Hopp til innhold

Vil kvitte seg med olja innan 15 år

NRK (LILLEHAMMER): Miljøpartiet Dei Grøne skjerpar tidsramma for utfasing av olje og gass og vil ha kvitt den fossile næringa allereie innan 15 år.

Rasmus Hansson og Une Bastholm

UT MED OLJA: Om 15 år er ikkje Noreg lenger ein oljenasjon, om MDG får viljen sin. Forslaget fekk fleirtal sjølv om sentralstyret stemte imot, her ved talsperson Rasmus Hansson og Une Bastholm,

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Frå tidlegare har Miljøpartiet Dei Grøne stått for ein frist på 20 år for utfasing av olje- og gassindustrien i Noreg.

No er partiet utolmodig og skjerpar tidsramma til 15 år.

Forslaget frå Grøn Ungdom fekk gjennomslag på landsmøtet i Lillehammer fredag, trass i at både sentralstyret og programkomiteen ville behalde den opphavlege teksten med 20 år som utgangspunkt.

– For fire år sidan gjekk vi til val på å fase ut olja innan 2033. Det er ingen grunn til at vi skal ha lågare ambisjonar no. Det hastar å få utsleppa ned, seier Anna Kvam, talsperson i Grøn Ungdom.

Leiar i Grøn Ungdom Anna Kvam

UTOLMODIG: Ungdomspartiet Grøn Ungdom fekk fleirtalet med seg på å gå inn for utfasing av olje- og gassnæringa innan 15 år. Talsperson Anna Kvam var nøgd med resultatet.

Foto: Helle Gannes

Det var altså dei yngre kreftene i partiet som vanv fram. Dei la vekt på ambisjonsnivået i Parisavtalen frå 2013.

– Vi må halde temperaturstigninga under 1,5 grader. Det betyr at verdas utslepp må synke drastisk allereie i løpet av neste stortingsperiode. Da må vi allereie no førebu oss på ei verd som kjem til å etterspørje stadig mindre olje, seier Kvam.

Ungdomspartiet ville ikkje risikere å ha ein mindre ambisiøs politikk enn AUF.

– AUF vedtok nyleg på sitt landsmøte at dei vil fase ut olja innan 2035, to år før oss. Det er ingen grunn til at vi skulle ha lågare ambisjonar, sa Ivar Arnesen, nestleiar i Grønn Ungdom sitt fylkesstyre i Oslo.

Laster Twitter-innhold

Forslag om å skjerpe punkt om forbruk og produksjon av fossilt brennstoff, fall. Blant dei var forslaget frå mindretalet i programkomiteen om at 10 prosent av bilane i distrikta skal vekk innan 2030, i tillegg til at biltrafikken i storbyane skal reduserast med ein tredel innan 2030.

Partiet vil heller arbeide for å redusere biltrafikken i storbyområda med 20 prosent i løpet av neste stortingsperiode.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT