Hopp til innhold

Håvard slo Tryg - får 700.000 kroner

Sjømannen Håvard Bråten slo Tryg i retten og fekk 700.000 kroner. No står fleire sjøfolk klare til kamp mot Tryg.

 Håvard Bråten slo Tryg i retten og fekk 700.000 kroner

Håvard Bråten tok saka til retten, fekk medhald og 700.000 kroner.

Foto: Privat

Sjømannen Håvard Bråten mista helseattesten, men fekk ikkje pengar frå Tryg Forsikring sjølv om forsikringa hans skal dekka «loss of licence» når sjukdom rammar. Då tok han saka til retten, fekk medhald og 700.000 kroner.

Etter det resultat retten er kommet til, har saksøker vunnet saken fullstendig, står det i domen frå Bergen tingrett.

Håvard Bråten frå Fredrikstad var sjømann, og jobba lenge som servitør på både Fjord Line og Color Line. Han hadde helseattest for arbeid til sjøs, slik krava er. Etter mange år i arbeid, fekk han helseproblem med tinnitus, søvnplager og hovudverk. I 2015 inndrog sjømannslegen helseattesten, og Bråten blei erklært permanent udyktig for arbeid til sjøs.

Ein lang og tung prosess

– Det har vore ein lang og tung prosess frå hausten 2014 fram til i dag. Eg har blitt stadig verre, og det blei ikkje betre med avslag og trenering over så lang tid frå Tryg, seier Bråten. No håpar han det er over.

– Eg var så glad i jobben min på sjøen, og det var eit tungt slag å miste den på grunn av av sjukdom. Det var ei ekstra påkjenning med ein så tung prosess, men eg får håpe at det er over no.

Forsikra mot tap av helseattest

Sjøfolk som mister helseattesten, mister også jobben. Men dette er også grunnen til at Sjømannsforbundet og Norges Rederiforbund har tariffavtalefesta ei lisensforsikring som skal slå inn når helseattesten blir inndratt.

Det var dette som skjedde med Bråten, og han støtta seg på sjømannslegen sitt vedtak, som han meiner ikkje kan overprøvast. Men Tryg var ikkje samd i dette, og hevdar at «selskapet må ha sin rett i behold til å vurdere ethvert krav som reises mot selskapet».

Sjømannslegen avgjer

Det er berre autoriserte sjømannslegar som kan skriva ut og inndra helseattest. Uansett om ein er kokk på danskebåten eller maskinist på plattform, skal arbeidstakarar meistra tilleggsoppgåver knytta til krevande situasjonar som kan oppstå ombord.

Striden sto til slutt om selskapet kan overprøva sjømannslegen. 7.juni kom dommen, den enda med at Tryg Forsikring blei dømd til å betala Bråten over 700.000 kroner.

Advokat Sigmund Berg førte saka, og han er glad for at retten ga dei medhald.

– Det heilt sentrale i domen er at forsikringsselskap ikkje kan overprøva sjømannslegen sitt vedtak. Og vi oppfattar at Tryg nærmast har erklært ei tariffesta ordning krig fordi dei har fått store utgifter, seier Berg til NRK.

Fleire saker i kø mot Tryg

NRK har tidlegare fortalt om åtte tilsvarande saker som nyleg var oppe i Finansklagenemnda. I alle desse sakene fekk forsikringstakarane medhald. Tryg valde likevel å ikkje etterkoma krava før dei såg utfallet av saka i Bergen tingrett.

Etter domen i Bergen, kan det koma nye stevningar mot Tryg, seier Berg. Han kjenner sjølv til 12-14 saker som står for domstolar rundt om i landet.

Tryg vil ikkje kommentera dommen som ga sjømannen fullt gjennomslag, slik dei heller ikkje ville kommentera dei åtte sakene dei tapte i Finansklagenemnda.

Selskapet har frist til over sommaren med å anka domen.

AKTUELT NÅ