NRK Meny
Normal

No må dei forsvare oljeforslaget dei stemte imot

Miljøpartiet går inn i valkampen med ein meir radikal oljepolitikk enn tidlegare. Dei to talspersonane stemte imot, no må dei forsvare avvikling av oljenæringa innan 2032.

Une Bastholm og Rasmus Hansson på landsmøtet til miljøpartiet dei grøne

STEMTE IMOT: Dei to talspersonane Une Bastholm og Rasmus Hansson i MDG stemte imot forslaget om ei nedfasing av olje- og gassnæringa på 15 år, men i valkampen vert dei frontfigurar for standpunktet.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Fredag gjekk Miljøpartiet Dei Grøne inn for å skjerpe tidsramma for ein nedfasing av norsk olje og gass innan 15 år. Det var ungdomspartiet som kjempa fram saka og fekk gjennomslag på landsmøtet på Lillehammer.

Partileiinga stemte imot

Både programkomiteen og sentralstyret ville behalde kravet om 20 år som utgangspunkt for nedfasing av olje- og gassnæringa. Nasjonal talsperson i partiet, Une Bastholm, stemte imot og er overraska over resultatet.

– Grunnen til at vi var skeptiske er fordi vi allereie er dei mest radikale i dette spørsmålet på Stortinget og det einaste partiet som står for denne politikken så tydeleg, seier ho.

Bastholm fryktar at standpunktet skremmer potensielle nye veljarar.

– Eg tenkte at 20 år var ambisiøst nok for folk, og trur ikkje det er dette som er det som skal til for å få fleire til å vurdere å stemme MDG.

Argument frå dei som støtta forslaget var blant anna at miljøpartiet fronta ei nedfasing på 20 år før førre stortingsval, altså måtte det vere logisk å justere ambisjonsnivået fire år etter. Det var også viktig for Grøn Ungdom å gå føre AUF, som har gått inn for ei nedfasing innan 2035.

Vil forsvare forslaget

Sjølv om Bastholm stemte imot, seier ho at ho stolt vil fronte standpunktet i valkampen.

– Eg er stolt av standpunktet fordi det er basert på dei forpliktingane vi har globalt om å ta vår del av klimaansvaret.

Anna Kvam, som fronta forslaget på vegner av Grøn Ungdom, er også førstekandidat i for miljøpartiet i oljefylket Rogaland. Ho er tydeleg på at ho har ein jobb å gjere for å fronte politikken i heimfylket.

– Det vert nok ei utfordring, men eg ventar ikkje at dei som er redd for eller har mista jobben innan oljenæringa ser til meg først. Det vert ein viktig jobb for meg dei neste månadane å reise rundt og fronte politikken vi står for, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger