Hopp til innhold

Hannah (29) vil bli fastlege – sit fast i søknadskø

Under halvparten av nyutdanna legar får koma i gang med yrkeslivet. Samtidig aukar legemangelen. – Paradoksalt, seier student i «praksiskø».

Hannah Brøyn Skuggevik

I FLASKEHALSEN: Hannah Brøyn Skuggevik er ein av fleire hundre grunnutdanna legar som ikkje får starta på spesialistløpet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

To år med pandemi har forsterka problema med å få tak i nok legar.

Mangelen på legespesialistar er dobla dei siste tre åra.

Samtidig står 150.000 nordmenn utan fastlege.

Les også Manglar åtte av ni legar til hausten: – Me må avlysa timar nesten kvar dag

Philipp Reichel, seksjonsoverlege Stord sjukehus

I Bergen puggar no medisinstudentar til siste eksamen, etter seks års utdanning.

Fleire drøymer om å bli fastlege, men får ikkje starta på neste obligatoriske etappe.

– Mange her i landet står utan fastlege, og då er det jo litt paradoksalt at det skal vera så vanskeleg å få utdanna seg ferdig, seier student Hannah Brøyn Skuggevik.

Ho vil bli fastlege.

For å spesialisera seg og få fast jobb som lege, må nyutdanna legar fullføra LIS1. Det som tidlegare blei kalla turnusteneste.

Dette er «læringsperioden» til legane.

Kvar LIS1-stilling i helseføretaka har hundrevis av søkjarar.

Hannah Brøyn Skuggevik
Draumen til Hannah Brøyn Skuggevik er å bli fastlege. Ei mangelvare i Noreg i dag.
Medisinstudent Hannah Brøyn Skuggevik med stetoskop
Ho har søkt LIS1-stillingar fire plassar på Sør- og Austlandet, men har ikkje fått plass.
Hannah Brøyn Skuggevik
Draumen om å bli fastlege i Arendal må difor venta. Ifølgje Legelisten.no er det sprengt kapasitet hos fastlegane der i dag.

– På vent

– Heile karrieren blir jo sett på vent. Eg må finna mellombelse løysingar og prøva å gjera meg meir attraktiv til neste runde, seier Skuggevik.

Ho er frå Tvedestrand, men studerer medisin ved Universitetet i Bergen. Og ho er sjeldan. Svært få medisinstudentar ser nemleg for seg ei framtid som fastlege.

.

Hannah Brøyn Skuggevik

SLUTTSPURT: Det nærmar seg siste eksamen på medisinstudiet for Hannah Brøyn Skuggevik. No fryktar ho at det tek lang tid for ho kjem seg vidare i utdanningsløpet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Ho og sambuaren har allereie kjøpt hus i Arendal.

– Eg må jo berre prøva å finna meg vikariat mellom søknadsfristane. Det er veldig uføreseieleg, og det er vanskeleg å planlegga familie, til dømes. Eg veit at mange blir gåande i vikariat med dårlege vilkår, seier ho.

Rundt halvparten av medstudentane til Hannah står i same situasjon. Dei blir sitjande fast i kø for å fullføra utdanninga si.

Frustrert

Medstudent Tonje Bjørnestad kan også tenkja seg å bli fastlege. No tek ho vikarvakter som sjukeheimslege medan ho fullfører medisinstudiet.

Ho har to barn på ti og eitt år. I gamal turnusordning hadde ho hatt fortrinn på turnusplass i Bergen, men no må ho kjempa mot hundrevis av søkjarar.

Tonje Bjørnestad

TUNGT: Tonje Bjørnestad seier legane må imponera for å få innpass.

Foto: Privat

Verken ho eller Skuggevik anar kva tid dei får koma i gang med spesialiseringa.

– Det er veldig frustrerande. Samtidig må ein gjennom tunge søknadsprosessar kvart halvår. Ein må imponera for å få plass. Eg har veldig lyst til å koma meg i jobb og få eit stabilt liv, men no er det mykje usikkerheit, seier ho.

Lærebok i medisin
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Ber styresmaktene om å vurdera legebehovet

Det er oppretta 200 nye LIS1-stillingar sidan 2019. Likevel er det hard kamp om plassane når dei blir lyste ut to gonger i året.

I fjor vår var det 1.240 søkjarar til 544 LIS1-stillingar.

Nesten halvparten av søkjarane fekk tilbod om stilling, ifølgje Helsedirektoratet.

– Ein er heilt avhengig av å ha gjennomført LIS1 for å utgjera ein viktig ressurs i helsevesenet, og det kjennest jo veldig frustrerande for dei legane som blir ståande utan plass. Det seier leiar Maja Elisabeth Mikkelsen i Norsk medisinstudentforeining.

Maja Elisabeth Mikkelsen er leder i Norsk medisinstudentforening

KAMP: Maja Elisabeth Mikkelsen seier studentar må sende mange søknadar før dei får napp.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Mange søkjer på stillingar i heile landet, og i snitt sender folk 16–17 søknader, seier Mikkelsen.

Ho meiner talet på LIS1-stillingar bør spegla legebehovet framover.

– Nett no finst det ikkje ei utrekning på kor stort behovet blir i framtida og kor mange me må utdanna. Talet på LIS1-stillingar og studieplassar må regulerast etter det behovet.

Fleire enn 450 søkjarar til få stillingar

Helse Fonna på Vestlandet er blant helseføretaka som to gonger i året må vurdera hundrevis av håpefulle LIS1-kandidatar.

Årleg tilset dei tre sjukehusa Haugesund, Stord og Odda 44 personar i LIS1-stillingar.

No i vår hadde dei 463 søkjarar. Dette er søkjarar som har sendt søknader mange stader.

Leiinga i helseføretaket er usikker på om dei har kapasitet til å fylla veldig mange fleire LIS1-stillingar.

– Eg kan ikkje på ståande fot svara på om vi burde ha dobla talet på plassar. Då risikerer vi ikkje å kunna gi dei den gode opplæringa dei skal ha, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Olav Klausen, administrerende direktør, Helse Fonna

USIKKER: Mangelen på legespesialistar er dobla dei siste tre åra. Olav Klausen, administrerande direktør i Helse Fonna, er ikkje sikker på om talet på plassar bør doblast.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Førebur kraftfulle grep

Helse- og omsorgsdepartementet har ingen planar om å auka talet på LIS1-stillingar.

– Me har stor tilgang på legar som utdannar seg i andre land. Talet på LIS1-stillingar er dimensjonert ut frå utrekningar på det framtidige behovet for legespesialistar, ikkje ut frå talet på søkjarar, ifølgje statssekretær Ole Henrik Bjørkholt (Ap).

Han viser til at det dei siste åra er det blitt oppretta 200 nye LIS1-stillingar, og at talet no er i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet.

– Medisinstudentar som ønskjer å bli fastlege, meiner det er eit paradoks at så mange blir ståande utan LIS1-stilling. Kor viktig er det å få utdanna fleire fastlegar og spesialistar no?

Når det gjeld fastlegeordninga, har denne gått frå vondt til verre. Regjeringa tek fastlegekrisa på største alvor og førebur kraftfulle grep for å sikra ei berekraftig ordning, meiner Bjørkholt.

I desember i fjor nedsette regjeringa ein helsepersonellkommisjon som skal vurdera behovet for personell og kompetanse fram mot 2040.