Hopp til innhold

No vil kvar femte ha Senterpartiet

Veljarane vil kaste Erna og få inn ei ny regjering. Men kven som vil vere i førarsetet i den nye regjeringa, er mindre og mindre openbert. No peikar nesten like mange på Senterpartiet som på Arbeidarpartiet.

Trygve Slagsvold Vedum

RETT PÅ SLIPSET: Kan det bere heile vegen til statsministerens kontor? Veljarane vil ha regjeringsskifte, og no peikar nesten like mange på Vedums Sp som på Støres Ap.

Foto: Marit Kolberg

Målingar går opp og ned. Tala fyk fort forbi.

Men legg merke til denne.

For grafen under viser korleis den grøne senterparti-søyla skyt i vêret. Slike hopp er langt frå vanlege.

Partibarometer desember 2020

Periode 17/11–22/11. 946 intervjuer. Feilmarginer fra 3,2–0,9 pp.
R
5,0 %
+1,7
SV
7,0 %
−0,9
AP
21,2 %
−2,3
SP
20,2 %
+5,3
MDG
3,6 %
−0,7
KRF
2,2 %
−1,1
V
2,7 %
−0,6
H
25,2 %
+0,0
FRP
11,6 %
−0,7
Andre
1,3 %
−0,9
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Korrekt uttrykt:

Endringa for Senterpartiet er utanfor feilmarginen. «Feilmarginen» er eit ord som er meint å forklare at ingen meiningsmålingar er heilt presise. Framgangen kan vere litt større eller mindre enn det konkrete talet i målinga.

Men meir folkeleg sagt, betyr det: Senterpartiet er i medvind, og det er ingen tvil om at langt fleire peikar på Senterpartiet no enn for berre ein månad sidan.

Senterpartiet gjer si beste måling sidan Vedum tok over som partileiar på 5-6 prosent i 2014. Dei har ikkje hatt 20 prosent på målingar sidan EU-kampen på 90-talet.

Og ikkje minst: På NRKs målingar har vi aldri før sett partiet hente så mange veljarar frå Ap som no. Senterpartiet er berre eitt prosentpoeng bak Arbeidarpartiet. Ikkje rart Vedum er motivert.

Trygve Slagsvold Vedum om at Sp får 20 prosent på Norstats måling for desember 2020.

MOTIVERT: – Eg ser det som eit arbeidsoppdrag: Utvikle heile Noreg, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Men er han statsministerkandidat?

I tillegg til partimålinga har Norstat denne gongen spurt om kven veljarane meiner er best skikka til å vere statsmininster. Der gjer Erna Solberg det suverent best.

Men også her er styrkeforholdet mellom Ap og Sp interessant. Vedum pustar Støre i nakken, berre to prosentpoeng bak.

Då det same spørsmålet vart stilt sist, i januar 2020, fekk Solberg 29 prosent, Støre 16 og Vedum 7.

– Fleire og fleire i bygd og by ser på Senterpartiet som eit verkty, seier Vedum og viser til at partiet nyleg har fått gode målingar også i dei to største byane.

– Vi har stått for ei linje over tid, så er det folk som er dommarane.

– Er du statsministerkandidat?

– Sp ønskjer ei Sp-Ap-basert regjering som skal utvikle heile Noreg. Eg kjem til å ha fokus på sakene heile tida for det er det som betyr noko.

– Vil du avvise at du er statsministerkandidat?

– Det er koseleg at du spør på alle moglege måtar, men det viktige er kva vi vil med Noreg.

Den seinare tida har «statsminister Vedum» vore eit stadig meir aktuelt samtaletema. Blant anna har TV 2 løfta fram partifeller av Vedum som ønskjer han som kandidat.

I lydlenka under kan du høyre korleis Vedum vel å (unngå å) svare på om han er statsministerkandidat.

Sorga for dei andre

Strengt tatt er det berre eitt parti i tillegg til Sp som har noko å glede seg over på denne målinga. Raudt er godt over sperregrensa med 5 prosent. SV gjer det sånn passe og går litt tilbake etter gode målingar. Men for dei andre partia er det sorga:

  • Høgre er på staden kvil, men må sjå langt etter å bevare regjeringsmakta sidan KrF og Venstre gjer det elendig.
  • Ingen framgang for Frp sjølv om dei gjer sitt beste for å utnytte forhandlingsmakta i Stortinget.
  • MDG hamnar under sperregrensa på 4 prosent.
  • Og ikkje minst Arbeidarpartiet: 21,2 prosent er det dårlegaste sidan partiet sto midt i den verste Giske-striden i januar 2018.

– Ein einaste plan

Det er vanleg i politikken at partileiarane kommenterer dei gode målingane, ikkje dei dårlege. NRK har ikkje fått nokon kommentar frå Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre.

Partisekretær Kjersti Stenseng snakkar med NRK om tala.

Kjersti Stenseng

STOR JOBB: Partisekretær Kjersti Stenseng under valkampen 2019. Det må jobbast om Ap skal løfte seg til eit godt val neste år.

Foto: KRISTINA KALININA / NRK

– Det er fortsatt ein veldig stor jobb for Arbeidarpartiet å løfte seg inn mot valet neste år.

– Du høyrest litt skuffa ut?

– Ja, det er jo ikkje eit tal vi er fornøgd med på nokon måte. Det har variert litt opp og ned siste tida, men det er for låge tal for Arbeidarpartiet.

Stenseng synest det er vanskeleg å finne ei enkeltårsak til at det går dårleg no.

– Viss det blir regjeringsskifte, er det gitt at Arbeidarpartiet leiar regjeringa med Støre som statsminister?

– Arbeidarpartiet har ein statsministerkandidat og det er Jonas Gahr Støre. Det er vår plan og det er den eine planen vi jobbar etter.

– Men KAN Ap gå inn i ei regjering utan å ha statsministeren?

– Vi har ein einaste plan, og det er at Arbeidarpartiet skal leie ei ny regjering med Jonas som statsminister. Vi har ingen plan B.

Småpartia i regjering heilt ute

Erna Solbergs største problem har i lang tid vore at dei som er allierte med henne gjer det elendig. Høgre gjer det i seg sjølv greit. 25,2 prosent er om lag akkurat same resultatet som i førre val. Etter dårlege målingar i starten av året, styrka partiet seg då pandemien traff og har sidan halde seg ganske stabilt.

Men Ernas småpartiproblem er i endå større grad enn før tydeleg på denne målinga. Regjeringspartia KrF og Venstre er ute av form.

Om det tidlegare i haust var nokre små positive tendensar til ein Guri Melby-effekt etter at kunnskapsministeren tok over som Venstre-leiar, så har det dabba fort av.

  • Venstre får 2,7 prosent oppslutnad.

Og for regjeringspartnar KrF er tilstanden endå tristare.

  • KrF får 2,2 prosent og kan ifølgje utrekningane frå Norstat vere heilt ute av Stortinget dersom valresultatet blir slik.
Ingelin Noresjø

UTFORDRING: Nestleiar Ingelin Noresjø i KrF brukar ikkje ordet "problem".

Foto: Arild Eskeland

Heller ikkje hos KrF er det partileiaren som svarar for den sørgelege tilstanden. Men nestleiar Ingelin Noresjø treng neppe partileiar Ropstads hjelp for å sjå korleis det ligg an.

– Viss dette blir valresultatet har KrF ei utfordring. Men vi har ein sterk organisasjon som mobiliserer for valkamp. Vi skal vise at vi har relevante løysingar for norske innbyggjarar og familiane. Det gir motivasjon til å stå på endå meir.

Noresjø vart nestleiar etter retningsvalet hausten 2018 då KrF sto i valet mellom Støre og Solberg - og bestemte seg for å gå i regjering med høgresida. Men veljargevinsten uteblir, og då hjelper det ikkje at statsminister Solberg fortsatt er populær når NRK spør veljarane om ho eller Støre er best skikka til å styre landet.

I haust har KrF attpåtil fått ei ekstra utfordring ved at fleire skuffa tidlegare partimedlemmer har brote ut for å opprette partiet «Sentrum». Denne målinga ville betydd slutten på både Erna Solbergs regjeringstid og KrF som stortingsparti. Men KrF-kursen ligg fast.

– Vi er jo del av ei sentrum-høgre-regjering som vi har gått til val på mange gonger. Vi tenker det er naturleg å gå til val på den også vidare. Vi peikar på Erna Solberg som fortsatt statsminister, seier Noresjø.

AKTUELT NÅ