Meiningsmålinga er utført av Norstat på vegner av NRK, Vårt Land og Dagbladet.
Alle endringar sidan valet er innanfor feilmarginen.
Meningsmåling oktober 2025 Hvordan ville Norge stemt?
Parti | Oppslutning | Endring |
---|---|---|
−1,8 ↓ | ||
−0,4 ↓ | ||
+2,0 ↑ | ||
+1,4 ↑ | ||
−0,1 ↓ | ||
−0,2 ↓ | ||
+0,1 ↑ | ||
+0,2 ↑ | ||
−0,7 ↓ |
Partimåling fra Norstat for oktober 2025 med 1001 spurte. Sammenlignet med resultatet i stortingsvalget i 2025.
Valforskar Johannes Bergh seier meiningsmålinga tyder på at veljarane foreløpig ikkje har ombestemt seg.
– Det er eit stabilt bilde som ligg tett opp mot valresultatet, seier Bergh.
Som i valet, har partia på venstresida eit klart fleirtal i målinga.
– For Arbeidarpartiet tyder trenden på at dei i alle fall ikkje går meir fram. Her går dei litt tilbake, men det er innafor feilmargin, seier Bergh.
Dei partia som har peika på Støre som statsminister ville fått 90 stortingsplassar, 2 fleire enn i valet.
– Den endringa er i hovudsak fordi Kristeleg Folkeparti endar under sperregrensa, seier Bergh.
Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere
Parti | Antall politikere | Endring |
---|---|---|
Venstresiden: 90 | ||
12 | 3 ↑ | |
10 | 1 ↑ | |
49 | -4 ↓ | |
10 | 1 ↑ | |
9 | 1 ↑ | |
Høyresiden: 79 | ||
3 | -4 ↓ | |
3 | 0 → | |
30 | 6 ↑ | |
43 | -4 ↓ |
Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling oktober 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.
Etter valet varsla Erna Solberg at ho skal gå av som Høgre-leiar etter nyttår.
– Høgre går litt fram, men 2 prosentpoeng opp frå valet er nok ikkje noko dei vil vere nøgde med. Frp er framleis klart dominerande på borgarleg side, og gjer ei god måling, seier Bergh.
Halvparten spurt før statsbudsjettet
Norstat har intervjua 1001 personar mellom 13.- og 18. oktober.
Ap-regjeringa har fått mykje kritikk den siste veka på grunn av at dei, i sitt forslag til statsbudsjett, har fjerna ordningar som dei gjekk til val på.
– Omtrent halvparten er spurt før regjeringa la fram forslaget til statsbudsjett på onsdag. Etter det har det vore mykje politisk bråk. Det kan påverke kva folk ville stemt, men det er ikkje sikkert det er fullt ut fanga opp her, seier Mads Motrøen i Norstat.
Men Motrøen seier det er få enkeltsaker som fører til varige endringar hos veljarane.
– På kort sikt kan vi ofte sjå endringar etter slik støy, men så bles dei fleste saker over, med mindre dei blir veldig store. At Senterpartiet gjekk ut av regjering og Jens Stoltenberg gjorde comeback er eksempel på ei stor sak som skapte varig endring, seier Motrøen.