Hopp til innhold

Siv Jensen: – Frp gjekk ikkje til val på klimasaka

Bompengeopprøret og klimaskepsisen er stor i Framstegspartiet. Men Frp gjer likevel mykje for klimaet, meiner partileiar og finansminister Siv Jensen (Frp)

Frp-leiar Siv Jensen

KLIMA: Finansminister og partileiar Siv Jensen (Frp) meiner dei har ein bilpolitikk som er bra for både folk flest og miljøet.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Bompengar og klima ser ut til å bli ei av hovudsakene i lokalvalet til hausten. Denne våren har tusenvis av ungdommar gått i klimastreik, medan vaksne har protestert mot bompengar. I mange kommunar har det kome eigne lister som går til val på å fjerne bomringar etter lokalvalet til hausten.

Bompengeopprøret gjorde at det blei kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte i Frp. Dei blei samde om ei liste på seks punkt som dei ønsker å forhandle vidare om i regjering. Partiet hadde håpa at dei skulle ha vore i hamn med desse forhandlingane før sommaren, men no kan det sjå ut som om dei må vente til rett før valkampen startar for alvor.

– Bilen er viktig for Frp

Bompengeopprøret og klimasaka blei tema då finansminister og partileiar Siv Jensen (Frp) gjesta Politisk kvarter torsdag. Der fekk ho spørsmål om kvifor partiet kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte etter bompengeopprøret, og ikkje då ungdommar streika for klima.

– No gjekk ikkje Framstegspartiet til val på klimasaka slik sett. Vi har vore veldig tydelege på at vi ønsker at bilistane skal ha gode vilkår over heile landet. Det har vore viktig for Framstegspartiet så lenge vi har eksistert som parti, sa ho.

Siv Jensen og Sylvi Listhaug ankommer Frps partikontor på Karl Johan

Frp heldt ekstraordinært landsstyremøte i juni for å diskutere bompengesaka. Det resulterte i seks punkt dei vil forhandle med dei andre regjeringspartia om for å få ned bompengesatsane.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Men sjølv om partiet vil bompengane til livs, meiner Jensen dei gjennom regjeringssamarbeidet har bidrege til mykje positivt for klimaet.

– Vi har lagt til rette for ein klimavennleg politikk i dei store byane, blant anna gjennom el-bilpolitikken. Det blir seld fleire elbilar enn nokon gong tidlegare, og utsleppa går ned.

Kva er viktigast for landet? Å få ned bompengane eller å få ned klimagassutsleppa?

– Begge deler. Frp har i regjering forplikta seg til å få ned klimagassutsleppa. Vi får utsleppa ned ved å endre bilparken, ved at det blir seld fleire låg- og nullutsleppsbilar enn nokon gong tidlegare. Det har vi gjort fordi vi har sett ned avgifter på bilar. Det er god musikk i Frps øyre, og det er god klimapolitikk.

Klimaskepsis

Samtidig er det mange i Frp som seier dei ikkje trur menneskeskapte klimaendringar er ein trussel. Tidlegare i juni skreiv Filter Nyheter at fleire profilerte Frp-arar og lokale listetoppar er klimaskeptikarar.

Jensen meiner det ikkje er eit problem.

– Politikken til Framstegspartiet slår fast at vi anerkjenner klimaendringar, og at vi må gjere noko for å få ned klimautsleppa. Difor jobbar vi systematisk i regjeringa for å gjere det, men spørsmålet er kva verkemiddel vi brukar for å få det til.

Korleis trur du klimaskepsis påverkar viljen til å godta bompengar for å få ned utsleppa?

– Vi er veldig klare på vårt eige program. Våre lokale tillitsvalde som går til val denne hausten veit at dei må følge partiprogrammet vårt, og at vi må følgje den regjeringsplattforma vi regjerer på bakgrunn av.

AKTUELT NÅ