Hopp til innhold

Senterparti-topp opnar for SV-samarbeid

Per Olaf Lundteigen utelukkar ikkje eit regjeringssamarbeid mellom Senterpartiet og SV. Men med Høgre ynskjer han ikkje noko som helst samarbeid.

Per Olaf Lundteigen

Per Olaf Lundteigen er klar på at han ynskjer ei Ap/Sp-basert regjering, men lukkar ikkje døra for SV.

Foto: Eivind Molde / NRK

Leiaren for Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, har vore klokkeklar på at han ynskjer ei Sp/Ap-basert regjering.

Men Per Olaf Lundteigen, Senterparti-politikar frå Buskerud med ei fartstid på nær 20 år på Stortinget, meiner at Vedum sitt ynskje ikkje skal føra til at det blir danna eit inntrykk at partiet har lukka døra for SV.

– Det skal ikkje gjera det, seier han.

Avskriv ikkje SV-samarbeid

Lundteigen seier hovudpoenget er at partiet vil ha ei ny regjering.

Får Senterpartiet og Arbeidarpartiet fleirtal i valet, kan det skipast ei regjering som har fleirtalet i Stortinget bak seg.

– Om det ikkje blir fleirtal for ei Sp/Ap-basert regjering må vi diskutera om det er klokast å ha ei mindretalsregjering, eller ei fleirtalsregjering med SV, seier Lundteigen.

Ut frå meiningsmålingane ser det ut til at Sp og Ap ikkje vil få fleirtal åleine.

Meningsmåling juni 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med april 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.2% (endring: +0.5
SV: 7.8% (endring: +0.8
AP: 24.1% (endring: +0.8
SP: 17.7% (endring: +0.6
MDG: 3.7% (endring: -0.2
KRF: 3.6% (endring: +0.2
V: 2.7% (endring: -0.2
H: 23.0% (endring: -1.7
FRP: 10.2% (endring: -0.9
Andre partier: 3.2%
Utført av Norstat 26 mai.–11. juni11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Sp-veteranen meiner eit regjeringssamarbeid med SV er ei reell problemstilling å diskutera.

– Det er ikkje aktuelt å gå i regjering med nokon av dei noverande regjeringspartia. Det er ikkje aktuelt med Raudt eller MDG. Det er eitt parti vi snakkar om, og det er SV, seier han.

Samstundes presiserer han at eit eventuelt samarbeid med SV må diskuterast når valresultatet ligg på bordet.

Kva som er fordelane og ulempene ved ei fleirtalsregjering, og med ei mindretalsregjering, det kjenner Lundteigen til etter eit langt liv i politikken.

– Det er ein vanskeleg og krevjande situasjon som krev kløkt og klokskap, seier han.

– Vaksinert mot Høgre

Leiaren for Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, har derimot vore tydeleg på at han ynskjer Ap-leia regjering saman med SV og Sp.

Arbeiderpartiets leder Jonas Gahr Støre

Leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Det er det alternativet som har best utsikter til å få fleirtal. Det ser ut som veljarane peikar på det alternativet som det beste til dagens regjering, har han tidlegare uttalt.

Audun Lysbakken, partileiar for SV, har sagt at han ynskjer samarbeid både med MDG, Raudt, Ap og Sp, anten i regjering eller utanfor.

Audun Lysbakken under forhandlingane om pensjon 19. november 2020.

Leiar i Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Heile poenget med å danna ei sentrumsregjering og halda SV utanfor, vil vera å kunna samarbeida med Høgre om viktige saker. Det er vi i mot, seier Lysbakken.

Lundteigen meiner det viktigaste no er å få skifta ut regjeringa.

– Senterpartiet er vaksinert mot Høgre. Skikkeleg vaksinert, seier han og legg til at Vedum er misforstått om samarbeid med Høgre i saker.

Avgjerande for budsjettvedtak

Dersom Senterpartiet og Arbeidarpartiet skal få gjennom eit statsbudsjett på Stortinget, må dei ha fleirtal.

Sp-leiar Vedum kan altså bli avhengig av å gå til andre parti i Stortinget for å få støtte til statsbudsjettet.

Vedum har ikkje villa svara på om SV kan bli ein budsjettpartnar.

Audun Lysbakken (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jonas Gahr Støre (Ap) i forbindelse med enighet om trygdeoppgjøret.

Audun Lysbakken, Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre då dei tidlegare i år blei einige om trygdeoppgjeret.

Foto: Mats Rønning / NRK

Lysbakken seier til NRK at når Vedum ikkje vil snakka om eventuelt samarbeid med SV, er det «store svarte holet» i Senterpartiet sitt regjeringsopplegg, i og med at partiet nettopp kan bli avhengige av SV si støtte.

– Det er klart det at om du har ei mindretalsregjering, så er du avhengig av å få fleirtal i Stortinget. Ikkje minst er det viktig i samband med budsjettet. Dette er viktig sak som må liggja i skåla, seier Lundteigen.

AKTUELT NÅ