Hopp til innhold

Sju MDG-vedtak som ikkje handlar om klima

LILLEHAMMER (NRK): Det er ingen tvil om at Miljøpartiet Dei Grøne er opptekne av miljø. Men kva meiner dei i andre spørsmål? Her er sju vedtak frå landsmøtet.

Landsmøte i Miljøpartiet Dei Grøne

GRØNT HELLER ENN GRÅTT: Denne helga hadde Miljøpartiet Dei Grøne landsmøte på Lillehammer. Her vedtok partiet mellom anna nytt program før valet til hausten.

Foto: Espen Breivik / NRK

Denne helga har Miljøpartiet Dei Grøne hatt landsmøte på Lillehammer, og tydeleggjort sin posisjon som eit radikalt miljøparti. Delegatane gjekk mellom anna inn for ei avvikling av olje- og gassnæringa innan 2032, fossilfrie bilar frå 2020 og innføring av ein kjøttfri dag i offentlege kantiner.

Forslaga har allereie fått sterke reaksjonar.

MDG

Une Bastholm og Rasmus Hansson er nasjonale talspersonar i Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Men kva med politikken utanom klima og miljø? Partiet vil ikkje kalle seg sosialistisk eller liberalt, og seier dei er opne for samarbeid med alle parti, utanom Frp.

–​ Korleis kan vi då vite kva partiet står for, som ikkje omhandlar miljø?

– Vårt viktigste mål er å ta vare på framtida. Vi har ein ansvarleg flyktningpolitikk, er leiande på rusfeltet, er opptekne av skulepolitikk og vil skape dei arbeidsplassane vi skal leve av i framtida, seier Hansson.

Landsmøtet denne helga vedtok eit omfattande program. Med mange forslag knytt til klima og miljø, men naturleg også andre politikkområder. Her er sju saker som møtet debatterte og vedtok:

1. Vil tillate eggdonasjon

Gravid mage
Foto: Robert Schlesinger / NTB scanpix

Miljøpartiet Dei Grøne vil oppheve forbodet mot eggdonasjon og opne for at par som tek imot eggdonasjon også skal kunne nytte sæddonasjon. Partiet gjekk ikkje inn for surrogati.

2. Kortare arbeidsdagar

Sofagris.
Foto: Colourbox.com

Landsmøtet stemte for å redusere tida vi brukar på jobb frå 37 til 30 timar i veka. Målet er å gi folk meir fritid og redusere forbruket. I forslaget går partiet inn for redusert arbeidstid som erstattar auke i realløna.

3. Ja til dobbelt statsborgarskap

Siri Wiig pass
Foto: Petter Larsson / NRK

No vil også Miljøpartiet Dei Grøne tillate at personar har to statsborgarskap. Tidlegare i år har også Høgre og Frp gått inn for det same forslaget. Frå før har SV og Venstre fronta dobbelt statsborgarskap.

4. Omsetning av milde rusmiddel

Hasjrøyking i skam
Foto: NRK

Tidlegare har MDG vore for eit prøveprosjekt med regulert omsetning av cannabis, no vil dei ha ei utgreiing om kor vidt regulert omsetning av milde rusmiddel kan vere godt skadeførebyggjande tiltak

5. Brukarstyrt personleg assistanse

Illustrasjonsbilde rullestol
Foto: Bø, Gro / SCANPIX

Å gjere det lettare for menneske med nedsett funksjonsevne å delta i arbeidslivet er eit anna mål for dei grøne politikarane. Dette kan gjerast gjennom brukarstyrt personleg assistanse.

6. Ja, men litt nei til NATO

Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg
Foto: JOHN THYS / Afp

Miljøpartiet vil halde på norsk medlemskap i NATO. Samtidig vil partiet arbeide for at forsvarsalliansen held seg til fredlege konfliktløysingar og forsvar av medlemslanda. Partiet ynskjer mindre av militære operasjonar i utlandet.

7. Avvikle midlertidig opphald

Asylmottak på Torshov - mottak for mindreåringe - 200 gutter
Foto: Stein J. Bjørge / Aftenposten

Regjeringa har auka bruken av midlertidig opphald for einslege mindreårige asylsøkjarar. Miljøpartiet vil vrake heile ordninga. Dei vil sikre vidaregåande utdanning til dei som bur i Noreg, sjølv om dei er utan papir.

AKTUELT NÅ