Siv Jensen om bompengedramaet: – Ambisjon om løysing i august

Frp-leiar Siv Jensen tek ferie utan bompengeløysing, men satsar på semje i regjeringa i august. Dermed må veljarar som er leie av bompengar vente fram til valkampen startar.

Frp-leiar Siv Jensen

Frp-leiar Siv Jensen summerer opp den politiske våren 2019.

Foto: Terje Haugnes / NRK

For fyste gong er Frp-leiar Siv Jensen tydeleg på når ho tar sikte på å ha ei løysing i bompengestriden.

– Min ambisjon er å ha dette klart så raskt som mogleg i august, seier Frp-leiar Siv Jensen om bompengeforhandlingane mellom partileiarane på ikkje-sosialistisk side.

– Vi har sett oss ned med dei andre regjeringspartia for å sjå på korleis vi kan få ned bompengebelastninga i det ganske land, for det er ganske dyrt, seier ho.

Vårens store bompengeopprør har tvinga fram krav frå grasrota i Frp om gjennomslag i bompengepolitikken.

Det førte til at landsstyret til Framstegspartiet 5. juni vedtok ei liste på seks krav om bypakkar og bompengar. Men regjeringskameratane KrF og Venstre var kjapt ute med å sable ned forventningane til store sigrar.

Tek bladet frå munnen

Før landsstyremøtet meinte fleire Frp-toppar at ei bompengeløysing måtte komme før sommarferien, men etterpå har dei gitt partileiinga arbeidsro til å forhandle vidare.

Partileiarane har vore uklare på om og når det vil bli ei avklaring på det nokon kallar samtalar og andre kallar forhandlingar.

Men no seier Frp-leiaren til NRK at ho satsar på å få det til så fort som mogleg i august.

Jensen seier ho har god og jamn dialog med sine eigne fylkesleiarar for å orientere dei om framdrift og for å få tilbakemelding og synspunkt tilbake.

– Vi står saman om ein ambisjon om å redusere kostnadane for vanlege folk, seier ho.

– Ein krevjande vår

Jensen vedgår at det har vore ein krevjande vår for Framstegspartiet.

Éin ting er bompengesaka. I tillegg starta semesteret med at tre toppolitikarar i Frp gjekk etter kvar sin skandale: Statsråd Tor Mikkel Wara og stortingsrepresentantane Ulf Leirstein og Mazyar Keshvari.

Valekspertar har kalla det historiske mannefallet for «oppsiktsvekkande» og «unikt» i norsk og internasjonal samanheng.

– Det har vore mange vanskelege saker. Men slik er det å vere politikar i Noreg, ein må tole at det stormar litt, seier ho.

– Støyen påverkar meiningsmålingar

– Vi blir sett i ei knipe når slike saker oppstår, det er ikkje noko å lure på. Derfor er eg veldig tydeleg på at folk må oppføre seg og ta ansvar for sine gjerningar, seier Jensen.

Ho peikar på at Frp har tusenvis av andre folkevalde rundt i landet som er «ordentlege, hardtarbeidande folk».

Likevel har mange veljarar dei siste månadane sagt at dei heller vil stemme på Folkeaksjonen Nei til bompengar.

Har desse sakene påverka fallet til Frp på meiningsmålingane?

– Eg trur summen av all støyen verkar inn på meiningsmålingane. Det er bra at veljarar seier frå og forventar at vi skal levere meir. Ikkje minst gjeld det bompengesaka. Eg skjønar at mange veljarar synest det begynner å bli for dyrt, seier Jensen.

Peikar på gjennomslaga

Ho viser til at Frp ikkje har fleirtal i Stortinget til å gjere som dei helst skulle gjort – finansiere all vegbygging over statsbudsjettet.

Samstundes er Frp-leiaren oppteken av dei mange gjennomslaga dei faktisk har fått i regjering, og lister opp:

– Det er ny rekord i tildeling av sjukeheimsplassar, ei tilskotsordning vil få kjøkenet tilbake til sjukeheimane, og vi har gjort mykje for å styrke politiet. Det går bra i norsk økonomi, og vi har ikkje hatt lågare arbeidsløyse på mange år. Berre i år skal vi opne 100 kilometer med ny motorveg, og meir av vegbygginga blir finansiert over statsbudsjettet, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger