Hopp til innhold

Sjekk svenskane si Skam-vêrmelding

Skam-feberen har spreidd seg ut over landegrensene for lenge sidan. No har også vermeldarane i Sveriges Television blitt smitta.

SVT forteller hvordan påskeværet blir nå som Skam 4 er i gang

Jannicke Geitskaret har vore vêrmeldar SVT.

I den aktuelle vermeldinga melder Sveriges Televisjon-vermeldar Jannicke Geitskaret om regn og sol i Sverige på kav bergensdialekt. Både introduksjonen og bruken av ord, uttrykk og musikk er utan tvil er inspirert av den norske suksesserien.

Geitskaret er fødd og oppvaksen i Åsane utanfor Bergen, men har jobba som vêrmeldar i Sveriges Television sidan 2004.

Sana

Sana Bakkoush, spelt av Iman Meskini, har hovudrolla i sesong 4.

Foto: NRK

Ein enorm suksess i utlandet

«Skam» har ikkje bere hatt enorm suksess i heimlandet, også utanfor våre landegrenser er interessa stor.

Klippa som ligg på NRK sin nettspelar kan berre sjåast frå dei nordiske landa, men vert likevel spreidde på nettet for eit større publikum i oversett utgåve.

Måndag 10. april klokka 13.28 kom første klipp frå sesong 4 av den populære NRK-serien.

Denne gongen er det Sana Bakkoush, spelt av Iman Meskini, som har hovudrolla. Klippet som avslørte nettopp dette, vart raskt eit bevis på at interessa for den norske serien framleis er formidabel.

Skam, sesong 2

Den fjerde og siste sesongen av suksesserien er i gong.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ