Hopp til innhold

Oljeministeren: – Ein utopi og katastrofe

Olje- og energiminister Terje Søviknes meiner oljeforslaget frå MDG er latterleg, og seier at partiet burde tenke på familiane til dei sysselsette i oljenæringa.

Landsmøtet Fr.P 2017

UTOPI: Olje- og energiminister Terje Søviknes frå Frp meiner det er totalt urealistisk å fase ut norsk olje og gass på 15 år. Han vil at vi skal leve av olje i generasjonar framover

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Fredag gjekk Miljøpartiet Dei Grøne inn for å skjerpe tidsramma for ein utfasing av norsk olje og gass innan 15 år. Det var ungdomspartiet som kjempa fram saka og fekk gjennomslag på landsmøtet på Lillehammer.

Olje og energiminister Terje Søviknes frå Framstegspartiet reagerer kraftig på eit forslag han kallar totalt urealistisk.

– Dette er rein utopi. Ei styrt avvikling av olje- og gassverksemda på 15 år er rett og slett galskap, seier han til NRK.

TOMMEL OPP: Det er ingen tvil om at Terje Søviknes vil halde fram med oljeboring.

– Ei katastrofe for Noreg

Ministeren meiner det vil vere ei katastrofe for Noreg om ein skal avvikle olje og gass innan 15 år.

– Ei katastrofe for velferda og komande generasjonar seier han.

Søviknes trekkjer fram familiane til dei sysselsette i oljenæringa.

– Miljøpartiet burde tenke på dei 200.000 som er sysselsett i næringa og deira familiar.

Vil leve av olje i generasjonar framover

– Har ikkje Noreg mål i Parisavtalen som vi må nå?

– Jo, og vi skal nå dei måla for Noreg sin del. Men det miljørørsla gløymer er det internasjonale perspektivet. Alle seriøse scenario som er utarbeida for framtida viser at vi skal ha ein betydeleg del olje og gass i generasjonar framover, seier Søviknes.

Miljøpartiet De Grønne i forkant av landsmøtet

FORSVARAR POLITIKKEN: Talsperson i MDG Une Bastholm forsvarar oljeutfasinga på 15 år, sjølv om ho stemte imot på landsmøtet.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

MDG: – Det er for familiane vi gjer dette

Nasjonal talsperson og førstekandidat frå Oslo, Une Bastholm, tek kritikken med ro.

– Det er ikkje noko nytt at miljøpartiet og Søviknes står for kvar sin politikk.

På spørsmål om ho tenkjer på dei sysselsette i næringa og deira familiar svarar ho at det er for deira del at miljøpartiet ynskjer endring.

– Vi vil ha ei politisk planlagt utfasing av oljeindustrien, i staden for å risikere at marknaden enda ein gong endrar seg raskt og 50.000 plutseleg vert arbeidsledige.

– Er det realistisk å få til på 15 år? Du stemte jo sjølv for ei avvikling på 20.

– Det er jo fire år sidan vi snakka om utfasing på 20 år, så det er nærmast naturleg å forvente 15 år no. Og så må vi ta inn over oss at Europa og marknaden for eksport av olje og gass endrar seg. Vi har vedtatt ei gradvis utfasing av olja på 15 år, det burde ikkje overraske nokon

AKTUELT NÅ