Hopp til innhold

Solberg vil ha milliardpakke til næringslivet: – Eksepsjonell situasjon

Renseriet til Hilde sparte 300 kroner på redusert el-avgift i januar. På ei straumrekning som var på 12 000 kroner. No ber Erna Solberg (H) regjeringa om milliardar i straumstøtte for små verksemder.

Nestleiar i Høgre Tina Bru (t.v), partileiar Erna Solberg og renserieigar Hilde Løkås på Allrens, Skedsmokorset

RENSERIALLIANSE: Tina Bru, Erna Solberg og bransjesjef for renseri i Norsk Industri Hilde Løkås krev straumstøtte til næringslivet

Foto: William Jobling / NRK

Nesten to år med pandemi og få brudekjolar, bunadsskjorter og jobbskjorter til rens har tæra på inntektene for Hilde Løkås som driv renseriet allRens i kjøpesenteret på Skedsmokorset.

Sjølv om ho har sett opp prisane på rens av dyner som krev mykje straum, er dei høge straumrekningane i vinter vore tunge å bere.

– Vi som er små verksemder, vi er jo også vanlege folk som har straumrekningar heime og som har auka kostnader, seier Løkås som driv renseriet sitt som eit enkeltmannsføretak.

Det som blir igjen etter faste kostnader som husleige, straum og løn, tek ho ut som løn til seg sjølv.

Hilde Løkås driv renseriet Allrens på Skedsmokorset. Ho er også bransjeleiar for renseri i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri.

TØFFE TIDER: Hilde Løkås har ein heiltidstilsett og to som arbeider deltid i tillegg til seg sjølv. Under pandemien permitterte ho tilsette og gjorde jobben sjølv. No lysnar det truleg, men høge straumrekningar heng som mørke skyer.

Foto: William Jobling / NRK

Ei samanlikning av straumrekningane for dei fire siste månadane i 2020 med tilsvarande periode i fjor viser at rekninga meir enn dobla seg frå litt over 20 000 kroner til 46.872 kroner.

– Det blir jo veldig lite igjen når vi frå før har små marginar, seier ho.

Sparte 300 kroner på Vedums straumgrep

Det er Høgre som har invitert NRK til renseriet for å vise fram ei typisk verksemd dei fryktar vil slite framover.

Partileiar Erna Solberg (H) kastar seg over strykebrettet og vil gjerne prøve.

Høgreleiar Erna Solberg over strykebrettet med ei bunadsskjorte

RYNKEFRITT: Erna Solberg i sving ved strykebrettet under påsyn frå eigaren av renseriet Hilde Løkås og Høgre-nestleiar Tina Bru.

Foto: William Jobling / NRK

– Eg er litt skeptisk til om eg skal la deg sleppe til på bunadsskjorta, ler Løkås som har både svennebrev og meisterbrev i renserifaget.

– Kan du skru ned temperaturen litt, foreslår Solberg før ho forsiktig går laus på skjorta.

Saman med Løkås, som også er bransjeleiar for renseri i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri, etterlyser dei ei eiga straumstøtte til små verksemder.

Finansministeren svarar at elavgifta er eit viktig grep.

Trygve Slagsvold Vedum

STRUKTUGREP: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) opnar ikkje for straumpriskrisestøtte til næringslivet no. Men ynskjer seg det han kallar strukturgrep og ordningar som gjer at fleire vel fastpriskontrakter.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Vi har sett ned elavgifta med 47 prosent for januar, februar og mars, svarar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på spørsmål frå NRK om han vil gje slike verksemder som renseriet på Skedsmo ei hjelpande hand.

Straumrekninga for januar har akkurat tikka inn på renseriet og Løkås kan sjå svart på kvitt kva Vedum sitt straumgrep betyr.

Kor mykje sparte du på den reduserte elavgifta i januar i år, samanlikna med i fjor?

– Ca 300 kroner. På ei rekning som var 12 000 kroner. Så eg vil ikkje akkurat påstå at det var noko stort bidrag, seier Løkås.

Finansministeren er einig i at straumrekninga for renseri og andre verksemder er for høg. Men vil ikkje love ei krisestøtte no.

– Her er det meir strukturelle grep vi må sjå på i sjølve straum-marknaden som til dømes gjer at det kan bli lettare å inngå fastprisavtalar som kan få ned kostnadane, meiner Vedum.

Høgre: Staten hentar frå folk sine lommebøker

Frå livet i opposisjon har partiet foreslått å sette av 2 milliardar kroner til ei støtteordning for verksemder der straum utgjer ein stor del av utgiftene. Høgre vil at kommunane i område med høge straumprisar skal administrere ordninga.

Erna Solberg, partileiar for Høgre, på besøk hos allRens på Skedsmo. Etterlyser straumstøtte for næringslivet.

IKKJE SPONSING: – Det er tilbakebetaling, svarar Solberg på spørsmål om det er rett at staten skal sponse kostnadande ved å stryke bunadsskjorta til folk.

Foto: William Jobling / NRK

– Vi er i ein eksepsjonell situasjon som gjer at vi har sagt ja til å hjelpe mange andre, då er det veldig rart at ikkje små verksemder får det, argumenterer Erna Solberg.

Og ramsar opp at bønder, frivillege organisasjonar, idretten og private hushaldningar har fått hjelp frå regjeringa til å betale straumrekningar.

– Det er rart at dei forskjellsbehandlar bønder og andre delar av næringslivet, som små og og mellomstore verksemder, meiner Solberg.

Ho har lese NVE-rapporten som kom tidlegare denne veka og meiner den underbyggjer at det må planleggast for krisestøtte utover våren.

Går det ikkje ei grense for Høgre for kor mykje staten skal hjelpe til med?

– No må vi ikkje gløyme at staten får mykje pengar som vi hentar ut av desse verksemdene og folk sine lommebøker. Dette er ekstraordinære inntekter. Dei må vi føre tilbake til folk. Dei må vil føre tilbake til bedriftene, meiner høgreleiaren.

Finansministeren meiner Høgre ikkje er truverdige fordi partiet stemte mot reduksjon av el-avgifta som til saman utgjer om lag ein milliard kroner for næringslivet.

– Hadde Høgre fått gjennomslag, så hadde straumrekninga vore endå høgare, hevdar Vedum.

– Det seier seg sjølv at 300 kroner i avslag på rekninga, det held ikkje i den situasjonen vi står i no, meiner nestleiar og finanspolitisk talsperson Tina Bru (H).

Ho etterlyste krisestøtte-svar frå finansministeren også under spørretimen i Stortinget denne veka.

– Eg trur dessverre at regjeringa verkar å ha bestemt seg. Dette er ikkje noko dei er uroa for. Dei kjem ikkje til å stille opp for verksemdene, sjølv om dei stiller opp for alle andre og det er veldig beklageleg, seier Bru.

Går mot lysare tider med høge straumrekningar

At meteren blir lagt vekk og landet opnar opp slik at nordmenn kan planlegge konfirmasjonar, bryllaup og feiringar der findukar og festklede kan takast fram igjen er i seg sjølv godt nytt for renseribransjen.

Men pandemi-krise kan altså bli avløyst av vedvarande straumpris-krise.

Med mindre det kjem store nedbørsmengder eller gassprisane går drastisk ned, trur NVE at straumprisane held seg høge.

Betyr det vinterprisar på sommaren?

– Ja, vi tenkjer det er fornuftig å vere budd på det. At ein får tilnærma vinterprisar også på sommaren, sa Inga Nordberg, direktør for energi og konsesjonsavdelinga i NVE til NRK måndag.

Ny analyse om straumprisane NVE varsler høyere strømpriser – mener regjeringen bør vurdere forlengelse av strømstøtten

Boliger

I motsetning til private hushaldningar som vil bruke mindre straum til oppvarming når vårsola varmar, vil renserimaskinene til Hilde Løkås framleis krevje store mengder kilowatt.

– Vi brukar jo mykje straum også i den perioden framover no, seier ho.

Staten kan ikkje vere forsikringskasse

Også NHO og Venstre har etterlyst ei eiga straumstøtte for den delen av næringslivet som i all hovudsak ikkje har fastprisavtalar.

Ei problemstilling har vore om dette kan vere ei ulovleg statsstøtte i strid med EØS-regelverket.

Men EØS tillèt at staten gjev ei generell støtte til næringslivet opp til ca. 2 millionar kroner fordelt over tre år. Dette er medrekna alle former for støtteordningar, men med unntak for ulike former for koronastøtte som mange verksemder har fått sidan 2020.

Tøff straumreknings-vinter for verksemder Små bedrifter sliter på grunn av dyr strøm: – Frykter konkursras

Leif Reppen

Likevel er regjeringa kritisk til å hjelpe verksemder med utgifter til råvarer, straum, renter og andre kostnader som alltid vil gått opp og ned.

– Vi skal vere forsiktige med å skape eit inntrykk av at staten er ei forsikringskasse som kompenserer næringslivet når prisar svingar. Det gjer dei og det har dei alltid gjort, seier Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap)

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) presenterer regjeringens nye satsing på grønn industri.

STRAUMPRISKRISE-REGJERINGA: Næringsminister Jan Christian Vestre (t.v) saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Saman må dei truleg handtere høge straumprisar utover våren.

Foto: Jørn Tveter

– Vi utelukkar ikkje at det kan kome ordningar, men vi skal vere forsiktige med kva vi gjer og difor følgjer vi denne situasjonen nøye, legg han til.

– Det hjelp ikkje at næringsministeren følgjer med og er uroa over situasjonen, når finansministeren openbert ikkje er det. For det er finansministeren som sit på pengesekken og det er han som må på bana, understrekar Bru.

Her kan du følgje siste nytt om straumprisane:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger