristensen mista huset etter Trygs avgjerd

TRØYTT: – Eg er forbanna på at eg ikkje har blitt trudd, seier Ronny Kristensen om kampen mot Tryg forsikring.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Det har vore eit mareritt av ei anna verd, seier Ronny Kristensen til NRK.

Tryg Forsikring nekta lenge å betale ut lisensforsikringa Kristensen hadde rett til, etter at han mista jobben som sjømann. I november i fjor, to år etter at Kristensen måtte slutta i jobben, utbetalte Tryg pengane.

No krev Finanstilsynet ei forklaring etter at forsikringsselskapet i fleire saker ikkje følgde opp Finansklagenemndas vedtak og betalte ut pengane. Det har vore svært belastande for mange.

– Det har gjort at vi har måtte ta forskjellige grep med liva våre, som å selje huset – flytte frå det vi hadde – for å finne ein rimelegare plass å bu.

– Spesiell problemstilling

Ronny Kristensen med hjelpemiddel mot tinnitus

Ronny Kristensen med hjelpemidla han treng for å takle tinnitusen.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Ronny Kristensen er ein av ni personar som klaga på Tryg forsikring etter at sjøfolk landet rundt hadde fått avslag på krav om utbetaling.

Finansklagenemnda konkluderte i fjor vår med at Tryg i alle desse sakene hadde gitt avslag på feil grunnlag, fordi dei ikkje hadde følgt sjømannslegen sitt vedtak om at sjøfolka var arbeidsudyktige.

Sjømannslege-attest blir skrive ut av autoriserte sjømannslegar etter fullmakt frå Sjøfartsdirektoratet.

Det er denne attesten som avgjer om ein person har rett til å jobbe til sjøs. Det stadfestar direktør Harald Sverdrup i Finansklagenemnda.

– Det som er spesielt her, er at vi har ei oppsamling av fleire saker innanfor nøyaktig same problemstilling, der selskapet i ei samrøysta nemnd ikkje får medhald.

– Det normale skal vere at sjømannslegen sine vurderingar blir følgde, seier Sverdrup.

Aksepterte ikkje vedtaket

Men Tryg aksepterte ikkje vedtaket, og betalte ikkje ut pengar til Ronny, sjølv om han hadde mista jobben på grunn av høyrselsskadar.

– Eg slit med tinnitus og nedsett høyrsel. Men legane til selskapet sa at «høyrselen din kjem tilbake om fem til sju år, og tinnitusen din kjem til å bli betre». Samstundes sa ekspertane på St. Olav i Trondheim, og rundt omkring, at eg aldri kjem til å få tilbake jobben min. Då føler eg meg berre som ingenting.

Det har gått over to år sidan Ronny mista jobben. Utan fast inntekt og forsikringsutbetaling frå Tryg, gjekk det på familieøkonomien laus.

– Det heldt på å ta knekken på meg. Hadde det ikkje vore for kona og ungane mine, så hadde eg ikkje klart det, seier Kristensen.

Han skjelv på hendene når han fortel om den vanskelege perioden han og familien har vore gjennom.

– Eg kjenner no, når vi sit og snakkar om det, at eg skjelv som ein tulling inni meg. Det er så mykje sinne. Eg er forbanna på at eg ikkje har blitt trudd. Greitt, eg har ein skade som ikkje syns, men hadde du kappa av meg begge føtene, så hadde dei trudd på meg.

Ronny Kristensen og familien

Ronny Kristensen seier den siste tida har vore tøff for han og familien. Her med kona Rikke Kristensen.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Tryg tek spørsmålet til retten

Kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring stadfestar overfor NRK at selskapet gir etter i seks av dei ni sakene frå i vår, og utbetaler pengar, til mellom andre Ronny Kristensen.

Ole Irgens

Kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring.

Foto: Tryg forsikring

Men selskapet gir seg likevel ikkje – og går til kamp mot systemet. Tryg vil ikkje lenger akseptere at det er sjømannslegen som skal bestemma kven som er arbeidsdyktig eller udyktig.

– Finansklagenemnda har meint at vi skal vere bundne av sjømannslegens avgjerd. Vi meiner at vi må kunne gjere denne vurderinga som forsikringsselskap.

Tryg set no kursen mot domstolen for å prøve problemstillinga ved første og beste høve.

– Vi kjem på eitt eller anna tidspunkt til å prøve kjernespørsmålet i denne saka for ein rett, når vi finn den saka vi meiner er eigna for det. Vi meiner at Finansklagenemnda i utgangspunktet ikkje er rett instans for dette, og vi ventar på ei rettsleg prøving.

Ronny Kristensen måtte selje huset etter kampen mot Tryg

Ronny Kristensen måtte flytte etter at Tryg først ikkje ville betale forsikringspengar.

Foto: Kjartan Trana / NRK

AKTUELT NÅ