Hopp til innhold

Rekordvarm januar i ni fylke

Ni fylke hadde rekordvarm januar, ifølgje Meteorologisk institutt. I tillegg har det blitt sett 30 nedbørsrekordar over store delar av landet.

Risør, 14. januar.

Dette bildet frå Risør 14. januar minner meir om våridyll enn januarkulde.

Foto: Torgeir Fiskvik Sørensen

Året har starta både mildt og vått i store delar av landet. På fleire av landets eldste målestasjonar er det gjort rekordmålingar, melder Meteorologisk institutt.

Særleg i Trøndelag og Innlandet står rekordane for fall. I begge fylka har seks målestasjonar sett rekord for høgaste gjennomsnittstemperatur no i januar.

Men alle i fylka frå Trøndelag og sørover har det blitt registrert temperaturtoppar som ikkje har blitt registrert i januar tidlegare.

Nedbørsrik

Januar er normalt ikkje den våtaste månaden, men fleire stader har det likevel opplevd rekordstore nedbørsmengder ved inngangen av det nye året.

Det er særleg i Nord-Noreg, Trøndelag og på Vestlandet det har kome mange nedbørsrekordar.

Ein av målestasjonane som har sett nedbørsrekord er Bøverdal i Lom. Der har dei målt nedbør og temperaturar sidan 1911, og den førre januarrekorden blei sett i 1916.

– Det er oppsiktsvekkande at det blir sett slike rekordar ved målestasjonar som har vore i drift i over 100 år, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til NRK.

I nord har nedbøren stort sett kome som snø, medan ein i låglandet i sør og vest har opplevd at nedbøren som ofte kjem som snø på denne tida av året, denne gongen har kome som regn.

Kristen Gislefoss

Det har vore dårleg skiføre for statsmeteorolog Kristian Gislefoss i låglandet i Sør-Noreg hittil i år. Den første snøen på Blindern i 2020 kom på januars siste dag.

Foto: NRK

Ein tendens

Det er mykje som tyder på at vi må innstille oss på fleire milde og snøfattige vintrar i framtida, trur Gislefoss.

– Dette er noko vi må venne oss til. I låglandet i sør vil ein også kunne oppleve snøfrie vintrar enkelte år.

Hestehov langs Verdalselva i Verdal, 14. januar.

Hestehov i Verdal, fotografert 14. januar.

Foto: Anne Margrete Hafstad

Med klimaendringane blir det stadig varmare. Den globale oppvarmings kjem i til dei naturlege variasjonane, og gjer at temperaturtoppane blir høgare. Men både temperaturar og nedbør vil variere frå år til år

– Det blir årlege variasjonar i vêret, der det kjem vintrar med temperaturar og nedbør som vi forbind med norsk vinter. Men tendensen er at vinteren oftare blir mild og regnfull, seier Gislefoss.

AKTUELT NÅ