Trur Gresvig blei ramma av «den perfekte stormen»

Medan mildvêret gjer det vanskeleg å selje vintersportsutstyr, gjev det ein uvanleg tidleg sesongstart for sykkelbutikkane. Det kan ha ramma Gresvig, som no er konkurs.

G-sport, Mart'nsenteret, Elverum

KONKURS: G-sport, Intersport og G-max sin eigar gjekk konkurs tidlegare denne veka.

Foto: Linda Vespestad / NRK

– Det er heilt fantastisk, jo mindre snø, jo betre, i alle fall for vår del, men vi unner sjølvsagt folk å gå på ski, seier Kjetil Hansen, butikksjef ved Spinn sykkelshop på Majorstua.

Litt som klimaforvirra hoggormar følgjer fleire syklistar vêret meir enn kalenderen.

–Vi har ei auke på 20–25 prosent i sal av syklar og reparasjonar samanlikna med tidlegare vintrar, seier butikksjefen.

Kjetil Fredheim Hansen, butikksjef spinn sykkelshop majorstua

TENER PÅ MILD VINTER: Kjetil Hansen, butikksjef ved Spinn sykkelshop på Majorstua.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Ein «perfekt storm»

– Når sesongane forsvinn så blir det tøft for sportsbransjen, seier Bror William Stende, direktør for faghandel i handelsorganisasjonen Virke.

Ein rekordvarm januar i fleire fylke og lite snø fleire stadar har medverka til dårlegare omsetning i sportsbransjen denne vinteren.

Stende peiker på dårlege salstal i desember som ei anna «tunge på vektskåla».

– Vi pleier å seie at får dei snø både før og etter jul, så er året redda for dei som sel ski, men denne vinteren har det vore lite snø, i alle fall i låglandet, og det påverkar heilt klart salet, seier han.

– Det vart kanskje den perfekte stormen som gjorde det vanskeleg for Gresvig-butikkane å drive vidare, seier Bror William Stende.

Ein «perfekt storm» oppstår når fleire uvanlege hendingar tilfeldigvis skjer samtidig.

Bror William Stende i Virke

TØFT FOR BRANSJEN: Den fleire stadar rekordvarme vinteren råkar skisalet, fortel Bror William Stende i Virke.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Fleire problem for bransjen

Når det ikkje er snø søkk etterspurnaden etter utstyr som ski, vinterjakker og hanskar.

Butikkane må velje mellom å selje varene til lågare prisar eller å legge dei på lager kvar verdien søkk før neste sesong,

Administrerande direktør i Norsk sportbransjeforening, Trond E. Hansen, understrekar at det ikkje berre er mildvêret som har skulda for uroa i bransjen.

Han peika på det som eit av fire problem, som vart spikrar i kista då G-sport, Intersport og G-max sin eigar gjekk konkurs tidlegare denne veka.

Trass i Gresvig-konkursen, som han sjølv beskriv som «det mest dramatiske som har skjedd i norsk sportsbransje nokon gong», understrekar Trond E. Hansen at fleire sportskjeder- og butikkar har hatt god utvikling det siste året.

– Det er viktig å få fram at det er fleire sportskjeder som gjer det bra, og som vaks i 2019, så heilt mørkt er det ikkje, seier han.

Trond Evald Hansen

FLEIRE ÅRSAKER: Trond Evald Hansen, adm.dir. i Norsk sportbransjeforening, meiner det er fleire årsaker til at bransjen strevar for tida.

Foto: Pressebilde fra sportsbransjen.no

Syklistane kom to månadar for tidleg

Fleire syklistar tjuvstartar no sykkelsesongen, fortel Kjetil Hansen i Spinn sykkelshop på Majorstua i Oslo

Der er storinnrykket av kundar, som vanlegvis kjem i mars, allereie i gong.

– Vi har begynt med førehandsbestillingar to månader tidlegare enn vi vanlegvis gjer, seier Hansen.

Til vanleg halverer butikken bemanninga på denne tida av året. No gjev den milde vinteren jobbar til fleire.

– Det er vanskeleg å drive sykkelbutikk sidan det blir mykje sesongbasert arbeid, men no kan vi gje meir jobb til dei som vil jobbe mykje, seier Hansen.

SKI

VÊRFASTE SKI: Milde vintrar gjev dårlegare skisal.

Foto: Vibeke Cederkvist / NRK

SISTE NYTT

Siste meldinger