Hopp til innhold

Ventar du på pakke i posten? No er det «høgtid» for postsvindel

Mange nordmenn ventar på ei melding eller ein e-post om å hente ein pakke som er bestilt. Både PostNord og Posten åtvarar mot svindlarar som vil lure deg.

Mye pakker på postterminalen i Bergen

JULEPRESANGAR: Fleire av oss har bestilt årets julepresangar på nett i år. Det gjer at posthyllene er fulle av pakkar, noko svindlarar utnyttar.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Marit Solveig Nedrebø frå Bygstad i Sunnfjord kommune er ein av dei som ventar i spenning på julepresangar og andre pakkar i posten. Ein dag i november tikka det inn e-postar frå både Posten og PostNord.

– Det stod at det var ein pakke på veg til meg, men for at eg skulle få han, så måtte eg betale 27 kroner ved å trykke på ei lenke.

Nedrebø tenkte at det var ein julepresang, og at avsendaren hadde betalt for lite porto.

– I farten kan det vere lett å la seg lure, for det såg ganske profesjonelt ut, seier ho.

E-postane frå både PostNord og Posten var identiske, til og med pengesummen var lik. Då forstod Nedrebø at det var svindel og at e-postane kom frå nokon heilt andre.

Svindel

SVINDEL: Denne e-posten kom i innboksen til Marit Solveig Nedrebø.

Foto: SKJERMDUMP

– Det er kynisk

Nordmenn har aldri handla så mykje på nett før, som det blei gjort under Black Friday i år. Det betyr fulle posthyller over heile landet, men også svindlarar som ser sitt snitt til å lure deg.

– Det er mange som ventar på ein pakke no. Då er det nok dessverre slik at svindelen treff nokon der ute, seier pressesjef i Posten, Kenneth Tjønndal Pettersen.

Han seier at Posten ikkje sender slike oppkrav på e-post som Marit Solveig Nedrebø fekk i innboksen sin.

Han meiner det har vore ekstra mykje av slik svindel i år, og at svindlarane blir meir profesjonelle.

– Eg synest det er veldig leit. Ein blir litt lei seg kvar gong vi høyrer om det. Det er kynisk, seier Pettersen.

Høgsesong for svindlarar

Vest politidistrikt har fått tips frå fleire andre som har fått falske e-postar frå post- og pakkeleverandørar. Dei åtvarar mot det dei kallar for «høgsesong for svindlarar».

Marit Solveig Nedrebø i Bygstad håpar åtvaringane gjer at færre vert lurte.

– Koronapandemien gjer nok at det blir sendt fleire pakkar i år når folk ikkje kan samlast like mykje. Då er det ekstra tragisk at dette blir utnytta av svindlarar, seier ho.

Marit Solveig Nedrebø

PAKKE: Marit Solveig Nedrebø fekk e-post frå svindlarar. Ho trudde først det var frå PostNord og Posten.

Foto: Oddleif Løset / NRK