Når Jan Torkildsen fra Kristiansand kjempar vidare mot forsikringsselskapet Tryg, er han trygg på at han ikkje er åleine. I mars behandla Finansklagenemnda åtte klager mot Tryg som ikkje aksepterer krav om erstatning til personar som har kjøpt lisensforsikring (sjå faktaboks) av selskapet.
Men sjølv om Finansklagenemnda einstemmig gav dei åtte medhald i at lisensforsikringa skal utløysast, gir ikkje Tryg seg.
Tryg: Ingen kommentar
KOMMUNUNIKASJONSDIREKTØR: Ole Irgens i Tryg Forsikring.
Foto: Tryg forsikringKommunikasjonsdirektør Ole Irgens i Tryg Forsikring stadfestar at dei ikkje aksepterer nemnda, men ønskjer ikkje å kommentera saka fordi det står ei tilsvarande sak for tingretten no.
Jan Torkildsen opplever prosessen som ei stor belastning.
– Eg er merka for livet av skadane. Framtida er usikker økonomisk, så dei pengane hadde kome godt med.
Plager av diesel
Torkildsen jobba som maskinist på borerigg i Nordsjøen frå 1996. Han fekk etter nokre år plager etter å ha pusta inn dieseleksos i arbeidet. Plagene forverra seg i 2002.
– Ein pustar jo inn dette, så hovudverken kom og eg gjekk på antibiotika både på jobb og heime. Eg blei trøytt og fekk søvnvanskar, då blei det smertestillande og sovepillar.
Men først for eitt år sidan mista Jan helseattesten.
– Det var eigentleg forventa. Eg hadde hatt store problem i mange år, og fungerte ikkje i jobben.
Mista jobben
Men då han mista helseattesten, mista han jobben også. Dermed var forsikringsprosessen i gang.
– Då gjorde eg krav på den forsikringa vi har når vi blir for sjuke til å jobba der ute. Etter fem-seks månader fekk eg avslag. Det var skuffande for eg synest saka er klar, og eg har jo betalt inn forsikringspremie i 20 år.
– Vi opplever at Tryg overprøver sjømannslegen som tok helseattesten frå Jan, og det er skremmande, seier Torkildsens advokat, Espen Rekkedal.
Saka blei klaga inn for Finansklagenemnda, og der var konklusjonen einstemmig: «Forsikrede gis medhold».
– Det som er spesielt her, er at vi har åtte nesten identiske saker som alle endar med samrøystes konklusjon, seier administrerande direktør Harald Sverdrup i Finansklagenemnda.
Krev tilsynssak mot Tryg
Advokat Rekkedal er glad for at nemnda gir alle medhald, men kritisk til Tryg sin argumentasjon.
– Finanstilsynet må opne tilsynssak mot Tryg for å undersøkje kor mange slike lisensforsikringssaker som er avvist, og Tryg må gjennomgå og ta opp att saker der dei har gitt uriktig avslag.
– Men no når Tryg ikkje aksepterer nemnda?
– I Finansklagenemnda er forsikringsbransjen godt representert. Når Tryg ikkje aksepterer standpunktet, forsterkar dette behovet for ein gjennomgang ved eit tilsyn, seier Rekkedal.