Hopp til innhold

Ekspert spår priskappløp etter megakonkurs

Reidar G. Mueller trur fleire leverandørar vert slått konkurs og at forbrukarane kan sjå fram mot enda meir sportsutstyr på billegsal etter Gresvig-konkursen.

Butikken

EIGAR SLÅTT KONKURS: Gresvig sine 95 sjølveigde G-sport-, Intersport- og G-max-butikkar som no er råka.

Foto: Mario Neira Torres / NRK

Fleire leverandørar av sportsutstyr er svært bekymra for å ikkje få betalt for varer dei har levert etter at eigaren til G-sport, G-max og Intersport, Gresvig Retail Group, slo seg sjølv konkurs i går.

Det fortel Trond Evald Hansen, administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening.

– Konkursen er det mest dramatiske som har skjedd i norsk sportsbransje nokon gong, seier Hansen.

  • Det er sportskjeda Gresvig sine 95 sjølveigde G-sport-, Intersport- og G-max-butikkar som no er råka av konkursen til eigaren.
  • I tillegg har sportskjeda 100 franchisebutikkar, som ikkje inngår i konkursen.

Dei som har levert varene som no ligg på Gresvig sine sjølveigde butikkar og tilhøyrande lager, kan tape mykje pengar.

– Om leveransen er stor nok kan det føre til at leverandørar går konkurs, seier Hansen.

Trond Evald Hansen

FRYKT I BRANSJEN: Trond Evald Hansen, adm.dir. i Norsk Sportsbransjeforening.

Foto: Pressebilde fra sportsbransjen.no

Fleire leverandørar er svært bekymra, men det er enda for tidleg å seie kor store konsekvensar Gresvig-konkursen vil få, understrekar Hansen.

Han hyllar Gresvig for ryddig og profesjonell handtering av situasjonen.

Ekspert på varehandel i Varde Hartmark, Reidar G. Mueller, trur fleire leverandørar har grunn til å vere redde.

– Det er ganske sannsynleg at det kjem konkursar blant leverandørar som følgje av denne konkursen, seier han.

Først blir det billigare, så blir det dyrt

Mueller trur konkursen i første omgang vil føre til enda meir tilbod og rabattar på sportsutstyr som følgje av at det no vert enda større overskot av varer som skal realiserast raskare frå lager.

Reidar G. Mueller

SPÅR BUTIKKDØD: Reidar G. Mueller spår hard konkurranse i sportsbransjen i åra framover.

Foto: Privat

– På kort sikt vurderer eg det slik at pris- og rabattpresset bli forsterka, med bakgrunn i at marknaden allereie er i ubalanse. Det ligg allereie mykje varer på lager og konkursen vil berre gjere det verre, seier Mueller.

Det betyr at andre aktørar i bransjen, som XXL, truleg må fortsette det som for mange butikkar har vore ein ulønnsam priskonkurranse.

– Dei fleste i sportssegmentet vil bli trekt ned som følge av konkursen og må følgje tilbodsracet som no kjem, seier Mueller.

På lang sikt trur varehandelseksperten derimot at konkursen vil føre til at prisane vil stabilisere seg på eit høgare nivå, men først etter at priskonkurransen har tatt livet av mange sportsbutikkar

– Både i inneverande og komande år vil det bli verre for dei fleste butikkane, seier han.

Spår utbreidd sportsbutikkdød

Varehandelseksperten har ved fleire høve påpeika at det er ulønnsamt mange sportsbutikkar i Noreg. Han meiner det per dags dato er cirka 15 prosent for mange, og at talet på butikkar må bli mindre før marknaden stabiliserer seg.

– Noko som betyr at talet på sportsbutikkar skal ned med mellom 150 til 200 butikkar, seier Mueller.

Etter fleire år gode år for sportskjedene, vart veksten mindre i 2019, fortel leiar for bransjeforeininga, Trond Evald Hansen.

Han peikar på fire problem som vart spikrane i kista for Gresvig-konsernet.

  1. Bransjen har vore rigga for enorm vekst, som igjen førte til opphoping av varer på lager då omsetninga minka.
  2. Ei svak norsk krone gjer det dyrare å importere varer.
  3. Netthandelen et stadig større andelar av marknaden frå dei tradisjonelle butikkane.
  4. Milde vintrar på Austlandet, som er sjølve motoren i bransjen, fører til svekka sal av vinterutstyr.

– Har veldig tru på sportsbransjen

Både Hansen og Mueller ser likevel ikkje beksvart på framtida til norske sportsbutikkar.

Begge to peikar på at enkelte norske sportskjeder hadde gode tal i 2019 trass i ein mild vinter.

Trond Evald Hansen understrekar i tillegg at nordmenn framleis handlar meir sportsutstyr enn folk i andre land.

– Eg har veldig tru på sportsbransjen, det er ingen andre land i verda som kjøper like mykje sportsutstyr som Noreg, seier Hansen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger