Hopp til innhold

Prisvekst og høge straumprisar kan få konsekvensar for lønnsoppgjeret

Dei høge straumprisane førte til ein kraftig prisvekst i 2021, viser tal frå SSB. Det kan få konsekvensar for lønnsoppgjeret til våren, seier arbeidstakarorganisasjonane.

Strømpriser

Høge straumprisar har gjeve stor prisvekst. No vil arbeidstakarane ha dette kompensert i vårens lønnsoppgjer.

Foto: Marius Helge Larsen / NTB

Denne vinteren har straumkundar i store delar av landet opplevd ein kraftig auke på straumrekninga. Dette viser seg også igjen på tala SSB presenterte måndag.

I desember steig prisane med 5,3 prosent samanlikna med året før. Dei høge straumprisane i vinter er den viktigaste grunnen til at den høge prisveksten det siste året.

Frå desember 2020 til desember 2021 har prisane på elektrisitet og nettleige dobla seg, ifølge SSB.

Når prisane stig raskare enn lønnsveksten, kan det få konsekvensar for lønnsoppgjeret til våren, varslar arbeidstakarorganisasjonen Unio. Dei jobbar framleis med krava dei skal fremme, men Unio-leiar Ragnhild Lied er klar på at prisveksten og komande rentehevingar kjem til å verke inn på krava.

– Vi treng ein reallønnsvekst. Ikkje minst med tanke på at offentleg sektor dei siste par åra har blitt hengande etter. Vi har eit enormt etterslep på lønn i forhold til dei aller fleste andre. I tillegg har vi ein pandemi bak oss, der belastninga har vore stor, seier ho.

Unio-leder Ragnhild Lied

Auka prisar og heving av renta førte til at mange fekk mindre å rutte med. Dette får konsekvensar for lønnskrava, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Foto: Helene Moe Slinning / Unio

Støtteordning ikkje nok

Også YS-leiar Erik Kollerud er klar på at prisveksten og dei høge straumprisane vil få konsekvensar for krava dei vil kome med i forhandlingane.

– Straumprisane er ein viktig del av den generelle prisveksten, og med det for krava i lønnsoppgjeret. I fjor blei vi einige om eit moderat oppgjer der vi heldt på kjøpekrafta. Foreløpig ser det ut til at vi har fått ein stor reallønnsnedgang. Det kan vi ikkje akseptere, seier han.

For å bøte på dei høge straumprisane, har regjeringa kome med støtteordningar. Laurdag utvida dei den opphavlege ordninga. Men kompensasjonen monnar ikkje nok, seier Kollerud.

– Levekostnadane er framleis høgare enn det vi venta i fjor, sjølv med kompensasjonsordninga. Det vil sjølvsagt ha noko å seie for oppgjeret, seier han.

YS-leder Erik Kollerud

Mange har fått mindre å leve av, sjølv med kompensasjon for høge straumprisar, seier YS-leiar Erik Kollerud.

Foto: YS Norge

Men Kollerud understrekar at arbeidsgjevarane ikkje skal kompensere dei auka levekostnadane aleine.

– Inntektene av straum går til statskassa, medan kostnadane går til hushaldningar og verksemder. Det er urimeleg at arbeidsgjevarane blir belasta for straumprisar dei ikkje har inntekt av. Difor er det avgjerande at staten kompenserer, seier Kollerud.

Ventar

Arbeidsgjevarorganisasjonen KS meiner det er for tidleg å seie noko om korleis oppgjeret blir denne våren. Dei viser blant anna til rapportar om lønnsutviklinga i 2021 som kjem seinare. Og så skal frontfaga i industrien forhandle. Resultatet her blir sett på som ei norm for resten av arbeidslivet, sjølv om det ikkje er fasiten.

Men forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø, bur seg på harde tak.

– Dei høge forventningane til årets tariffoppgjer frå Unio og fleire arbeidstakarorganisasjonar viser at vi må bu oss på krevjande forhandlingar til våren, skriv han i ein kommentar til NRK.

Forhandlingsleder Tor Arne Gangsø i KS

Forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø, bur seg på harde forhandlingar til våren.

Foto: KS

Han ber også arbeidstakarorganisasjonane tenke på korleis dei vil prioritere potten med pengar.

– Det er berre ei kake å fordele i kommunesektoren. Skal nokon få meir, må nokon få mindre.

AKTUELT NÅ