Hopp til innhold

Rekordsal: Korona gav norsk kjøpefest

Aldri har vi nordmenn handla meir på nett enn sist fredag. Årets Black Friday slo alle rekordar, viser tal frå både Klarna og Vipps.

Pakkekaos på postterminalen i Bergen

Illustrasjonsbilete.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Den internasjonale handelsdagen Black Friday vart i år, som mykje anna, påverka av koronapandemien.

I forkant bad Folkehelseinstituttet nordmenn om å jakte på tilbod på nett, heller enn i fysiske butikkar. Den oppmodinga kan det verke som at norske forbrukarar har teke på alvor.

For aldri har det vorte handla så mykje på nett på ein enkeltdag nokosinne i Noreg som på Black Friday, ifølgje tal frå nettbetalingsløysinga Klarna.

Totalt netthandla nordmenn nesten 50 prosent meir under årets «Black Week» enn dei gjorde i fjor. I hovudstaden var salsauken størst, viser tala frå Klarna, som blir brukte av 7.100 norske nettbutikkar.

Netthandelsrekordar

Marknadsdirektør Thomas Elvestad i Klarna Noreg meiner at netthandelsveksten har komme for å bli. Han viser til at også eldre i større grad enn før handlar på nett.

– Shoppingrapporten vår viser at meir enn 8 av 10 nordmenn oppgir at dei vil handle meir på nett når pandemien er over. Det viser med all klarleik at dette er litt meir enn ein mellombels auke på grunn av ein heilt spesiell situasjon, seier Elvestad til NRK.

Også betalingstenesta Vipps kan melde om salsrekordar i år. Omsetninga i netthandelen med Vipps auka med totalt 132 prosent under årets «Black week» samanlikna med i fjor.

Betalingstenesta Nets hadde på si side «massiv auke» i netthandelen under Black Week – unntatt på sjølve Black Friday. Då var det ein nedgang på 41 prosent frå fjoråret, noko selskapet seier er fordi at tilbodsjakta no blir spreidd over fleire dagar.

Totalt auka salet til Nets med 3 prosent i Black Friday-veka i år, samanlikna med i fjor.

Vi vil framleis gå i butikken

Eit nedstengt land og ein smittsam pandemi har ført til eit oppsving i netthandelen i år. Så langt i år viser tal frå SSB ein vekst i norsk netthandel på meir enn 30 prosent.

– Ein vil handle i fred og ro utan å utsetje seg for farar i samband med smitte, seier leder Gerhard Anthun i Virke e-handel til NRK.

Han kallar årets vekst i netthandelen ekstrem, og seier Black Week-utviklinga vore parallell med årets vekst.

Samtidig trur ikkje Anthun at nordmenn er ferdig med å handle i fysiske butikkar. Virke forventar ein vekst på 15 prosent i netthandelen neste år.

– Vi trur ikkje at den veksten vi har opplevd i år, den veksten vil vi ikkje oppleve vidare på same måte. Men veldig mange fleire ser fordelane med netthandel, og fleire vil bruke det som ein salskanal hyppig framover, seier Anthun.

Ingjerd Blekeli Spiten

Ingjerd Blekeli Spiten i DNB.

Foto: Privat

Også fysisk kortbruk auka

For ikkje alle følgde Black Friday-råda frå FHI i år. Også fysisk kortbruk, altså når kortet har blitt brukt i fysiske butikkar, auka med 8 prosent gjennom Black Week, viser tal frå DNB.

Omsetninga for kortbetaling med BankAxept i butikk auka med 9 prosent, ifølgje Vipps.

Ifølgje DNB har forholdstalet mellom fysisk handel og netthandel halde seg stabilt. Det er overraskande, meiner sjef for personmarknad Ingjerd Blekeli Spiten i DNB.

– Andelen netthandel steig frå 17 prosent til 18 prosent i år. Det betyr at fysisk handel framleis var det klart mest populære valet, seier Spiten til NRK.

Tal frå DNB viser ein auke i den totale kortbruken under Black Week på 15 prosent samanlikna med fjoråret, medan sjølve Black Friday vart den mest populære handledagen.

– Folks kjøpekraft er større under korona

Forskingsleiar Arne Dulsrud ved Oslo Met seier at veksten i Black Week-handelen tyder på at nordmenn har meir pengar å rutte med i år enn tidlegare:

Arne Dulsrud

Forskingsleiar Arne Dulsrud i Sifo.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

– Det viser at folks kjøpekraft er større no under korona enn tidlegare. Fordi vi ikkje bruker pengar på reiser og sånne ting, seier Dulsrud til NRK.

Han trur oppgangen i netthandelen kjem av koronapandemien, og at koronatiltaka til regjeringa har verka som ein driver for netthandelen.

– Vi kjem til å sjå ein auke i netthandel, men ein del vil gå tilbake til butikk. Det å handle i butikk har andre funksjonar, det har ein sosial funksjon. Eg trur den auken er ekstraordinær i år som følgje av korona, men at han ikkje vil auke endå meir enn i år, seier Dulsrud.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger