Etter eksamenskaoset sist måndag vart det fredag kjent at elevane i landet kan velje å annullere eksamen om dei ynskjer det.
Avgjerda vart kjend i ei pressemelding frå Utdanningsdirektoratet (UDIR).
For dei har det vore viktig å finne ei løysing som er «mest rettferdig for flest mogleg elevar», stod det i meldinga.
Elevar, lærarar og rektor ved Sonans utdanning i Oslo meiner UDIR no har oppnådd det eksakt motsette.
– Elevane som tok eksamen hos oss har ikkje ein standpunktkarakter å falle tilbake på, seier rektor ved skulen, Tine Spillberg.
Difor er heller ikkje annullering av eksamen rettferdig for dei, meiner ho.
Draumeutdanninga kan vere tapt
Ei av dei det gjeld for er 32 år gamle Malin Utne. Ho har sette livet sitt på pause for å få på plass eit vitnemål og studiekompetanse.
– Eg vil studere sjukepleie på Lovisenberg diakonale høgskule. Eg har jobba beinhardt for å få dei beste karakterane eg kan, for snittet på utdanninga er ganske høgt, seier ho til NRK.
Utne treng ein femmar i norsk for å ha høgt nok snitt til å kome inn på linja.
Då ho tok eksamen på måndag fekk også ho problem med pålogginga.
Malin Utne (32) seier ho har sett livet på pause for å kunne ta fag på Sonans.
Foto: Terje Haugnes / NRK– Eg fekk beskjed om at eg skulle få att dei 30 minutta eg mista og med det få dei fem timane som var sett av til eksamen. Men det fekk eg ikkje.
Utne seier ho hadde planlagt arbeidet med eksamen nøye og at det vart travelt då ho plutseleg fekk beskjed om at det berre var 30 minutt til ho måtte levere.
– Eg trudde eg framleis hadde ein heil time. Eg trur den tapte halvtimen gjorde at eg gjekk ned to karakterar.
– Dei har ikkje det same valet
Omtrent 800 elevar ved Sonans tok eksamen i norsk hovudmål måndag.
Dei nytta dei same systema som landets vidaregåande skular og hadde også problem med pålogginga.
– Me kartlegg framleis kor mange av elevane som fekk gjennomført eksamen. Nokon fekk starta etter ein times tid, andre etter tre, fire timar, seier rektoren.
– Med dei timane dei hadde krav på?
– Nei. Det var fleire som ikkje fekk dei timane dei har krav på. Eksamenstida vart betrakteleg kortare for dei, svarar Spillberg.
Mange av elevane på Sonans tek eksamen for å få generell studiekompetanse, slik at dei kan kome inn på høgare studium til hausten.
Andre tek eksamenar på nytt for å få ein betre karakter.
– Dei har betalt for å gå her og har øvd til eksamen i eit år. No kan det vere fleire som ikkje kjem inn på høgare utdanning grunna dette. Dei har ikkje det same valet som elevar på vidaregåande skular, seier Spillberg.
Sonans har difor kontakta UDIR og kravd ny eksamen for alle privatistelevane.
Rektor ved Sonans, Tine Spillberg.
Foto: Terje Haugnes / NRKMogleg med ny eksamen til hausten
I ein e-post til NRK skriv direktør i UDIR, Morten Rosenkvist, at dei vurderar å tilbode privatistane ny eksamen i faget til hausten.
– Dei kan også bruke ordinær søknadsordning om annullering, står det i e-posten.
Men for nokon av elevane, som Malin Utne, er ikkje ny eksamen til hausten bra nok.
– Eg kan ikkje vente til hausten på ein ny moglegheit på eksamen. Eg treng dei karakterane no, sånn at eg har dei til opptaket som skjer til hausten.
Det dei treng no er ein ny eksamen, meiner 32-åringen.
– Eg hadde møtt opp i morgon. Me fortjener ein fair sjans, seier ho.