Hopp til innhold

Reagerer på dobbel turnusteneste: – Stikk kjeppar i hjula for studentane

Medisinstudentar i utlandet må gjennomføre praksis i studielandet – og deretter turnus i Noreg. AUF og studentorganisasjonen ANSA ber om at regjeringa endrar reglane.

Helene Gyland, legestudent

FRUSTRERANDE: Det er utruleg frustrerande å bli ståande fast og ikkje få gå vidare med spesialistutdanninga like raskt som medisinstudentane som blir utdanna i Noreg. meiner Helen Gyland.

Foto: Privat

– Den norske staten vil jo gjerne at vi unge skal studere i utlandet, og så er det vanskeleg for oss å komme tilbake til Noreg. Eg meiner at den danske utdanninga er like god som den norske, så kvifor skal ikkje vi bli likestilte med dei norske studentane, seier Helene Gyland, medisinstudent i Odense i Danmark.

Gyland har eitt år igjen av studien, og skal gå gjennom eit års praksis ved danske sjukehus.

Men til liks med alle norske medisinstudentar som tek studium i utlandet, så blir ikkje praksisen ute godkjent av norske styresmakter. Når ho er ferdig godkjent lege i Danmark, må ho søkje om å få ta turnusteneste i Noreg.

Dette betyr at mange månader går med til å stå i kø for turnusplass før ho kan gjennomføre over eit års turnusteneste på eit norsk sjukehus. Først då får ho og andre utanlandsstudentar autorisasjon som lege i Noreg.

Ullevål sykehus

LEGEMANGEL: Det er stor mangel på legar både på sjukehus og i kommunane. Samtidig stampar fleire hundre ferdig utdanna legar i kø for å få norsk autorisasjon

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Slik har reglane vore sidan 2019 då innføring av ny spesialistutdanning gjorde at studentar må ta praksisteneste i utdanningslandet for å få autorisasjon og deretter ta turnusteneste LIS1 i Noreg.

– Det er legekrise i Noreg, og det er behov for oss som er utdanna i utlandet, og at vi raskt får brukt kompetansen vår i Noreg, seier Gyland.

Det er ikkje nok fastlegar eller legar på sjukehuset i landet.

Det er ikkje mange nok studieplassar i Noreg for å dekkje behovet for legar. Rundt 40 prosent av dei nyutdanna legane får utdanninga si i utlandet. Hundrevis av legar som er ferdig med utdanninga si, må bruke over eit år på ny turnusteneste i Noreg. Dette gjeld blant anna studentar frå Danmark,Storbritannia, Sverige, Portugal, Italia, Irland, Liechtenstein,Luxemburg og Malta.

Må endre reglane

Både AUF og ANSA reagerer på forskjellsbehandlinga.

Dei meiner det må bli slutt på at norske helsestyresmakter ikkje godkjenner siste del av legeutdanninga, altså praksisåret, frå nabolanda våre og andre EØS-land.

Dei ber regjeringa om å endre reglane for autorisasjon.

– Regjeringa må finne ei løysing som raskt gjer at desse får godkjenning i Noreg. Dei ferdigutdanna må sjølvsagt vere kvalifiserte for autorisasjon, òg om det inneber at dei må gå gjennom nokre ekstra kurs. Slik kan vi få endå fleire hender inn i Helse-Noreg, seier leiar i AUF Astrid Hoem.

AUF-leder Astrid Willa Hoem.

SLØSING: Dobbel praksis eit er sløsing både med ressursane til staten og med tida til studentane, meiner AUF-leiar Astrid Hoem.

Foto: Une Solheim / NRK

Sløsing

Dette er sløsing med ressursane til staten og med tida til studentane, meiner AUF og ANSA.

– Vi synest det er synd. Vi veit det er ein stor og pågåande mangel på legar. Og her har vi gode kvalifiserte kandidatar som er klare for å jobbe som legar i Noreg, men på grunn av byråkratiske system, tek det lang tid før dei kan bidra som medisinsk personell. Med denne mangelen, har vi som samfunn ikkje tid til å vente og la byråkratiet stikke kjeppar i hjula for studentane, seier ANSA-president Anna Handal Hellesnes.

Anna Handal Hellesnes, president i ANSA - Association of Norwegian Students Abroad - Samskipnaden for norske studenter i utlandet

BYRÅKRATI: ANSA-president Anna Handal Hellesnes meiner at studentane blir hindra av unødig byråkrati

Foto: ANSA

I Helse- og omsorgsdepartementet svarer statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt dette i ein e-post:

– Dei ulike EØS-landa har ulike system og krav til korleis utdanningsløpa er lagt opp for dei enkelte helsepersonellgruppene. Det varierer om dei enkelte landa har ein praksisperiode i etterkant av den teoretiske utdanninga før det blir gitt autorisasjon og rett til sjølvstendig virke. Noreg er bunden av EØS-regelverket, og det er ikkje i samsvar med EØS-regelverket å behandle landa ulikt, seier han.

Statssekretæren framhevar likevel at regjeringa i løpet av året vil vurdere ordninga med legestudentane frå Danmark.

Medisinstudentene håper at det blir ein endring for studentar frå fleire land.

Det er utruleg frustrerande at vi blir ståande fast og ikkje får lov til å gå vidare i utdanninga vår. Styresmaktene må godkjenne dei utanlandske praksisane som er like gode som den norske, slik at vi får jobbe vidare med spesialiseringa vår, seier medisinstudent Gyland.

Les også: Helseministeren får kritikk for mange utval

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger